Barnetrygda må ikkje skrotast

Ein velferdsstat som berre støttar dei aller svakaste, er ein skrøpeleg velferdsstat.

BARNETRYGD: Barnetrygda har ein klar fattigdomsreduserande effekt, skriv Kjersti Toppe (Sp). Bjelland, Håvard

Debattinnlegg

Kjersti Toppe
Helsepolitisk talsperson og stortingsrepresentant (Sp)

BT vil skrote barnetrygda og hevdar at universelle ytingar har gått ut på dato( leiar 4/11-16). Eg er usamd. Barnetrygda bidreg vesentlig til rett fordeling i samfunnet. Barnetrygda har ein klar fattigdomsreduserande effekt.

Å bevare ordninga som ei universell yting ,er difor viktig. Om barnetrygda hadde vore inntektsjustert, kunne enno fleire barnefamiliar blitt hjelpt. Fordelingsutvalet som leverte sin NOU i 2009 rekna med at om ein hadde justert barnetrygda med grunnbeløpet i folketrygda, ville 45 000 færre levd i fattigdom.
Dersom vi gjer alle tiltak mot barnefattigdom behovsprøvd og fjernar dei universelle ordningane, vil mange barnefamiliar felle utanfor og stå igjen med ingenting. Å målrette ordningar berre mot dei aller fattigaste, kan bidra til enno fleire fattige barnefamiliar . Ein velferdsstat som berre støttar dei aller svakaste, er ein skrøpeleg velferdsstat.

Eit system for "dei fattige" kan lett bli eit "fattig system". Det er rett at barnefamiliar har fått betre ordningar dei siste åra med tanke på billigare barnehage og skulefritidsordning. Men kva med tenåringsforeldra, som i dag får barnetrygd fram mot 18 års-dagen? Er dei heller ikkje verdig ei støtte? Trur nokon at barnefattigdom opphøyrer når barnet er ferdig på SFO?

Les også

Uenighet om barnetrygd i Høyre

Barnetrygda kom som eit reiskap for å fordele mellom familiar som har omsorgsansvar, og dei som ikkje har eit slikt ansvar. Den er ikkje eigna for å fordele mellom rike og fattige barnefamiliar. Skal ein fordele mellom rike og fattige barnefamiliar, må det skje gjennom skattesetelen, ikkje ved å byråkratisere eller behovsprøve barnetrygda.

Å skattleggje sjølve barnetrygda, er også eit forslag. Men det blir for meg eit paradoks. Barnetrygda kom jo i stand nettopp som eit alternativ til skattelette for barnefamiliar. I dag er det ingen mildare skattlegging av dei som har omsorgsansvar for mindreårige. Skatt og behovsprøving av barnetrygd har vore fagleg vurdert og forkasta ei rekke gongar , blant anna i NOU 1996: 13, Offentlig overføringer til barnefamilier, og av Fordelingsutvalget i 2009( NOU 2009:10). Generelt vil skatt på barnetrygd gi meir progressiv skattlegging blant barnefamilier enn i den øvrige befolkninga. Det er vanskeleg å sjå gode argumenter for eit slikt system.

I dag er det legitimt å snakke om at einslege bør kompenserast for deira relativt høgare utgifter til livets opphald. Men å gi ei handsrekning til familiar som har stort økonomisk ansvar for å oppdra barn frå 0 – 18 år, det tåler ein ikkje å høyre om, verkar det som. I debatten blir det nærast framstilt som at barnefamiliar er ein belastning for samfunnet og samfunnsøkonomien. Barnetrygda er for kostbar, kontantstøtta skal vekk, eingongsstønaden hindrar arbeidslinja.

Les også

Barnetrygden bør dobles

Dette blir feil. Både kvinner og menns fruktbarhet har hatt ein jamn nedgang sidan 2009. I dag er det fødselsunderskot i Norge. I 2015 var fruktbarheitstalet for kvinner på 1,73. Det er ein nedgang i forhold til 2014 og det lågaste talet sidan 1986. Å ta bort barnetrygda som ei støtte for alle, vil vel ikkje akkurat bidra til å snu denne utviklinga.

Uendra satsar i barnetrygda dei siste 10-12 åra har svekka barnetrygda si om-fordelande verknad. Dette har og bidrege til auka press på kompenserande ordningar i trygdesystemet, som igjen fører til å auke i problema med trygdefeller. Det bør difor ikkje vere tvil . Vi må halde på barnetrygda som ein universell ordning. Den må justerast i takt med lønnsveksten i økonomien framover.