Skjerm deg sjølv

Me treng vel ikkje å sjå på heile tilværet som eit forbetringsprosjekt.

Elin F. Styve er ikkje sikker på at sjølvhjelpslitteratur og motivasjonsforedrag alltid gjer situasjonen betre.
  • Elin F. Styve
    Leiar og forfattar av romanen «Sikkert ein klemmefamilie»
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Ho: Elskar du deg sjølv?

Ho viftar med ei bok i handa.

Eg: Nei, vettuka.

Ho: Men du må det. Elles kan du ikkje vera noko for andre. Du må elska deg sjølv først.

Eg: Er det ikkje nok å halda seg sjølv ut, på ein god dag?

Ho: Ikkje etter det eg har lest.

Eg: Men eg veit jo kor mykje dumt eg tenker og gjer. Slappfisk er eg og.

Ho: Ja ja, men det er det du skal elska!

Kva har ho lest, skal tru? Eit «ver snill med deg sjølv»-kapittel. Om at du skal omfamna alle dine feil og manglar, men samstundes jobba ustanseleg med å bli ei betre utgåve av deg sjølv.

Gje blaffen i kva andre meiner, og likevel tenka, trena, eta, fasta, jubla og begeistra deg fram til ein annan enn den du kjenner deg som i dag. Bli rå, og seia til deg sjølv: «Det er typisk meg å vere god under press», ifølgje ein norsk bestseljar på sjølvhjelpsmarknaden.

Korleis kan ein og same bransje klara fylla oss opp med alle desse paradoksa? Eg er heilt elendig under press. Det er typisk meg. Får eg lov å omfamna det, og berre overleva når situasjonen krev det?

Må eg bli ei betre, hardt pressa utgåve av meg sjølv? Eg kan jo prøva, det finst hyllekilometer av bøker og videoar med råd om kva eg må gjera. Men verkar dei?

Og han som kom og skulle oppmuntra oss då me kava på som verst i den gamle høgskulejobben min. Han drog publikum inn i sitt private liv og viste fleire bilete av seg og familien i vakre, duse omgivnader. Han snakka om eit liv i balanse, og hadde ei veldig vakker kone.

Sjølv var eg stressa, separert og sur. I delar av ein lang monolog merka han ikkje sjølv at han repeterte ordrett det han nettopp hadde sagt, og høgskulepublikummet vart urolege for han.

Me stod i midt i ein vanskeleg fusjon. Me merka at han ikkje visste noko om det. Visste han i det heile tatt kvar han var, eller køyrde han berre på repeat?

Les også

Svada, floskler og tomskap infiserer norske arbeidsplasser.

Sjølvhjelpslitteratur og motivasjonsforedrag kan på sitt beste vera positivt omveltande for folk. Enkelte bøker blir både trøyst og rettleiing for dei som treng å finna ut av til dømes søvn, mat, mosjon og trivsel. Nokre av dei er forskingsbaserte og har god kvalitet.

Men: På sitt verste kan banale råd ha same effekt som å be ein deprimert om å ta seg saman. Evna for den enkelte til å forbetra seg kan kjennast meir fråverande enn nokon gong, når tiltaka verkar så enkle at ein berre blir skamfull over ikkje å få det til.

Når karismatikaren på scenen ropar «just do it», og ikkje aner noko om det havet av avgrensingar og kompleksitet som den einskilde tilhøyrar opplever i sine liv. Kanskje går dei rett ut og tek eit oppgjer dei kjem til å angra på. Kanskje kjenner dei seg makteslause når dei ikkje klarar å gjera dei enkle grepa som lyser mot dei frå powerpointen.

Les også

Konflikt på jobben: – Mistenker at det er gnisninger mellom ansatte

Eg har kjent på kroppen kor store dilemma arbeidsgjevarsida kan koma i, i omstilling og endring. Og eg møter meg sjølv i døra rett som det er. Det er fort gjort å forenkla, formatera, bli stor i ord og søka kjappe løysingar. Av og til blir eg spurt av andre leiarar om eg har idear til kven som kan kome og snakka med dei tilsette om arbeidsglede.

Dei står i endringar, manglar folk og har mista litt piffen. Men kanskje er det ikkje eit foredrag dei treng då, men noko så krevjande som nær og ekte oppfølging? Å bli sett, å få brukt evnene sine.

Deling av gode og dårlege opplevingar dei tilsette i mellom, leiarar som viser seg sårbar og ikkje berre fortel suksesshistorier om seg sjølv, men også om nederlaga sine.

Januar er snart over, og tralten tar oss, heldigvis. Me blir vel verken betre eller verre enn me var i fjor. Love live laugh, jada, men me treng vel ikkje å sjå på heile tilværet som eit forbetringsprosjekt, med plan-do-study-act, til forbetringssirkelen går heilt i surr for oss.

Ho set boka frå seg i hylla.

Eg: Kva med å berre: La oss leve for kvarandre, og ta vare på den tid vi har?

Ein munter melodi klingar i bakhovudet mitt.

Ho: Ja, sikkert like greitt det. Eg er OK, du er OK.

Eg: På ein god dag.

Ho: På ein god dag, ja.

Publisert: