Gjer som trønderne

Eg saknar den offensive haldninga som trønderane viser når dei no samlar seg i ein region.

STORMAKT: Den nye Vestlandsregionen har potensial til å bli ein av dei mest vekstkraftige og framtidsretta regionane i Europa, skriv Magnus Helge Torvanger, som òg vil ha med Sunnmøre. Foto: Paul S. Amundsen

  • Magnus Helge Torvanger
    Florø
Publisert:

For første gang i nyare norsk historie har Vestlandet ein verkeleg sjanse til å samle kreftene sine politisk og på andre måtar. Denne sjansen må vi gripe!

Vestlandsfylka har så uendeleg mykje felles når det gjeld geografi, næringsliv og kultur. Skulle vi ikkje då kunne jobbe i lag under eit felles tak? Eg saknar den offensive haldninga som trønderane viser når dei no samlar seg i ein region.

Både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane høyrer heime i ein Vestlandsregion. Det gjer Sunnmøre også. Frå Jæren i sør til Sunnmøre i nord har vi mange av dei driftigaste og sterkaste næringsklyngjene i landet.

Den nye Vestlandsregionen har potensial til å bli ein av dei mest vekstkraftige og framtidsretta regionane i Europa. Vi er gode på fiske og fiskeoppdrett, shipping og skipsbygging, olje og gass, subseateknologi, energiproduksjon, reiseliv og mykje meir. Vi kan bli endå betre om vi samlar og samordnar kreftene.

Vi må leggje bak oss gamle motsetningar og lokaliseringsstridar. Vi må sjå framover – langt framover. Korleis vil vi at Vestlandet skal vere om 20, 30 eller 50 år? Og korleis skal vi oppnå det?

Ein viktig del av vår vestlandske kulturarv og identitet er det nynorske skriftmålet. Også her er tida inne for å tenkje nytt og fordomsfritt. At Vestlandsregionen bør få nynorsk som administrasjonsspråk, er ikkje unaturleg. Her bur trass alt dei fleste i Noreg med nynorskbakgrunn.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg