Difor får nokre kommunar meir barnehagepengar enn andre

Vi må sjå på ordninga som gjer at kommunar med lågt utdanningsnivå får mindre pengar til barnehagar.

Publisert Publisert

Nikolai Astrup (H) forklarer fordelingskriteria mellom kommunane. Foto: Reuters / Gonzalo Fuentes

Debattinnlegg

  • Nikolai Astrup
    Kommunal- og moderniseringsminister (H)
  1. Leserne mener

I ein leiarartikkel 20. februar ber BT meg om å endre inntektssystemet til kommunane.

Eg er heilt einig i at systemet må vurderast med jamne mellomrom, og at vi også må sjå på ordninga som gjer at kommunar med lågt utdanningsnivå får mindre pengar til barnehagar enn kommunar der utdanningsnivået er høgt.

Denne regjeringa har sørgt for at kommunane har fått ein auke på 30 milliardar i sine frie inntekter, noko som inneber at dei òg har fått meir pengar til barnehagar. Denne auken har òg nye Kinn kommune fått sin del av. Samstundes har eg behov for å forklare kvifor systemet er slik det er.

Les også

Kommunen hans taper millioner fordi innbyggerne har for lite utdanning

Barnehagar blir finansierte gjennom kommunane sine såkalla frie inntekter, der kommunane får det meste av inntektene sine. Midlane vert fordelte gjennom inntektssystemet.

Gjennom faglege analysar er ein komen fram til ei rekke objektive kriterium, som bidreg til å forklare kvifor dei faktiske kostnadane varierer mellom kommunane. Nokre kriterium vil trekke tilskotet til ein kommune ned, andre trekke tilskotet opp.

Målet med inntektssystemet er å setje alle kommunar i stand til å gje alle eit likeverdig tenestetilbod. Midlane kan disponerast fritt etter kommunen sine ønskje. Det er difor det totale tilskotet som er avgjerande for ein kommune, ikkje dei einskilde kriteria.

Eitt av kriteria er talet på innbyggarar med høgare utdanning i kommunen. Det viktigaste kriteriet for å fange opp variasjonane i kommunane sine utgifter til barnehage, er likevel talet på barn i kommunen.

Alle barn har rett til ein barnehageplass, men det er opp til foreldra sjølve å bestemme om dei vil sende barna i barnehagen. Det er og variasjon mellom kommunane kor lenge barna er i barnehagen.

Alt i alt varierer difor etterspørselen etter barnehageplass frå kommune til kommune. Kostnadsnøkkelen må difor innehalde kriterium som kan forklare kvifor etterspørselen varierer mellom kommunar. Talet på barn utan kontantstøtte og utdanningsnivået i befolkninga forklarar, etter faglege vurderingar, dette best.

BT viser til at Kinn kommune «tapar» 4,5 millionar kroner i året, trass i at dei har høgare barnehagedekning enn snittet. Når ein ser på dette kriteriet åleine, kan systemet verke urimeleg for Kinn. Alle foreldre treng ein barnehageplass like mykje – uavhengig av utdanningsnivå.

Men så er det slik at midlane til barnehage er ein del av det totale rammetilskotet til kommunane, og sjølv om eit kriterium trekker tilskotet ned, kan andre kriterium trekke i motsett retning. Samla sett får Kinn eit tillegg på 37 millionar kroner fordi dei ligg over landsgjennomsnittet.

No har eg forsøkt å forklare kvifor systemet er slik det har vore i mange år. Når det er sagt, har eg sjølvsagt ikkje gifta meg med det systemet.

Dette er årsaka til at regjeringa med jamne mellomrom ber om ein fagleg gjennomgang av dei ulike kriteria, og det er naturleg at vi har ein slik gjennomgang om ikkje så altfor lenge.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg