Mange av oss i Åsane har alt eit tunnelsamband

Vi er ikkje interesserte i ein somletrikk. Vi vil bli ført raskt til sentrum.

FLØYFJELLSTUNNELEN: Vi i Åsane vil ha ein – kall det gjerne trikk – som raskt fører oss til sentrum og gjerne med raske samband vidare til andre bydelar, skriv Arnfinn Seim. Knut Strand (arkiv)

Debattinnlegg

Arnfinn Seim
Pensjonert universitetslærer, UiB

I eit innlegg 21. september karakteriserer Ola B. Siverts frå Arkitektgruppen Cubus Bybanen som «en akkurat passe somlete trikk». Denne trikken ser det ut som han synest det er koseleg å ha ruslande i sentrum og på Bryggen.

Men det er det vi i Åsane ikkje er interesserte i. Vi vil ha ein – kall det gjerne trikk – som raskt fører oss til sentrum og gjerne med raske samband vidare til andre bydelar.

Bergens byområde består ikkje berre av eit koseleg sentrum, men også av vidstrekte ytterområde som treng raske samband, uansett om mange snakkar entusiastisk om kompakt- og gåbyen Bergen.

Viktige kommunikasjonsårer treng ikkje pressast gjennom sårbare deler av den historiske byen. Interessant i denne samanhengen er at mange av oss i Åsane alt har eit tunnelsamband. Det går gjennom Fløyfjellstunnelen, bak Sandviken og Bryggen, direkte til Bystasjonen. Det tek fem-seks minutt frå Sandviken sjukehus og til Bystasjonen. Rute 300 frå Nordhordland, ruta til Haukeland Sjukehus og nokre andre ruter går her.

Desse rutene har suksess. Det kunne også ein bybane i tunnel inn til sentrum ha.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg