Treng du spenning i livet? Køyr Arna-Voss!

DEBATT: Vi treng politisk Plumbo i proppen mellom aust og vest.

Publisert: Publisert:

STENGTE VEIEN: KrF meiner at folk må få velje sjølve om dei vil drive med ekstremsport. Det einaste vi kan godta å spare på her, er talet på liv som går tapt, skriv Øygunn Leite Kallevik (KrF). Bildet viser ras på E16 ved Boge i 2015. Foto: Rune Sævig (ARKIVFOTO)

Debattinnlegg

Øygunn Leite Kallevik
Listekandidat for Bergen KrF

Kvifor prøve å nå Mount Everest ein gong i livet når du dagleg kan sjå døden i kvitauga på vegen mellom Arna og Voss? Den einaste vegen vi har for å frakte all produksjonen vår frå Bergen til Oslo.

Dersom du treng meir spenning, bør du satse på fredag ettermiddag. Då får du sjanse til å opphalde deg ekstra lenge i Arnanipatunnelen; tunnelen som har kravd flest liv på denne strekninga.

Eller du kan gjere som mange andre: Køyre i racerfart rundt Takvam eller Garnes. Folket her gler seg stort til fart og moro heile fredagen, ikkje minst ungane. Dei slepp i tillegg å vere ute og leike.

Om du driv med tungtransport, er Bergensbanen stengt så ofte at det ikkje alltid vil løne seg å sende godset med tog. Då er det smartare å køyre om natta.

Du må rett nok rekne med å lempe store steinar ut av vegen dersom det skulle ha gått eit lite steinsprang. Og kanskje kjem det meir stein. Faren er at dette ikkje blir rapportert til dei som har ansvar for tryggleiken, men køyr på!

Vi forstår jo at kviletida ikkje tillèt at du tar ei jordomsegling rundt Nordheimsund. Reelle omkøyringsvegar mellom Bergen og Oslo finst som kjent ikkje.

FÅ SPADEN I JORDA: Ei skikkeleg oppgradering av vegane på Vestlandet har knapt vore gjort sidan krigens dagar, skriv Øygunn Leite Kallevik (KrF). Foto: Privat

Om du tør å ta blikket vekk fra vegen, kan du nyte naturen på det som i 2018 vart kåra til Noregs verste veg. Sjølve hovudfartsåra mellom dei to største byane i landet.

Er du heldig, gjer du det fem dagar i veka medan familien din kjenner på angsten når du ein uvérsdag er fem minutt for seint heim frå jobb. Det er jo trass alt 41 andre som aldri kom heim.

Og når vegen er rasande og har vist det med over 300 ras?

KrF meiner at folk må få velje sjølve om dei vil drive med ekstremsport. Det einaste vi kan godta å spare på her, er talet på liv som går tapt. Ei skikkeleg oppgradering av vegane på Vestlandet har knapt vore gjort sidan krigens dagar. No er det på høg tid at vi tek ansvar for eigen nasjon og legg til rette for den trafikktryggleiken som neste generasjon fortener å vekse opp med.

Vi treng politisk Plumbo i proppen i det viktigaste knutepunktet mellom Bergen og austlegare makter. Bergen KrF jobbar for og står fast på at bygging av K5, ny veg og bane mellom Arna og Voss (Stanghelle), må startast som planlagt, seinast 2021. Inkludert firefelts veg mellom Arna og Trengereid.

Få spaden i jorda der den høyrer heime. Og det så snart som mogeleg.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg