Det er ikkje forholdet mitt som gjer meg kjip. Eg er berre kjedeleg.
Til alle som ventar på at eg skal kome ut av hola mi og bli meg sjølv igjen. Det skjer ikkje.
- Hedda KursethStudent og journalist i Studvest

De veit den venen som ikkje er med ut lenger, aldri er med på nach og som aldri svarer på meldingar? Høyrast kanskje alvorleg ut, psykisk vanhelse eller noko slikt.
Ingen fare. Det er berre venen som har fått seg kjærast. Eller enda verre, sambuar.
Å planlegge med denne venen er ikkje lett. «Eg kan kanskje ta ei øl neste torsdag etter klokka 17, men eg må berre høyre om vi har middagsplanar eller ikkje». Som om ikkje alle skal ete middag torsdag neste veke.
Vi kan ikkje lenger henge til helga heller. Då har dei lova kjærasten at dei skal vere i lag, berre dei to. Dei har byrja å sjå ein ny serie i lag, og å sjå ein episode kvar for seg er ei synd verre enn utruskap. Og la oss ikkje byrje å snakke om brettspel. Der det er eit par, er det eit brettspel.
Om denne venen mot alle odds skulle ha tid til ein halvliter i helga, er det riktig nok med sambuaren på kjøpet, sjølv om du eigentleg berre vil henge med venen din. Litt som på barneskule då ein fekk besøk av naboen og veslesøstera alltid måtte vere med.
Når blei venane dine så kjedelege? Det er ikkje lenger mogeleg å berre kjøpe ei billeg steikepanne frå Clas Ohlson. Kvart kjøp er eit steg nærmare det einaste målet i livet – fullstendig etablering. Denne steikepanna burde dei investere litt i – dei skal jo trass alt lage middag saman kvar einaste dag heile resten av livet. Skal dei velje teflon igjen, eller skal dei velje ei med avtakbart handtak?
Men det skal vere sagt. Eg er ein slik ven.
Og eg veit eg er dårleg på å vere spontan. Eg svarar knapt på meldingar, og du finn meg også sjeldan på nach.
Men har det eigentleg skjedd noko godt mellom klokka to og fire? Dårleg dansing til eit lite fengande indieband som nokon nyleg har oppdaga, etterfølgt av ein kald, lang veg heim med fortrulege samtalar med ein halvgod studieven.
Dette slepp eg no. Og eg elskar det. Endeleg har eg ein grunn til vere mykje heime, lage mat og sitte i sofaen. Åtte timar søvn kvar einaste natt og ikkje eit minutt over klokka 23 i vaken tilstand. Billege tulipanar frå Kiwi til helga og kanskje prøve ut ei ny oppskrift frå ein Insta-kokk. Meir spenning enn det treng eg ikkje.
Det er ikkje forholdet som gjer meg slik, og ikkje dårleg innflytelse frå kjærasten heller. Det er slik eg er.
Til alle som ventar på at eg skal kome ut av hola mi og bli meg sjølv igjen. Det skjer ikkje. Det er akkurat no eg er meg sjølv. Beklagar til alle venane mine for at eg ikkje ringer lenger, og at de ikkje kan spørje meg for syttande gong om tinderfyren som har slutta å bruke emojis.
Men det er ikkje forholdet mitt som gjer meg så kjip – eg er berre kjedeleg.
Det blei forresten to nye steikepanner frå Kitch’n med avtakbart handtak. Slitesterk og stablevennleg.
Innlegget blei først publisert i julekalenderen til studentavisa Studvest.