Slik endra eg syn på norsk narkotikapolitikk

Ein gong aksjonerte eg mot hasjrøykjande ungdommar. No meiner eg narkotika må avkriminaliserast.

VIL HA AVKRIMINALISERING: I 2015 mista Knut Røneid sonen sin. Etter at sonen innrømte at han hadde røykt hasj ved sju høve, tok politiet frå han førarkortet. Skamma vart for stor. Han tok sitt eige liv. I dette innlegget tek Røneid eit kraftfullt oppgjer med norsk narkotikapolitikk.

Rune Sævig
  • Knut Røneid
    Tidlegare politmann, Luster

Kanskje vil nokon tru at eg gret for mi sjuke mor. Ja, eg har opplevd dødsfall i familien. Min 18 år gamle son tok sitt eige liv etter å ha mista lappen, som politiet tok frå ham fordi han innrømte å ha røykt hasj ved sju høve. Det plager meg kvar time og kvart minutt.

Men tidlegare var det eg som jakta på hasjrøykjande ungdommar.

Det er ein gong på 1990-talet, ein tettstad i Sør-Noreg. Nokre vekers spaning har avdekt bruk av narkotiske stoff, og det er handfaste opplysningar om at det vil bli brukt slike stoff av fleire personar, då desse skal treffast på ei kjend adresse.

Det vert bestemt å aksjonere.

Avgjerder vert innhenta av rettssystemet, slik at formalitetane er i orden. Mannskap vert kalla inn, ekstraløyvingane er alt på plass. Dei aktuelle personane vert overvaka. Her skal ein ha kontroll på trafikken til og frå adressa.

Aksjonen er i gong. Alle menn og kvinner kjenner sine oppgåver, og som troll ut av øskja er me inne i det aktuelle husværet. Alle utgangsdører og vindauge er kontrollerte av politifolk, som passar på at ingen prøver å stikke av eller kaste ut narkotika.

Personane inne i husværet anar ingenting før dei ligg på golvet i handjarn. Dei vert frakta til arrest, framstilte for lege for blod- og urinprøvetaking. I tillegg blir husværa til alle involverte ransaka.

Resultat: Fire personar arresterte, tekne på fersken medan dei røykja hasj.

Les også

Les om artikkelforfattar Knut Røneid:- Kun den som har mistet et barn selv, kan vite hvor hjerteskjærende det er. Hvor fysisk sorgen kan være. Det er jækla tungt å leve med.

Dei innrømte at, jau då, dei hadde samlast for å høyre på Led Zeppelin og hygge seg med ein blås attåt, samt nokre øl.

Dei får kvar sitt førelegg etter avhøyr. Alle vert dimittert neste morgon.

Der kunne for så vidt historia ha enda, men i bilen på veg heim byrjar eg for første gong å tvile på det eg akkurat har vore med på.

Kva skade gjorde eigentleg desse fire karane?

Dei hadde samlast for å høyre på god musikk. Som tilbehøyr fyrte dei av kvar sin hasjblås, og så sat dei der, då. Dei høyrde på noko av det beste som er laga av rock, kosa seg med blåsen sin. Dei hadde det, vil eg anta, kjempebra.

I alle fall til dei låg med trynet i parketten med 200 kg politi over seg.

I AKSJON PÅ 1990-TALET: – I bilen på veg heim byrjar eg for første gong å tvile på det eg akkurat har vore med på. Kva skade gjorde eigentleg desse fire karane?

Arkiv

Mykje har skjedd sidan den gongen på 1990-talet. Eg har for lengst slutta i politiet. Og det kunne ikkje falle meg inn i halvsøvne å byrje der att heller.

Eg har for lenge sidan kome til den konklusjonen at norsk narkotikapolitikk er totalt feilslegen.

Det har ikkje vore ein enkel konklusjon å kome til. Det har teke fleire år.

Mantraet frå første dag i etaten, var at all bruk av narkotika var absolutt tabu. Dette vart innprenta omtrent frå første timen på Politiskulen.

Men uansett kor drita full ein kunne vere, vart det aldri prøvd narkotika. Det var OK å vere snydens på julebordet, så lenge du ikkje delte ein rev med ein kamerat og høyrde på Black Sabbath på stereoen. Det ville ha betydd slutten på arbeidslivet innan politiet.

Det var først litt utpå 1990-talet, på ein politistasjon på Austlandet, at eg for første gong trefte ein kollega som hadde eit litt anna syn på narkotikapolitikk enn vanleg var på den tida.

Han var av det som den gongen var ei radikal oppfatning, at narkotika burde avkriminaliserast, fordi dette ville ta botnen ut av mykje av vinningsbrotsverka som likevel nesten aldri vart oppklara. Det var opplese og vedteke at mykje av vinningsbrotsverka på den tida vart utførte av narkomane, som var ute etter lett omsettelege varer. Dei kronene som dei narkomane så fekk inn, brukte dei til å finansiere dopbruket sitt.

HVILESTED: Knut Røneid besøkjer sonen Kristoffers grav i Gaupne kvar dag. Her med Kristoffers bror, Håvard Røneid.

Rune Sævig

Litt utpå 1990-talet vart det skipa ei foreining som kalla seg Norsk Narkotikapolitiforening. Eg melde meg ganske så kjapt inn i denne foreininga, då eg tykte det var eit godt tiltak. Kampen mot narkotika var viktig. Me hadde vel ingen ungdommar å miste til denne forferdelege svøpa, som låg over landet vårt?

For det var det som var tanken: å beskytte unge og barn frå narkotika, nesten koste kva det koste ville. Eg tykte det var ein god ting å bruke dei «knappe ressursane» i politiet på, altså, å beskytte samfunnet mot den gifta som narkotika var og er.

At det også på den tida døydde atskilleg fleire av både tobakk og alkohol, ofra ingen ein tanke. Det var slege fast at narkotika var det desidert verste på jord.

Vinteren 2002/2003 byrja eg å søkje stillingar utanfor etaten, og i februar 2003 gjekk eg ut kontordøra på det lokale lensmannskontoret med ny livsglede. Rett nok hadde åra på lensmannskontoret på heimstaden truleg vore dei beste i heile politikarrieren, men å måtte jobbe til alle tider på døgnet vart spikaren i kista.

Les også

– Jeg vil ikke liberalisere cannabisbruk, men hvis politiet bruker loven som avskrekking, er ikke det greit

Etter kvart som åra gjekk og eg vart, tør eg påstå, klokare, endra også mitt syn på narkotika seg.

Var dette eigentleg den enorme samfunnsbyrda som me hadde vorte indoktrinerte med? Om det verkeleg var slik at narkotika var så viktig å kjempe mot, burde ein ikkje då vurdere å prøve noko nytt?

Frå dei første hasjrøykjarane og spede forsøka på psykedelisk dop her i landet på 1960-talet, hadde det vore opplese og vedteke at dette måtte det vere eit forbod mot. All bruk av narkotika er å rekne som misbruk, så sant det ikkje er skrive ut i samband med legebehandling. Morfin er eit døme på eit stoff som vert nytta både som rusmiddel og smertestillande legemiddel.

Uansett er det fleire tiår sidan dei første hasjgutane sat med reven sin og høyrde på Rolling Stones. Det er snart 50 år sidan Woodstock og hippietida.

Men på dei 50 åra har det aldri vore snakk om anna enn at dopbruk må straffast, og at politiet skal «ta» dei som brukar, omset og produserer narkotika.

Det har utvikla seg til ei lite pen heksejakt, der openbert sjuke menneske, som tunge narkomane trass alt er, vert jaga frå stad til stad i storbyane.

Eg hugsar sjølv at me hadde som målsetjing å plage dei som brukte stoff mest mogeleg.

POLITIJAKT: – Det har utvikla seg til ei lite pen heksejakt, der openbert sjuke menneske, som tunge narkomane trass alt er, vert jaga frå stad til stad i storbyane. Eg hugsar sjølv at me hadde som målsetjing å plage dei som brukte stoff mest mogeleg.

Rune Sævig

No i ettertid må eg seie at det var ein heilt hjelpelaus tankegang. Lite humant, og svært dårleg behandling av folk som hadde bruk for hjelp, ikkje straff. Eg er faktisk skamfull over å ha vore med på å behandle folk på ein slik måte.

Men på den tida visste eg ikkje betre. Eg var sikker på at dette vondet måtte ein slå hardt og nådelaust ned på.

Utover 2000-talet og inn i det nye tiåret, endra eg meir og meir oppfatning. Åra gjekk, og det var eigentleg ingenting som tyda på at problemet vart mindre. Skulle det brått verte slik at norsk politi ein dag kunne utbasunere «All narkotika er borte! Me har lukkast!»?

Nei. Skal me tru dei stadige klagesongane frå etaten og deira profesjonelle gråtekoner, er problemet minst like ille no, som det har vore sidan 1960-talet.

Og det er då ein burde spørje seg: Kanskje me skal prøve noko nytt?

Likevel er det lys i enden av tunnelen. Ting skjer. Stadig fleire både i og utanfor politiet snakkar no seriøst om ei omlegging av narkotikapolitikken. Kanskje me omsider skjønar at me har å gjere med til dels alvorleg sjuke menneske. Kvifor i all verda skal politiet, som ikkje er utdanna helsepersonell, ta seg av sjuke folk?

Dessutan: Å avkriminalisere narkotika vil også frigje store ressursar, som kan brukast til heilt andre og langt viktigare ting. Etaten klagar jo konstant på ressursmangel. Kva med å sjå på korleis midlane vert nytta?

RUSAVHENGNAD: – Problemet minst like ille no, som det har vore sidan 1960-talet. Og det er då ein burde spørje seg: Kanskje me skal prøve noko nytt?

Eirik Brekke

Det første ein bør gjere, er i det minste å tilby dei tunge brukarane eit verdig liv. Desse sjuke menneska må takast hand om av helsepersonell som kan sitt fag.

Dernest må me i det minste kunne tilby dei ein smule tryggleik. Å tilby tunge brukarar eit røykje- og sprøyterom burde vere lett å få til, samt å gi dei tilgang på reine sprøyter og betra hygiene.

Eg ser heller ikkje ein einaste grunn til at det skal vere straffbart å ta seg ein hasjblås. Det er ikkje snakk om legalisering, men om ei avkriminalisering, der politiet ikkje straffar vanlege brukarar.

«Men det er skadeleg å røykje hasj!» Ja, eg veit det. Men det er minst like skadeleg å drikke alkohol. Dessutan, skal me forby alt som er skadeleg? Då burde me i alle fall forby tobakk i dag.

«Ja, men alkohol har me då hatt i mange år!» Ja, eg veit det òg. Til det vil eg seie at opium har vorte nytta som rusmiddel i tusenvis av år. Cannabis har vorte nytta i 5000 år, og råstoffet til kokain, kokaplanta, har vorte nytta til rus i over 1000 år. Alder på rusmiddelet er såleis ikkje noko argument.

«Narkotika er forbode, og forbodet har hjelpt oss!» Nei. Etter 50 år med streng forbodslinje utan at narkotikabruken ser ut til å minke, så burde me forstå at her må andre tiltak nyttast.

Me har også ein svært dyster dødsfallstatistikk som følgje av narkotikabruk. Spør du meg, er det langt viktigare å hindre dødsfall, enn at hasjbruken aukar litt.

HØGE OVERDOSETAL:

Marita Aarekol

Det er ikkje snakk om legalisering, som er noko heilt anna enn avkriminalisering. Det verkar som om dei konservative trur at ei omlegging av narkotikapolitikken vil bety dopa folk på kvar kafé, og sanselause vrak i rennesteinen utanfor huset ditt. Nesten som på ein kvar countryfestival på 1980-talet, med det unntaket at då gjekk det berre i alkohol. I mengder.

Det var visst heilt OK.

I Portugal la ein om narkotikapolitikken rundt tusenårsskiftet. I åra som har gått, har landet vorte hylla for si avkriminalisering av bruk av narkotiske stoff. Der er det ikkje lenger straffbart å ta seg ein hasjblås eller litt partydop i helga. Ein må i staden inn til samtale med ein kommisjon.

Sal, dyrking og produksjon framleis er ulovleg.

Landet hadde før omlegginga ein svært stygg overdosestatistikk, ein av dei høgaste i Europa. I dag er den tvert om ein av dei lågaste, medan me her i Norge, som tviheld på den strenge forbodslinja, er i heilt andre enden.

Den portugisiske modellen er kanskje ikkje fullkomen, men den verkar til å fungere langt betre enn den norske. For la oss vere ærlege. Medan verda hyllar Portugal for den radikale omlegginga, og forskarar frå heile verda strøymer til Lisboa, er det aldri tale om at den norske modellen må takast i bruk i samanliknbare land.

Har me i det heile teke vorte rekna som eit føregangsland innan narkotikapolitikk?

Det er ting som tyder på at noko skjer, også innanfor etaten. Stemmer som ønskjer ein omlegging av narkotikapolitikken, kjem fram. Det hadde vore utenkjeleg då eg var tilsett i etaten. Dette er eit steg i rett retning.

Responsen frå forsvararane av den noverande politikken har vore akkurat som forventa: svært negativ og med openberr liten sans for dei nye tankane.

Det får no våge seg.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg