Gje meg ein visjon

Dersom juleønsket til Jens Kihl innfriast, kan ein risikere visjonslause ja-kommunar der politikarar og tilsette virrar rundt som hovudlause høns.

Publisert: Publisert:

HARSELAS: Diverre kjem ikkje Jens Kihl med eit einaste fundamentert argument for kvifor kommunar ikkje skal ha visjonar. Han serverer berre harselas og billege poeng om visjonar som er like føreseielege som julefeiringa. , skriv innsendar som er påtroppande rådmann i Voss herad. Foto: Brun, Thomas / NTB scanpix

Debattinnlegg

Arild McClellan Steine
Prosjektleiar og komande rådmann Voss herad

I ein kommentar i Bergens Tidende 11. desember skriv Jens Kihl at alt han ønskjer seg til jul er ein kommune utan visjonar. Han er særs kritisk til at kommunar skal ha visjonar og drar fram nokre døme på visjonar og verdiar som han meiner elendige. Kihl skriv «Og du veit korleis det er. Når rådmannen fyrst har invitert til rundebordsmøte om visjon, er det lett at det ballar på seg.

Plutseleg har du hamna i uløkka og sit der med nytt kommuneslagord og ein tre-fire nye kjerneverdiar i tillegg.» Diverre kjem ikkje Kihl med eit einaste fundamentert argument for kvifor kommunar ikkje skal ha visjonar. Han serverer berre harselas og billege poeng om visjonar som er like føreseielege som julefeiringa.

Men eg meiner juleønsket til Kihl ikkje bør innfriast. Då kan du plutseleg oppdaga at du bur i ein visjonslaus ja-kommune der politikarar og tilsette virrar rundt som hovudlause høns som alltid er einige med siste talar.

Les også

Ullent i Ullensvang

21. desember kunne me lesa på journalisten.no at BT aldri har hatt fleire abonnentar enn akkurat no. Dette er sjølvsagt gledeleg i ei tid der seriøst redaksjonelt arbeid stadig er i skotlinja. På bileta ser me hoppande glade journalistar som hyller sin sjefsredaktør. Redaktøren seier at det er mange årsaker til auken, men han fortset med: «Vi har blitt mer opptatt av journalistikk fra vårt eget område, og mindre opptatt av alt annet.»

I mitt hovud luktar dette som resultatet av strategiarbeid og eg leitar meg raskt fram til BT sin visjon og kjerneverdiar. Her ser eg at avisa sin visjon er «Vi skal engasjere og gi ny innsikt – hver dag!», med kjerneverdiane «uredd, engasjert og troverdig».

Kihl har i alle fall klart å engasjera meg, og eg vil tru at sjefsredaktøren meir enn ein gong har hatt visjonen i bakhovudet i arbeidet med å avgjera kva saker som skal vera med i avisa og ikkje, og til å bestemma vinklinga på dei sakene som blir med.

Arild McClellan Steine. Foto: Voss kommune.

Det er mange ting som skil ein kommune og ei avis. Sjølv om ei avis held fana om samfunnsoppdraget høgt, mellom anna å verna om ytringsfridomen og å vera ein av grunnpilarane i eit demokratisk samfunn, har den til sjuande og sist eitt enkelt mål: å selja aviser for meir pengar enn det kostar å laga den slik at eigarane blir glade.

Ein kommune har fire ulike roller og eit mykje breiare oppdrag. I tillegg til å vera lovforvaltar og utøva mynde er ein kommune tenesteprodusent som leverer over 200 ulike tenester til dei som oppheld seg i kommunen. Kommunen er òg den viktigaste premissleverandør for å utvikla lokalsamfunnet. Dette er store og komplekse oppgåver som må løysast gjennom demokratiske arenaer, ofte med divergerande syn og interesser.

Sjølvsagt må visjonen og strategiane til ein kommune då utformast rundare enn i eit mediehus. Ein annan skilnad er at i ein kommune skjer alt i opne prosessar. Medan mediehuset Bergens Tidende sannsynlegvis arbeidde med sin visjon og kjerneverdiar i fred og ro utan ålmenta sitt kritiske blikk, må
ein kommune gjera strategiarbeidet i ein open og transparent prosess.

Både i BT og kommunane leikar ein med både gode og dårlege forslag før ein kjem fram til det ein vil satsa på. Før ein landar på ein god visjon, har ein vanlegvis forkasta mange dårlege, men det skjer ofte mykje positivt på vegen.
Sjølve prosessen får dei involverte til å reflektera over kven me er, kvifor me er her og kva me er her for. Slik sett er prosessen på mange måtar like viktig som sjølve visjonen/verdiane, men dette er sjølvsagt noko som er vanskeleg å måla.

Prosessen med å prøva og forkasta visjonar før ein blir einige fører til eit eigarskap til det endelege resultatet og dette fører igjen til større kraft bak visjonen når den er vedteken. Det at den kommunale prosessen skjer i det opne rom skapar sjølvsagt engasjement og mange meiningar frå innbyggjarar og kommentatorar i mediehus.

Ein får då prøvt ut idear og dette er bra for resultatet sin del, men dersom kommentarane latterleggjer og harselerer med forslaga fører dette berre til resignasjon og idetørke neste gong ein skal arbeide på denne måten.

Eg har sett litt for mange gonger at personar brenn inne med gode idear og forslag fordi dei er redde for å hamna i den offentlege gapestokken.

Les også

Hans Mjelva: - Snart vil dei einaste folka i norske bygder vere pensjonistar og feriegjestar.

Til liks med mediebransjen står norske kommunar i og framfor store endringar. Det er ikkje alltid lett for innbyggjarar, politikarar, leiarar eller tilsette å sjå dette. Då er det viktig at kommunen har ei ledestjerna som inspirerer til endring og gir retning. Jan Ketil Arnulf ved BI seier at ein visjon er eit mentalt bilete av framtida som på sitt beste gjer det meiningsfullt for medarbeidarar å gjere sitt beste på jobben.

Alle organisasjonar bør ha eit velfundert syn på moglegheiter og utfordringar i framtida. Visjonen summerer opp hundrevis av detaljavgjersler om framtida og skal motivera til å handla i riktig retning, sjølv om det personleg kan vera vanskeleg. Ein visjon koordinerer handlingane til alle dei tilsette på ein effektiv måte.

Sjølvsagt finst det visjonar som er gode og visjonar som er dårlege. I motsetnad til kommentatoren i BT, meiner eg at visjonen til ein kommune ikkje er dårleg fordi eg ikkje forstår den, men den er dårleg dersom politikarane eller dei tilsette i kommunen ikkje forstår den eller nyttar den. Det finst altfor
mange kommunar som spring der haren hoppar og som utan visjon og verdiar bøyer seg for enkeltinteressene som ropar høgast sjølv om det går på akkord med samfunnet sine interesser.

Eg ønskjer ein kommune som veit kva den vil og gjer det meiningsfullt for medarbeidarar å gjere sitt beste på jobben.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg