Viss alle skal bli direktørar, kven skal da tømme søppeldunken din?

Robotane har allereie teke over samfunnet. Dei har bachelorgradar.

MASSEPRODUKSJON: Universitet og høgskular masseproduserer økonomar og ingeniørar. Men viss alle skal bli direktørar, kven skal da tømme søppeldunken din? spør Aleksander Lie Alvær. Jan M. Lillebø

Aleksander Lie Alvær
Assisterende butikksjef og student

Samfunnet har blitt eit 100-metersløp i sakte film. Alle startar likt, alle byrjar i barnehagen, alle byrjar på grunnskulen, alle byrjar på studiespesialiserande linjer, og alle må skaffe seg ein høgare utdanning.

Det har blitt danna eit ideal som alle ungdomar føler seg pressa til å følgje.

Vi snakkar om at robotar snart kjem til å ta over for mennesket i arbeidslivet. Eg seier at dette har skjedd for lenge sidan. Desse robotane kjem i to utgåver: bachelorkandidat i ingeniørfag og bachelorkandidat i økonomifag.

Les også

Hvor blir det av tenkningen utenfor boksen?

Problemet er at desse robotane har blitt masseprodusert i nokre år no, så ein del av dei må resirkulerast på ein stad som heiter Nav. Der vert dei mellom anna sett til å vere kassemedarbeidar på Coop.

Akkurat dette yrket har av ein eller anna grunn blitt dratt fram som det aller verste ein kan bli i ein årrekkje no. «Viss du ikkje gjer det bra på skulen, endar du opp i kassa på Coop».

Dette har ført til ein frykt for å jobbe i butikk, som kanskje er ein av dei største arbeidsmarknadene. Men ein butikksjef ønskjer ikkje å betale meir for ein som har ein bachelorgrad i ingeniørfag, når han kan lære opp ein 18-åring til å gjere same jobben.

Så mange av desse bachelorrobotane blir sitjande heime, utan jobb. Ein belastning for samfunnet.

BEHOV: Samfunnet treng som folk som tømmer søppeldunkar, plukkar opp Starbucks-kaffikoppar og sikrar at kontora me sit i er i forskriftsmessig stand etter HMS-forskriftene, ikkje fleire bachelorgradar, meiner innsendar. Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Nokon av robotane ender derimot opp som direktør. Dette er visst det ypparste ein robot kan oppnå. Dei jobbar heile livet for å få denne tittelen, og når dei får den er dei kongar. For kva er alle dei andre ynkelege menneska til ein konge? Ein som herskar over alle sine arbeidstakarar med all makt.

Men problemet er at dette ikkje er nok. For det kan alltid bli betre, ein kan alltid bli rikare. For kva er ein konge til ein gud?

Ein gir seg ikkje før heile verda ligg ved eins føter. Til du har skjebnen til folket i di hole hand.

Stopp! Nok bachelorgrader. Ingen fleire fasitar på korleis ein skal leve. Graset vil alltid sjå grønare ut på andre sida. Det ventar deg ingen glede på toppen av bakken.

Sjølv om du er «direktør» skal du ikkje tru at nokon bryr seg om deg. Du skal ikkje tru du er noko av den grunn. Uansett kor høg lønn du har, skal du ikkje innbille deg du er betre enn oss. For kva er ein gud til ein ateist, som ikkje trur på nokon ting?

Kvifor skal vi føre dette forferdelege samfunnet, som openbart ikkje fungerer, vidare til dei neste generasjonane? Vi trengjer ein reformasjon av heile utdanningssystemet, og vi treng det no. I tillegg må vi stoppe å neglisjere yrke som er viktig for samfunnet.

Les også

Utdanning til ingenting

Les også

Alle treng ikkje doktorgrad

Viss alle skal bli direktørar, kven skal da tømme søppeldunken din? Kven skal sørgje for at kontora dine er i forskriftsmessig stand etter HMS-forskriftene dersom ingen blir vaktmeister, reinhaldsarbeidar, elektrikar eller røyrleggjar? Kven skal plukke opp Starbucks-kaffikoppen din etter du har kasta den på bakken?

Så til alle barn der ute: ikkje gjer som mora di seier. Ho har allereie blitt overvunne av denne galskapen, og råder deg nok til å kome deg på universitetet og skaffe deg graden din. Men for kva? Fordi alle andre gjer det?

Nei, det går ikkje. Lag din eigen sti. Skap din eigen skjebne. Men viktigast av alt: lev no.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg