Vi treng ikkje soningsavtalen med Norgerhaven

Kritikken som kjem frå fengselsleiarar, fengselspersonale og andre som arbeider i kriminalomsorga må tas på alvor.

NEDERLAND: I fengselet Norgerhaven Prison i Veenhuizen i Nederland har norske myndigheter kjøpt 242 fengselsplasser for langtidsfanger. Nylig forlenget Norge kontrakten med fengselet. NTB scanpix

  • Torfinn Langelid
    Bergen

Stortingsrepresentant Guro Angell Gimse (H) frå justiskomiteen omtalar innlegget mitt: «Regjeringa sviktar kriminalomsorga» i BT 12.desember som …en tendensiøs beskrivelse av forholdene i fengslene i Norge. Det å karakterisere personar som har eit anna syn enn ein sjølv som tendensiøs, er ein kjend hersketeknikk. Gimse tar ikkje kritikken som kjem frå fengselsleiarar, fengselspersonale og andre som arbeider i kriminalomsorga på alvor. Er dei også tendensiøse?

Alt det som står i innlegget ditt, Angell Gimse, kjenner eg til. Det er ikkje noko nytt for dei som er engasjert i kriminalomsorga. I dag har vi 400-500 ledige fengselsplassar. Soningskøer har vi hatt før, men kriminalomsorga greidde å løyse det utan bruke hundrevis av millionar kroner på å leige fengsel i utlandet. Gimse ser heilt burt frå den kritikken som har kome frå Sivilombodsmannen.

Les også

Før fangane tilbake

Eg har mykje meir tillit til ein uavhengig instans som Sivilombudsmannen som tek fram alvorlege kritikkverdige tilhøve ved fengslet i Nederland. Vern mot tortur og nedverdigande behandling i fengsla, trudde eg var noko av det viktigaste eit medlem av justiskomiteen arbeidde for.

Planar om alternative straffegjennomføringar kom i gang lenge før dagens regjering kom i posisjon. Arbeidet med oppfølging av innsette etter avslutta soning må starte med ein gong soningsopphaldet tek til. TAFU – tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og soning – fekk svært god evaluering av Arbeidsforskningsinstituttet i 2013. I budsjettproposisjonane for 2015 og 2016 gjekk regjeringa inn for at TAFU i Rogaland skulle vidareførast og utvidast til fleire stader i landet. Ingen ting skjedde. TAFU i Rogaland slit for å halde tiltaket i live.

Det står fast at alle dei millionane som blir kasta burt på fengslet i Nederland, kunne blitt nytta i Noreg til forbetringsarbeid i fengsla, fleire tilsette osv. Du stiller spørsmålet kva Ap, Sp og SV vil gjera i mellomtida. Det får du spørje dei om.

Eg har følgt norsk kriminalomsorg og norsk fengselsundervisning på ulike nivå sidan 1974. Utviklinga som skjer no, er ikkje til det gode for korkje fengselspersonale, innsette eller andre som arbeider i kriminalomsorga. Vi treng politikarar som er opptekne av det kvalitative, innhaldet i kriminalomsorga, og ikkje dei som er fanga av effektivisering og kalde økonomiske kalkyler.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg