Jyden frå Jammerbugt som vart verdskjent bergensar

Kven var den berømte romanfiguren Niels Klim? Språkprofessor Gunnstein Akselberg har reist til Danmark for å forstå meir av fyren.

ORIGINALEN: Ludvig Holbergs bok om Niels Klim i latinsk utgåve. Boka tilhøyrer UiB. Foto: Helge Skodvin

  • Gunnstein Akselberg
Publisert:

Romanen til Ludvig Holberg om Niels Klims underjordiske reise er framleis høgst lesverdig. Boka gjev allmenn kunnskap og innsikt. Internasjonale og nasjonale politiske tilhøve gjer romanen aktuell. Om du ikkje har lese boka før, gjer det no.

Første kapitlet er ein fest å lesa – særleg for bergensarar. Seinhaustes kan du kombinera Danmarks-turen med ein svipp innom landsbyen Klim. Det gjev romanen perspektiv.

Ludvig Holberg (1684–1754), ein av dei største norske forfattarane, vart berømt i Europa og i den internasjonale litteraturverda først og fremst med romanfiguren Niels Klim. Ikkje mange fiksjonsfigurar i norsk litteratur er så verdsberømte som den bergenske hovudpersonen i Niels Klims underjordiske rejse (1741).

Den litterære personen bergensaren Niels Klim ramla gjennom ei hole på toppen av Fløyen ned til ei underjordisk verd. Her gjorde han fantastiske og utrulege reiser. Etter mange år dukka han opp att gjennom det same holet på Fløyen, vart klokkar i Korskirken og døydde i Bergen i 1695.

FORFATTAREN SJØLV: Ludvig Holberg (1684–1754). Maleriet av LudvigHolberg, gjort av ukjent kunstnar, heng i Sorø Akademi i Danmark. Det er ein kopi av eit måleri av kunstnaren Johan Roselius. Foto: BT arkiv

Den historiske personen, jyden Niels Klim, vart fødd i landsbyen Klim, rett sør for den vêrharde havbukta Jammerbugten, i Hanherred, Nordjylland i 1620.

Han var presteson, vart klokkar i Korskirken i Bergen i 1665 og døydde i 1690. Landsbyen Klim er ikkje store staden, men landsbynamnet har sett varige spor i verdslitteraturen, i dansk-norsk kultur og i «bergensisk» lokalhistorie. Den historiske Niels Klim kom frå eit bygdemiljø med frodig folkekultur og dramatisk natur.

Les også

Over 60 forfattere fra Vestlandet gir ut bok i høst

«Niels Klims underjordiske rejse» er den einaste romanen til Ludvig Holberg. Han kalla den «Nicolai Klimii iter subterraneum» og er ein av dei tidlege romanane i europeisk historie.

Med latinsk tittel vart boka gjeven ut samstundes i den internasjonale bokbyen Leipzig og i det heimlege København. Holberg ville nå eit internasjonalt publikum. Og han lukkast – til dei grader.

Boka handlar om fiksjonsfiguren Niels Klim, bergensaren med eksamen i filosofi og teologi frå Københavns Universitetet.

Romanen opnar med at Niels Klim kjem tilbake til heimstaden Bergen i 1664 etter avlagde eksamenar i København. Han får ikkje arbeid, og difor fyller han tida med geologiske opplevingar.

Særleg interessant vert Fløyen med ei stor gapande hole på toppen som går loddrett ned i fjellet. Det reelle geologiske førebiletet til Holberg er sjølvsagt Mareminehollet i Sandviken.

MAREMINEHOLLET i SANDVIKEN: I Ludvig Holberg sin roman er dette utgangspunktet for Niels Klims utrulege reise. Foto: Arne Nilsen

Lærde i Bergen oppmuntrar Niels til å nærstudera den særmerkte hola. Han hyrer fire «karle» som etter «morgenmaden» ein dag ber reip og båtshakar opp frå Sandviken. Frå toppen skulle Niels Klim firast ned i hola.

Eit stykke ned i hola ryk reipet, og etter eit lengre fritt fall hamnar Niels Klim i ei underjordisk forvitneleg verd. Her besøker han ulike samfunn og vert vald til keisar i landet Quama. Som keisar opptrer Niels Klim lite sympatisk, ja, reint ut tyrannisk. Til slutt må han røma gjennom ei hole, og han kjem ut att på Fløyen.

Attende i Bergen vert Niels Klim klokkar ved Korskirken, gifter seg med kjøpmannsdottera Magdalene, får tre born og døyr i 1695.

Les også

Leseverdig riss av en blodrød bergensfamilie

Den historisk reelle Niels Klim kan ha kome til Bergen i 1649. Då er det i alle fall ein Niels Andersen frå Klim-området som tar borgarbrev her. Rundt 1665, same året som han vart klokkar ved Korskirken i Bergen, gifte Niels Klim seg med presteenka Barbara de Fine (1618–1695).

Ho var kusina til Holbergs oldefar, bergensbiskopen Ludvig Munthe (biskop 1636–1649). Holberg vart kalla opp etter han. I 1678 er Niels Klim oppført som kongeleg privilegert bokhandlar i Bergen. Då den reelle Niels Klim døyr barnlaus i Bergen i 1690, var Ludvig Holberg fem – seks år gamal.

Truleg kan slektstilhøvet mellom Ludvig Holberg og Barabara de Fine ha vore ein grunn til at Holberg nytta den historisk reelle Niels Klim som litterært førebilete.

Den historiske Niels Klim, som vart bergensk byoriginal, kan Holberg ha hugsa og kanskje kjent personleg frå barndomen. Niels Klim var mykje omtala i Bergen i samtida. Han skal ha vore ein rabbagast og ein speloppmakar. Bergenske rettsprotokollar viser at han stendig var i konflikt med medborgarar og rettsvesenet.

Les også

Teatersjef Agnete Haaland skal selv spille i omstridt teaterstykke

Jammerbukt er ein bogeforma ti mil lang del av Skagerrak-kysten frå Hirtshals austover til Bulbjerg Knude. Delar av denne kyststrekninga vert broten ned av storm og kraftige bølgjer.

I Hanherred, seks kilometer vest for tettstaden Fjerritslev og om lag fem kilometer sør for Jammerbugten, ligg landsbyen Klim. Ute ved havet i Jammerbugten ligg Klim Strand.

I 2018 bur 457 sjeler i landsbyen. Ein solrik sommardag i august er her stille og fredeleg. Det naturleg kulturelle midtpunktet i minisamfunnet er Klim kirke, som ligg vakkert til på ei lita høgde midt i landsbyen. Kyrkja er bygd på 1100-talet i opphavleg romansk stil.

DER HAN BODDE: Klim kirke i Danmark, i landsbyen der Niels Klim opprinneleg kom frå. Foto: Gunnstein Akselberg

Landsbynamnet Klim er svært gammalt. Førsteleddet er gamaldansk klí med tydinga ’slam, leire’. Her nytta i tydinga ’limstein’, dvs. ’kalkstein’. Jamfør engelsk ’limestone’.

Andreleddet er gamaldansk hém, ’bustad’, jamfør norrønt heimr. Namnet Klim tyder altså ’bustad der det finst limstein’. Kalk er svært karakteristisk for geologien fleire stader i Nordjylland. Namnet Limfjorden er laga til det same ordtilfanget.

Klim vert brukt i stadnamn mange stader her, og dei aller fleste har tydlege spor av kalkstein og kalkutvinning. Særleg gjeld dette Klim Kalkbrud, Klim Bjerg, Klim Kalkovn, Klim Klitplantage og Limstensbruddet.

Opp gjennom hundreåra har her vore mange ”kalkbrænderier” og kalkomnar. Ei tid var det heile 11 kalkbrenneri i Klim-området. Fram til 1977 vart det drive kalkbrenning ved foten av Klim Bjerg.

Limsteinen har vore nytta som bygningsmateriale, til vegkonstruksjonar og i mørtel. Kalkstein vart eksportert i store mengder frå hamna i Aggersund ved Limfjorden.

Å vandra rundt her sommaren 2018 i strålande sol og varme, er eit lite eventyr.

«Niels Klims underjordiske rejse» høyrer til den litterære sjangeren «fantastisk reiseroman». I tillegg til å moroa og å underhalda har nok målet til Holberg vore samfunnskritikk og personlegdomsanalyse.

Boka er samfunnsatirisk og ikkje berre mynta på Danmark-Noreg. Den har eit indirekte kritisk blikk på aktuelle allmenneuropeiske tilhøve knytte til filosofiske, moralske, religiøse, politiske, økonomiske, juridiske og pedagogiske utfordringar.

Les også

Flaut å være norsk

Kritikk av samtidas styreformer og tenkjemåtar stod i sentrum for Holberg, sjølv om han var ein trugen tilhengjar av det dansk-norske eineveldet.

I Holberg si samtid var det streng kontroll av kva som kunne trykkjast og publiserast offentleg. Tekstar måtte førehandsgodkjennast. Då vart det stempla Imprimatur («kan trykkjast») framme i boka.

Direkte samfunnskritiske tekstar vart ikkje godkjende. Slik kritikk måtte utformast på andre måtar, som ved å skriva fantastiske fiksjonsforteljingar. Slikt var litterær mote i det religiøst ortodokse samtids-Europa. Litterært førebilete skal ha vore Jonathan Swift si bok «Gulliver’s Travels».

Som inspirasjon for den fiktive romanhelten valde Holberg altså ein reell historisk person, Niels Klim, frå Jammerbukt i Nordjylland, som endar opp som bergensk byoriginal.

Dette uroa truleg ikkje styremaktene i København midt på 1700-talet særleg. Romanen vart publisert anonymt og usensurert, men mange hadde mistanke om kven forfattaren kunne vera.

Holberg var systemlojal og hadde høg samfunnsposisjon. Fleire einskildpersonar og Kyrkja vart derimot forarga.

Då det brygga opp til motstand og kritikk mot romanen, skal visst sjølvaste kongen, Christian den VI. (1730–46), ha gripe inn for å redda Holberg – og Niels Klim, vert det sagt.

Gunnstein Akselberg er professor i nordisk språkvitskap ved UiB og norsk leiar av det dansk-norske prosjektet Ludvig Holbergs skrifter 2007–2015