Kva er problemet med nynorsk?

Bokmålsbrukarar har mykje å lære av dei som skriv nynorsk.

ANSVAR: Vi kan ikkje overlate ansvaret for nynorsk til songarar som Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland, skriv Astri Kvamsvåg. Paul S. Amundsen / Frilans

Debattinnlegg

Astri Kamsvåg
Bergen

Atter ein gong rasar debatten om nynorsk og kva rolle nynorsk skal ha – i Skyss, i det nye vestlandsfylket og i skiltinga på Haukeland universitetssjukehus.

Motstanden mot nynorsken er stor. Delar av akademia set nynorsk opp mot engelsk og veljar bort nynorsk på grunn av krava til internasjonalisering og knappe ressursar.

For å vere ærleg, skjønar eg ikkje heilt problemet. Mange av dialektane i Noreg ligg nærare nynorsk enn bokmål: Nær 80 prosent snakkar ei anna dialekt enn normert austnorsk.

Vi snakkar desse dialektene, og vi høyrer dei rundt oss dagleg, på jobb, i radio og TV. Dei norske dialektene står framleis sterkt. I mange land, til dømes i Sverige, blei det lenge kravd at det i media blei snakka eit normert talemål, eit standardisert rikssvensk. Oftast er det den dialekta som det snakkast i hovudstaden. I Noreg, derimot, set vi pris på dialektmangfaldet i statskanalen NRK.

Les også

«Nynorsk er eit lite og dyrt språk som ikkje høyrer heime i Bergen»

Når det kjem til skriftspråket, derimot, stiller det seg heilt annleis. Av ein eller annan grunn skriv det store fleirtalet av oss, om lag 87 prosent, bokmål.

Sjølv mange av dei som hadde nynorsk som hovudmål på skulen, går over til å skrive bokmål når dei blir vaksne.

Eg snakkar no om ekte vestlendingar som eg kjenner.

Dei kjem frå Hordaland, Sogn og Fjordane, Rogaland og Møre og Romsdal. Skulle tru dei lenge hadde lengta etter endeleg å få lov til å skrive bokmål og nyttar høvet så snart dei flyttar heimanfrå og står fritt? Berre eit par prosent av studentane i høgare utdanning skriv nynorsk. Er det blitt slik på Vestlandet at vi forbind vaksenlivet, altså studietida og arbeidslivet, med bokmål?

Sjølv ein del av dei som tviheldt på nynorsken i studietida, droppar han når dei kjem ut i arbeidslivet. Som om det er meir ‘profesjonelt’ å skrive bokmål? Eg kjenner ikkje til nokon arbeidsgivarar som krev at dei tilsette skal skrive bokmål, verken i næringslivet, det offentlege eller i organisasjonar.

Det blir for omstendeleg å skrive både på bokmål og på nynorsk, hevdar enkelte. No er det jo ikkje slik at vi skal skrive tekstane på bokmål og så omsetje dei til nynorsk. Vi skal skrive tekstene på nynorsk, og så kan vi eventuelt omsetje dei til engelsk dersom det er behov for det.

Vi må ikkje gjere jobben to gonger, som mange hevdar. Nynorsken skal ikkje kome i tillegg til bokmålstekstene, den skal kome i staden for.

Les også

Se språkfeiden!

Den vonde sirkelen er at det dominerande språket brer om seg meir og meir rett og slett fordi det er det vi ser rundt oss. Då blir det vanskeleg både for kvar og ein av oss og for samfunnet å halde nynorsk i hevd som eit levande språk som vi har eit naturleg forhold til.

Di mindre nynorsk vi blir eksponert for, di meir framand blir det og di meir aukar risikoen for at det på sikt kjem på lista over utdøyande språk.

Eg er glad for at Bergens Tidende brukar såpass mykje nynorsk, og eg oppmodar dei andre medieredaksjonane til å sørgje for at vi vestlendingar blir meir eksponert for det. Vi treng å lese avisa, nettsider, romanar og skilt i det offentlege rom på nynorsk.

Eg oppmodar òg arbeidsplassar til å bruke meir nynorsk: Vi kan med fordel skrive både rapportar og utgreiingar, møtereferat og andre dokument på nynorsk.

Kan hende blir jobbdokumenta òg betre dersom dei er på nynorsk? Faktum er at nynorsk har nokre føringar som gjer at språket blir betre. Verb i staden for substantiv, aktivsetningar og eigentlege subjekt er klart å føretrekke uavhengig av kva målform eller språk vi skriv, anten det er privat eller på jobb.

Bokmålsbrukarar har mykje å lære av dei som skriv nynorsk. Bokmålsbrukar Johan Giertsen er professor ved Juridisk fakultet i Bergen, og hevdar at juridiske tekstar er betre på nynorsk. Han råder studentar som hadde nynorsk som hovudmål på vidaregåande, til å fortsette med nynorsk når dei skriv juss.

Les også

Nei til nynorsk-diktatur

For nokre år sidan lanserte Språkrådet ‘klarspråk’ som handlar om at det offentlege skal skrive eit klart og korrekt språk tilrettelagt for brukarane av tenestene, i staden for eit avsendarorientert tungt byråkratispråk som brukarane ikkje forstår.

Eitt av kjenneteikna ved klarspråk er at det er eit aktivt språk. I staden for å skrive «Det er viktig at setebeltet festast», skriv «Du må feste setebeltet» (eller endå tydelegare: «Fest setebeltet»). Då er det ikkje tvil om kven som har ansvar for å feste beltet, og sjansen for at det faktisk blir festa, aukar.

Høyrd det før? Ja, det er jo nett dei same kvalitetskriteria som for nynorsk! Brukar vi skrivereglane som vi lærte i nynorskundervisninga på skulen, òg når vi skriv bokmål (og andre språk), blir språket mykje betre og meir forståeleg.

Mangfald er eit ord vi stadig høyrer i den offentlege debatten. Som oftast handlar det om integrering av innvandrarar og toleranse – for kulturar, religionar, hudfargar og seksuelle legningar.

Det eg saknar i debatten er ein diskusjon om korleis vi samstundes skal halde på vårt eige norske mangfald. Korleis skal vi best mogeleg vidareutvikle den norske språkkulturen midt oppe i det heile? Nynorsk blir uvesentleg i den store mangfaldsdebatten. Eg håpar at diskusjonen framover òg vil handle om korleis vi kan bevare det språkkulturelle norske mangfaldet.

Vi kan ikkje overlate ansvaret for nynorsk til songarar som Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland, forfattarar som Jon Fosse, Olaug Nilssen og Edvard Hoem og omsetjarar som Kristin Sørsdal (Elena Ferrantes bøker om napolikvartetten) og Tove Bakke (bøkene til Anna Gavalda).

Nynorsk egnar seg like godt i kvardagslivet til kvar og ein av oss, privat og på jobb.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg