På bærtur om Shakespeares sonetter

Kritikken mot festspillframsyninga «Shakespeares sonetter» er skivebom, skriv festspillpublikummar Ingrid Saltnes Faanes i dette innlegget.

Publisert: Publisert:

Foto: Lesley Leslie-Spinks

Debattinnlegg

Ingrid Saltvik Faanes
Mastergrad og fast festspillpublikummar i 8 år

«Kvalifisert kritikk er med på å høyne Festspillene», skriv H. Emhjellen (cand.philol. og fast festspillpublikummer i 45 år) under tittelen ««Shakespeares sonetter» druknet i spesialeffekter», der han prøver seg på ein slags kritikk av Shakespeares sonetter.

H. Emhjellen har fleire år på baken i festspillenes publikumssete enn meg, men med denne teksten beviser han at publikumserfaring ikkje naudsynt betyr at ein kvalifisert til å gjere ei kritisk vurdering. Det er greitt nok å vere misfornøgd når ein har fått servert noko anna enn det ein såg for seg, men argumenta E. Emhjellen framstiller som objektive, held ikkje mål.

Det er vanskeleg å halde seg sakleg både når eg les og når eg skal kome med eit svar dette som beveger seg mellom å vere ein slags kritikk av framsyninga, klaging til arrangøren og ein betrevitande kommentar til BTs kritikk. Bærtur er vel den beste skildringa.

Les også

Svensk og norske kritikere uenig om Festspillene

Først skuldar han Festspillene for å gi R. Wilson og R. Wainwright æra for alle sonettane, og uttrykkjer skuffelse for at teksten ikkje var i fokus, stakkars W. Shakespeare, han får jo aldri merksemd elles. H. Emhjellen har opplagt ei litterær forventning til framsyninga, og ser den for sjølve sonettane sin del, ikkje for musikken eller iscenesetjinga (eg skal innrømme at eg såg forestillinga på grunn av R. Wilson, og det var nok det namnet FiB selde òg, ikkje W. Shakespeare).

Les også

I fjor ble det rettet hard kritikk mot festspilldirektør Anders Beyer. I år har pipen fått en helt annen lyd.

Men om ein berre er interessert i teksten, så bli heller heime og les boka! Skrekken er jo at framsyninga viser rom for tolking av den originale teksten. «Boka var betre»-argumentet slutta ein med på ungdomsskulen. Tekst er ein type kunstuttrykk, og teater er ein annan type kunstuttrykk, som gjerne har i oppgåve å belyse teksten frå nye og andre vinklar, slik at vi kan få ei ny forståing for den originale teksten.

H. Emhjellen finn det problematisk korleis Festspillene kan «finne på å presentere Shakespeare i hovedsakelig tysk språkdrakt», men når ein tilsynelatande veit så mykje om Berliner Ensemble, så burde det ringe ei bjølle kva språk angår. Endå meir problematisk er det visst at sjølvaste opningsframsyninga er frå 2009.

Les også

Les BTs anmeldelse her: Det er umulig å ikke la seg beta av Robert Wilsons forestilling

«Festspillene pretenderer jo å være nyskapende og banebrytende, men tydeligvis ikke når det gjelder denne forestillingen, som opprinnelig ble skrevet for og presentert for et tysk publikum av de samme aktører i 2009.» Sjølv det er litt rart at Festspillene valde ei så gammal framsyning til opninga, gjer det den ikkje mindre interessant og aktuell i dag. Festspillene har jo som mål å bli ein av dei mest sentrale festivalane i Europa, og då er det viktig og riktig at dei gir publikum i Norge det som kan beskrivast som ein av dei viktigaste framsyningane i Europa dei siste åra og den viktigaste nolevande teaterregissøren – sjølv om det kanskje ikkje er nyskapande i seg sjølv.

Men det er når H. Emhjellen startar å klage over at framsyninga kjem til Bergen eitt år for seint, at dette tar kaka. Berre fordi ein kan namedroppe fødselsåret til W. Shakespeare, så er ikkje det grunn til å gjere framsyninga uaktuell. Skal vi berre sette opp store klassikarar ved jubileumsår no då? Ingen H. Ibsen før i 2028!

Og berre fordi ein har høyrd om uttrykket underleggjering (som er ei meir presis omsetjing av verfrendung enn framandgjering), er det ikkje eit feilgrep av J. Landro å ikkje nemne det i denne samanhengen. Sjølv om Berliner Ensemble vart grunnlagt av B. Brecht, betyr det ikkje at alle oppføringar frå respektive teater slavisk følgjer B. Brechts estetikk og verkemiddel; underleggjering er meir ein metode enn ein spelestil.

Det er greitt nok at du personleg gir framsyninga terningkast tre fordi du er mest interessert i teksten, men eg er veldig spent på kva stolar forestillinga eigentleg fell mellom, for det er nok verken innsikt eller tid det har skorta på hos dei produserande aktørane.

Og sidan du ikkje likar rock & roll, men vakker poesi, bør vi syte for at alle sonetter berre blir komfortabelt deklamert på ei blomstereng ein varm sommardag frå no av. Dette skal konsekvensutgreiast!

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg