Treng me bompengeselskap?

Mitt svar er nei.

Publisert Publisert

IKKJE I TVIL: Anna K. Valle meiner fylkeskommunen fint kan ta seg av bompengane på eiga hand. Foto: Alice Bratshaug

Debattinnlegg

  • Anna K. Valle
    Spjotøy i Lindås
  1. Leserne mener

Alle fylkeskommunar har – så vidt eg veit – eit samferdselsutval og ei samferdselsavdeling, og desse bør vera godt i stand til å gjera dei politiske og administrative vedtak som trengst for å krevja inn bompengane.

Kan hende må den administrative sida styrkjast noko på sakshandsamarnivå, men å ha direktørar med million-løn for å drifta ordninga er ikkje berre umusikalsk, det er direkte provoserande.

Ved å la ansvaret ligga hjå fylkeskommunen vil ein ha folkevald styring, og ein vil i det minste få innsyn i dei vedtak som vert gjort.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg