Våpen til politiet? Nei!

DEBATT: Slikt vil me ikkje ha noko av.

FEIL BRUK: Sist dette vart sleppt fri her i landet, gjekk mest ut over politiet sjølve! Mange av skadane kom frå feil bruk av våpenet, skriv innsendaren. Odd E. Nerbø

Kjell Kjerland
Granvin

No er det altså bestemt. Politiet skal bera våpen, og det endåtil på 17. mai. Den norske nasjonaldagen, ein dag der me feirar «den norske modellen». Likskap og demokrati.

Den store Krimforfattar-duoen Maj Sjövall og Pär Wahlöö kjempa hardt mot den same lobbyen i sin serie «Roman om ett brott» frå 1965 til 1967. Den likande karen Lennart Kollberg neittar å bera våpen.

Han har ein gong vore uheldig og skote eit menneske til daude. Og etter det har han aldri bore våpen. Ute i serien gjev Kollberg opp sitt prosjekt, og seier opp i politiet.

I den sokalla Martin Beck-serien som TV 2 viser i mange episodar, er Lennart Kolberg ikkje-eksisterande. Der har i staden Gunnvald Larsson fått ein større rolle. Larsson har ingen vanskar med å bruka våpen. Han får sydd ei tilpassa jakke, der våpenhylsteret er so å seia usynleg, etter eit besøk i eit diktaturland i sentral-Amerika.

Maj Sjövall og Pär Wahlöö kjempa hardt mot politiet sitt bruk av våpen I Sverige. Dei viste heller til tilstanden i Storbritania, der politiet ikkje ber våpen utan autorisasjon for det. Stikk motsett til USA, der våpenskadar hender støtt. Statistikk viser at det er større sjansar for å verta drepen av ein politimann enn av ein terrorist!

Det same viste seg sist dette vart sleppt fri her i landet. At det gjekk mest ut over politiet sjølve! Mange av skadane kom frå feil bruk av våpenet. Slikt vil me i alle fall ikkje ha noko av.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg