Noregs første hovudstad

Moster fekk ein sentral plass i hendingane som samla og kristna Noreg, og var landets første hovudstad.

Publisert: Publisert:

MOSTER: Dersom me skulle rekna opp dei stadane i Noreg som har hatt ein hovudstadsfunksjon, bør det vera enkelt å setja Moster øvst på lista. Moster var senteret for den «nasjonen» som Harald Hårfagre hadde samla til eitt rike, skriv innsendaren. Foto: Helge Sunde (arkiv)

Debattinnlegg

Roald Sangolt
Styremedlem, Foreininga Tora Mostrastong

Kjem du siglande frå Nord-England, Skottland, Orknøyane eller Shetland og skal til søre del av Vestlandet, vil du i godt vêr skimta to fjelltoppar som stig opp av havet. Ein i sør og ein i nord.

Fjelltoppen i sør er Siggjo, og den i nord er Lyderhorn. Vel du å styra mot Lyderhorn, kjem du inn til Bergen. Men den raskaste ruta til rolege farvatn er å styra mot Siggjo. Då kjem du til Moster og i le så snart du har runda Espevær og Langevåg.

Mange meiner at dei geografiske tilhøva kan forklara kvifor Moster fekk ein sentral plass frå 800-talet og mot 11-1200-talet. Kvar gong eit kongsfølgje kom inn frå havet eller frå Rogalandet, var det oftast ein stopp i Moster. Og folket på Moster hadde plikt frå kongen til å syta for hus og mat til kongsfølgjet.

Sommaren 919 styrte kong Harald Hårfagre inn mot Siggjo frå vest med skip og mannskap. Han var då om lag 70 år gammal. Kongen hadde gjennomført det store målet han hadde sett seg, at han skulle ta makta frå alle småkongane og samla Noreg til eitt kongerike.

I praksis vil nok det seia at han hadde klart å slå ned alle småkongane langs kysten, frå Jæren i sør til Møre i nord. Denne sommaren kom han attende etter ei ferd til Shetland og Orknøyane. Sidan det var så lett å finna Moster, tok han inn der og kunne kvila skip og mannskap.

Sidan Moster hadde slik gunstig geografisk plassering, var kongen ofte innom for å sjekka at han hadde oversikt og god kontroll.

SIGGJO: Det høgaste fjellet på Bømlo (474 moh.) er synleg frå store delar av Sunnhordland, og på klare dagar frå byfjella i Bergen. Her sett frå Sagvåg på Stord. Foto: Ove Olderkjær (arkiv)

Horda-Kåre var frå Moster. Han var fødd ca. 870, og han var herse i store deler av Sunnhordland medan Harald Hårfagre herja kysten rundt for å leggja «heile Noreg» under seg.

Hersen hadde stor makt, og var som ei blanding av president, ordførar og sjef for folket i Sunnhordland. Om ein var så heldig å vera i slekta til Horda-Kåre, kunne ein ha god nytte av det. Både politisk og økonomisk.

Hersen var kongen sin representant på plassen, og han hadde mange plikter. Han skulle mellom anna sjå til at kongen og kongens menn vart godt mottekne kvar gong dei kom, at dei fekk mat og drikke, og godt med til å halm til å sova i.

STATUE: Bronsestatuen av Tora Mostrastong ved Moster gamle kyrkje er laga av kunstnaren Arne Mæland og vart avduka i 2004. Foto: Bømlo kommune

Ungjenta Tora Mostrastong budde på Moster og var i slekt med Horda-Kåre. Ho var òg i slekt med Ramna-Floke, med den lovkunnige Torleiv Spake og med Erling Skjalgsson frå Sola. Det var difor ikkje unaturleg at ho var ei av dei mange som vart sett til å tena kongen, Harald Hårfagre, når han var innom Moster.

Tora var ei staut og vakker ung kvinne. Tilnamnet «Mostrastong» fekk ho truleg fordi ho var høgreist og stolt, og ho kom tidleg inn i tenarskapet til kongen. Ho vart rekna som ei tenestejente, men var alltid merksam på kva ætt ho høyrde til.

Segna fortel at kongen hadde lagt merke til jenta. Ein kan godt tenkja seg at det, då som no, kunne vera sviande kaldt i nordavinden på Moster. At kongen klaga over at han fraus den sommaren i 919. At han var så kald på beina og meinte at nokon måtte varma han.

Han kom nok til å tenkja på den unge og vakre Tora, og gav beskjed om at henne måtte dei henta.

Etter ei tid kjende Tora at ho var gravid, og var sikker på at det var kongen som var far til barnet. Då det lei til den tida ho skulle føda, visste ho å krevja retten sin. Ho bestemte seg for å reisa opp til kongsgarden på Seim, for der heldt kong Harald til på den tida.

Ho fekk skyss nordover leida med Sigurd Jarl og følgjet hans. Dei måtte leggja til lands for natta ved Vatlestraumen, på ein plass som seinare vart kalla Håkonshella. Det var nemleg der barnet hennar vart fødd. Sigurd Jarl auste vatn over guten og kalla han opp etter sin eigen far, Håkon Ladejarl.

Guten var vakker, lik på far sin og vaks opp på kongsgarden på Seim. Kong Harald aksepterte at guten var kongeson, og han let guten følgja mor si. Dei to fekk vera i lag på kongsgarden medan guten var liten. Tora hadde stor omsorg for kongsemnet Håkon, så då han var ti år gammal, sende ho han til kong Adalstein i England for å bli fostra opp der.

Håkon Ladejarl fekk tilnamnet Adalsteinsfostre. Då han var 14-15 år gammal kom han tilbake til Noreg. Han tok kongemakta frå halvbror sin Eirik, som hadde tilnamnet Blodøks.

SEIM: Håkonshaugen på Seim, eit historisk gravminne etter Håkon den Gode. Her under eit besøk frå kongeparet i 2009. Foto: Roar Christiansen (arkiv)

Håkon styrte landet til han døydde i slaget på Fitjar i året 961. Han var ein kunnskapsrik og stort sett folkekjær konge. Han vert rekna som grunnleggjaren av leidangen – eit forsvarssystem for heile landet. Han gav òg Gulatinget ny kraft.

Håkon styrkte samlingsverket som far hans, Harald Hårfagre, hadde utført. Sidan han hadde gått over til kristendomen medan han var hjå Kong Adalstein i England, starta han det store prosjektet med å gjera nordmenn kristne. Der møtte han så stor motstand at han etter kvart gav opp. Etter det fekk han tilnamnet «den gode».

Kristninga av Noreg vart vidareført av kong Olav Tryggvason. Han kom med prestar og munkar frå England til Moster sommaren 995. Dei gjekk i land der og gjennomførte den første gudstenesta på norsk jord. Han møtte òg stor motstand og fekk ei kort kongetid. Tryggvason vart drepen i slaget ved Svolder i året 1000. Seinare, i år 1024, kom kong Olav Haraldson til Moster for å fullføra kristningsverket. Han vart seinare kjent som «den heilage».

KYRKJA: Mosters gamle kyrkje vart reist på 1100-talet og vert rekna som ein av dei eldste bygningane i Noreg. Foto: Morten Hval, Scanpix (arkiv)

Den første kyrkja i landet vart reist av Olav Tryggvason på Moster, og den skal ha vore bygd på same staden som det heidne hovet hadde stått før kongens menn brende det ned. Seinare, ein gong på 1100-talet, vart Mosters gamle kyrkje reist, og den står der framleis i dag. Ho er ei lita steinkyrkje og vert rekna som ein av dei eldste bygningane me har i Noreg.

Det bør ikkje vera særleg tvil om at Moster hadde ein svært nasjonal funksjon tidleg frå 1000-talet og framover på 11- og 1200-talet. Moster var senteret for den «nasjonen» som Harald Hårfagre hadde samla til eitt rike.

Dersom me skulle rekna opp dei stadane i Noreg som har hatt ein hovudstadsfunksjon, bør det vera enkelt å setja Moster øvst på lista.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg