Svakt frå BT om Sp og klima

SVARAR PÅ BT-LEIAR: Dei klimatiltaka som Sp er imot, er det gode grunner for å ikkje støtta, skriv Geir Pollestad. KIM NYGÅRD

Geir Pollestad
Stortingsrepresentant Sp

BT (20.02) har ein leiarartikkel om Senterpartiet og klima som står til stryk. Leiarartikkelen er ein kommentar til eit innlegg eg hadde i Dagbladet om klimatoppens manglande evne til å skape støtte og begeistring for klimasaka.

Sp står bak nesten alt av norsk klimapolitikk. Dei klimatiltaka som Sp er imot, er det gode grunner for å ikkje støtta. Anten så har dei ikkje klimaeffekt – eller så tek dei ikkje omsyn til sosial utjamning. Sp trur at ein klimapolitikk som ikkje tek omsyn til sosiale og økonomiske skilnader er dømt til å tape.

Les også

Les leiaren Pollestad svarer på: «Det holder ikke å tro»

I tillegg til dette så kjemper Sp for ei rekke ulike klimatiltak. Eg nemner nokre av tiltaka: Eit CO₂-fond for næringslivet sine transporter. Ei sterkare satsing på å flytte gods frå veg til sjø. Ein meir aktiv skogpolitikk for å binda CO₂. Auka satsing på jordbruk og klima for å få ein meir klimavenleg matproduksjon.

BT kritiserer i leiaren Sp for å meine at me må ha ein ny måte å berekne utslepp frå metan frå dyr om til såkalla CO₂-ekvivalentar. Dette er ein høgst reell diskusjon som går i mange fagmiljø både nasjonalt og internasjonalt. Om ikkje BT meiner det er forskjell på ku og kull så meiner i alle fall eg det. At BT i leiarartikkelen i tillegg feilaktig framstiller det som at me ikkje vil rekne med utslepp frå landbruket, får skrivast på deira konto for slurv.

BT bommar òg når dei samanliknar det å produsere ei einig mat med lågast mogeleg CO₂-utslepp med å meina at det er ok å køyra lengre med bil med lågare utslepp. Om du byter ut eit kilo norsk kjøtt med eit kilo kjøtt frå Argentina, så vil dei globale utsleppa gå opp. Om du let vera å køyra ein tur, så vil ikkje den same turen i staden bli køyrd i utlandet.

Sp trur på menneskeskapte klimaendringar og me meiner det er naudsynt med ein sterkare innsats i Noreg for å redusera utsleppa av klimagassar. Det me ikkje trur på er tiltak som ikkje verkar eller tiltak som berre råkar dei med dårlegast råd.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg