Vi må blankpussa ordet respekt

DEBATT: Kva skjer med våre born og unge når dei oppdagar at det ikkje er god argumentasjon og respekt for andre sine synspunkt som gjeld?

FOLKESKIKK: I skulen lærer barn å ha respekt for andre sine synspunkt. Dessverre er det mange vaksne politikarar som ikkje følgjer den same regelen, ifølgje innsendaren.

Debattinnlegg

Brit Reidun Djursvoll
Lærer i grunnskolen

Kvar einaste skuledag øver elevar seg i demokratisk tenkje- og handlemåte. Læreplanane har lang tradisjon for å løfte fram desse grunnleggjande ideala.

Den som ynskjer ordet i eit klasserom, rekker opp handa og ventar på tur. Dei som ikkje har ordet, lærer å høyre med respekt på den og det som vert sagt. Ordstyrar passar på at det blir nokolunde lik tid på kvar av dei som er på talarlista. Oppfatningar som er avvikande frå eigne, er inga grunn til latterleggjering og avvising. Elevane lærer seg å skilje mellom sak og person, at deira synspunkt gjer ein skilnad, og at gode argument vinn fram.

Brit Reidun Djursvoll. Lene Moen Vik

Kva skjer med elevane våre når dei erfarer heilt andre normer mellom vaksne i det offentlege rom? Når det i sosiale media og nettdebattar er tett mellom kategoriske, eindimensjonale ytringar om politiske motstandarar og synspunkta deira. Som når tidlegare justisminister Sylvi Listhaug i sitt facebookinnlegg 14. mars slår fast at «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet». Eller når spissformulering og tabloidjournalistikk er gjengangarar i mediebransjen.

Les også

Les også: Politikken trenger mykere mennesker

Kva skjer med våre born og unge når dei oppdagar at det ikkje er god argumentasjon og respekt for andre sine synspunkt som gjeld? Når det tvert imot går sport i å snakke ned andre personar og synspunkt, og når forenkling og polarisering rår grunnen?

Ynskjer me framleis å leggje demokratisk tenkje- og handlemåte til grunn for samfunnsbygginga vår? Vil me ha heiderlege politiske diskusjonar der lytteevna er like velutvikla som taleevna, og der viljen til å finne dei beste løysingane er overordna behovet for eigenmarkering?

Dersom svaret er ja, krev det at ordet respekt vert hegna om og blankpussa på alle samfunnsnivå. Det krev øving og må praktiserast kvar einaste dag i familie, nabolag, skule, arbeids- og samfunnsliv. Gevinsten er ein samfunnsstruktur som er hardt tilkjempa, demokratiet.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg