Difor seier vi nei til vindmøllene

DEBATT: Vi legg vekt på verdiar som ikkje kan målast i korkje pengar eller terawatt.

MOTSTAND: Over 500 demonstrantar stilte til støttemarsj for Stølsheimen i november. Dei har all grunn til å protestere, meiner innsendaren.

Tor Høvik (arkiv)
  • Astrid Aarhus Byrknes
    Ordførar (KrF) Lindås kommune og ordførarkandidat for Alver KrF

Friluftslivets plass i folkedjupet er like rotfesta som furuskogen. Går ein inn og ser på Den Norske Turistforening, oppdagar ein at medlemstalet no har passert 300.000.

Det høge medlemstalet fortel at friluftslivet er ein av dei verdiane innbyggjarane i Noreg set aller høgast. Det samlar familien, gjerne mange generasjonar om gongen, det fremjar leik, glede og folkehelse og er ei referanseramme som nordmenn flest har felles. Turen – kort eller lang, enkel eller avansert – er like norsk som fjordane, som fjella, som skogen, som trolla. Eg ser dette stadig vekk, eg opplever turgleda, gleda over å dele ein Kvikk Lunsj ved sida av stien, barna som hoppa og sprett. Eg ser eldre som tar det litt meir med ro og nyt stiane.

Vi har vore velsigna med mykje natur i Noreg, urørt natur. Vi har teke han i bruk til beiting og jakt, til trening og rekreasjon. Folk som ferdast i naturen, lærer seg respekt for naturen, sut for naturen og alt som lever i han. Vi haustar av naturen, og vi ser og lærer oss å forstå kor mange og store tenester han yter oss. Den nære relasjonen vi får til naturen gjennom friluftslivet, er slik til samfunnsnytte på alle vis. Naturen gjer noko med oss, den gir oss livskvalitet og glede.

Les også

Bakgrunn: Slik vil de bygge Europas største vindkraftverk i Modalen, Masfjorden og Lindås

No er enorme vindkraftverk under planlegging i norsk natur. For kvart kraftverk som blir realisert, taper vi som nasjon litt meir av det vi lever for og av: naturmangfald, økosystem, landskap, fred, fridom og friluftsliv. Planane som ligg på bordet representerer samla sett det største inngrepet i norsk natur på denne sida av istida. Vår generasjon åleine kan for alltid redusere store deler av den urørte, norske naturen til gigantiske industriområde.

Ikkje minst kan altså Hordaland bli sterkt råka av den planlagde utbygginga, der store område ligg i Nordhordland. Europas største vindkraftanlegg, eller rettare sagt eit gedigent industriområde, er no under planlegging. Eg klarer ikkje å forstå at det kan vere god miljøpolitikk å leggja opp til ei slik dramatisk reduksjon i inngrepsfri natur, og det er endå vanskelegare for meg å sjå kva samfunnsnytte dette har. Eg må difor stille spørsmålet: Kva med den urørte naturen, kva verdi har den? Kva tid skal det setjast pris på den?

INNSENDAREN: Astrid Aarhus Byrknes (KrF) kjempar mot vindkraftutbygginga i Nordhordland.

Geir Martin Strande (arkiv)
Les også

BT-kommentator Hans K. Mjelva: «Å redde klimaet vil svi»

Vindturbinane som vi risikerer å få hundrevis av, er opptil 250 meter høge. Dei har skarpt blinkande lys i toppen og vil vere synlege på mange mils avstand. Vil vi kunne høyre dei? Svaret på det er ja. Vi kjem til å høyre desse turbinane langt borte frå, og fagfolk seier at om vinteren vil det vere farleg å nærme seg desse på grunn av isfall. Korleis vil infrastrukturen bli? For kvar turbin er det i snitt naudsynt med 800 meter med veg. Somme av oppstillingsplassane for turbinane er ikkje så mykje mindre enn den eine halvdelen av Brann Stadion. Fjelltoppar kjem til å bli sprengt flate for å gi plass til vindturbinar. Det seier seg sjølv at dette vil medføre massive terrenginngrep i sårbar natur.

Fjellområdet mellom Austefjorden i vest og Romarheimsdalen i aust er blant dei områda som kan bli utbygd. I den sørlege delen av desse fjella ligg den godt besøkte turlagshytta Kalvedalen, som har fått meir enn dobla kapasitet på grunn av aukande bruk.

Det er eit etter måten stort, samanhengande fjellområde med urørt natur, avbrote her og der av fine stølar og stølsmiljø. Her er noko så sjeldan som ekte villmark (fem kilometer til nærmaste tekniske installasjon), eit av dei siste områda med ekte villmark i Hordaland fylke, frå fjord til fjell, og ned til fjord att.

Fjella har i tillegg ei spesiell krigshistorie. Det var her motstandsmennene i Bjørn West-styrken gøymde seg for tyskarane mot slutten av krigen.

Les også

Energilovens far: Haster ikke med å bygge vindmøller på land

Kvar for seg burde desse kvalitetane vere viktige nok til å syte for at dette fjellområdet blir verna, ikkje utbygd.

I den nasjonale rammeplanen for vindkraft er også andre viktige turområde i Hordaland peikt ut som potensielle vindkraftverk. Langt innover i Stølsheimen, langsmed T-merka stiar og inntil populære turlagshytter, er det teikna inn turbinar på kartet.

Eit så å seie samrøystes Lindås kommunestyre (minus to representantar) seier eit tydeleg NEI til dette. Når vi som kollegium seier nei, er det fordi vi legg vekt på verdiar som ikkje kan målast korkje i pengar eller terawatt.

Eg meiner kostnaden er altfor høg, målt mot gevinsten, og eg vil dessutan peike på andre tiltak og energiformer framfor vindkraft på land i fjellområda i Nordhordland.

Regionen og fylket har allereie gitt mykje tilbake til storsamfunnet i form av både utbygging av vasskraft og innanfor petroleumsindustrien.

Vi treng å ta vare på den urørte naturen – vi skuldar dei framtidige generasjonane akkurat det.

  • Interessert i vindkraft-debatten? Sjå fleire innlegg og artiklar på denne sida.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg