Skammar prestane seg over evangeliet?

Då eg spurte prestane om det evige livet – kva som skjer når vi andar ut, var det som om eg gjekk innanfor intimsona deira.

SKREMMANDE: Den totale ignoreringa av det som skjer etter at presten har sagt «til jord skal du bli», er skremmande for meg som søkjer kyrkja i ein sorgprosess, skriv innsendar. Kallestad, Gorm / NTB Scanpix

Randi Førsund
Filmskapar

Etter å ha mista ei uerstatteleg mor i sommar, har eg som trur naturlegvis søkt prest og kyrkje til hjelp i sorga. Ikkje minst for å skaffe meg kunnskap og innsikt i den delen av livet eg til no har fornekta, døden.

Døden har vi aldri tid til i dette livet, ikkje før han kjem når du minst ynskjer det. Det passar aldri. Men eg er stort sett rysta over kor vanleg det er å tone ned Jesu siger over døden på korset blant prestar. Det evige livet, kva som skjer når vi andar ut. Ikkje minst kva som skjer når Jesus kjem tilbake. Det kjem nærast skamfullt, det er tolking, svarar dei.

Eg kunne like gjerne spurt nokre av prestane eg snakka med, har du nokon gong sett eit spøkjelse? Så brydde var dei, som om eg gjekk innanfor intimsona deira. Slikt snakkar vi ikkje om.

Les også

Uvanlig mange innmeldinger i KrF etter Hareides veivalg

Er ikkje det jobben til prestane, og kor mange stader i Bibelen syner ikkje til oppstoda, Jesu tilbakekomst og verda som kjem? Er ikkje dette poenget med kristentrua? Eller er det stillingar, verv i samfunnet og KrF som gjeld, livet her og no, som ein biskop nordpå uttalte.

Sjølvsagt gjeld dette livet på alle vis, men den totale ignoreringa av det som skjer etter at presten har sagt « ... til jord skal du bli ...», er skremmande for meg som søkjer kyrkja i ein sorgprosess.

Eg oppfattar at sekulariseringa har kome langt i kyrkja. Når store flotte kyrkjer står tomme 1. påskedag i Bergen by, då vi skal feire oppstoda, sjølve poenget med kristentrua, er det ikkje på tide å tenkje over korleis prestane nyttar arbeidstida si og kvar dei har fokuset? Trur vi på at Jesus gjorde død til liv då han hang på korset, eller er himmelen like død som døden i 2018?

Den historiske og kulturelle Jesus gjer ingenting for meg i møte med døden, korkje mi eiga eller andre, berre den levande Jesus. Viss den levande Jesus som gjer død til liv og ein levande himmel etter døden er avskaffa i Den norske kyrkja, ynskjer eg få det stadfesta av biskopen.

Les også

Frikirken Salt og Dan Odfjell overtar Forum for 105 millioner kroner

På Nyheitsmorgon i NRK denne veka høyrde eg om dødskafé. Folk møtes for å ete kake, drikke te og snakke om døden med framande menneske. Nå har trenden med dødskafeer komne til Norge, i regi av Human-Etisk Forbund, der døden som dei framleis ikkje kan gjere noko med i denne verda, vert tatt imot med kaffi og kaker.

Representanten for Human-Etisk Forbund song nøgd på Monty Python`s «Always look on the bright side of life.» Viss ein karikert Jesus er det beste og einaste synlege vi får om bodskapen om evig liv, er det ikkje rart kristendommen døyr ut.

Kva om biskopen i Bjørgvin sette seg som mål å fylle kyrkja i Bergen 1. påskedag 2019? Kva om han tok til orde for å lage til ein Livets kafé midt i Bergen der det evige livet vert forkynt? Der ein kan kome med eigne erfaringar ein vil dele med dei som vil, der søkjande og truande kan stille spørsmål, kritiske og konstruktive?

Folket manglar informasjon og kunnskap om den viktigaste delen av trua vår, nemleg kva som skjer når vi andar ut, og kva som skjer i oppstoda. Skammar prestane seg over evangeliet?

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg