Eventyret om ei flytting frå Oslo som gjekk over all forventning

Det var ein gong ein statleg etat som vart flytta til Førde.

Det var i 2017 det vart bestemt at Norec, som då heitte Fredskorpset, skulle flytte frå Oslo til Førde. På biletet ser du dei tilsette på kaia i Førde.
  • Jan Olav Baarøy
    Direktør i Norec
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Kritikarane rista på hovudet og meinte at ein etat som har heile verda som arbeidsplass, slett ikkje kunne ligge i ein småby på Vestlandet. Fem år etter syner ein fersk rapport at etaten under og etter flytting har evna å gjere jobben sin til fulle. Og snipp, snapp, snute, no er Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) heilt i rute.

Så kjapt kan ein fortelje historia om då Norec, tidlegare Fredskorpset, vart flytta frå Oslo til Førde som eit resultat av distriktspolitikk. Men vi skal gi deg langversjonen også.

Lat oss ta deg med til ein småby nord i Vestland fylke med vel 12.000 innbyggjarar. I det svarte bygget midt i Førde sentrum yrer det av liv. Nær 50 tilsette er motoren i kompetansesenteret Norec.

Eit senter som kan mykje om internasjonale samarbeid, og som kvart år sørgjer for at over 600 unge menneske får internasjonal arbeidserfaring gjennom gjensidig utveksling. Ein jobb som Norec har drive med i 60 år! Først i Oslo. Frå 2018 i Førde.

Men kor godt går det med Norec i Førde?

Flyttinga av Norec frå Oslo til Førde har vore ein suksess, skriv direktør Jan Olav Baarøy i Norec.

Aldeles strålande, skal vi tru ein rykande fersk rapport frå Menon Economics.
I korte trekk seier rapporten:

  • At Norec i 2019 oppnådde ei auke i sentrale måltal (...) som tyder på at organisasjonen leverte betre på samfunnsoppdraget etter etableringa i Førde.
  • At det er betring i dialogen med eigardepartementet (UD), og som seier at verksemda er (...) meir forvaltningsmessig profesjonelle ...
  • At vi følgjeleg kan konkludere med at Norec fekk med seg nødvendig kompetanse til Førde.

Med andre ord har flyttinga vore ein suksess! Norec fungerer like godt, om ikkje betre, i Førde som det gjorde i Oslo.

Men var det gitt at det skulle gå slik? Det korte svaret er nei!

Då det politiske flyttevedtaket kom, var dei kritiske røystene mange. Ville ein klare å få med nok strategisk kompetanse på flyttelasset? Var det mogeleg å rekruttere folk til Førde for å jobbe med bistand og internasjonalt samarbeid?

Les også

Bakervik raser mot egen regjering: – En uakseptabel snikflytting av statlige arbeidsplasser

Starten var vanskeleg. Meldinga om at regjeringa ønska å flytte Fredskorpset, slo ned som ei bombe blant dei tilsette på eit allmøte i februar 2017.

På same tid heldt Venstre pressekonferanse i Førde, der dei orienterte om planane. Direktøren i Fredskorpset vart informert medan ho var på reise i Malawi. Ho sette seg på første fly til Oslo, like sjokkert som resten av dei tilsette.

Den første fallgruva for endringsleiing sytte dermed departementet sjølv for. Korkje direktør eller tillitsvalde visste noko før meldinga om flytting kom. Og reaksjonane var, ikkje uventa, sjokk og vantru.

Det endelege flyttevedtaket vart gjort i statsråd juni 2017, etter ei utgreiing om mogelege følgjer av flyttinga. Leiinga i Fredskorpset fekk pengar frå UD for å prøve å få med tilsette med nødvendig kompetanse til Førde. Likevel visste ein at ikkje alle kunne få det dei ønskte.

Les også

Fann du arbeidsplassen din i dag?

Då Norec starta opp i Førde august 2018, var åtte av dei 41 tilsette frå Oslo med. Vi visste ikkje då om desse åtte, saman med dei nye tilsette, var nok til at vi skulle klare å gjere jobben vår under flytting og etablering i Førde.

Norec skulle gi offentleg tilskot til 200 verksemder, og kurs og førebuing til 600 unge menneske på utveksling til 25 land. Kunne dette gå bra?

Sidan starten i Førde har Norec lyst ut 46 stillingar og fått over 1100 søkarar. Søkarane har vore like mange og like kvalifiserte som søkarar til utlyste stillingar i Oslo.

Ved utgangen av 2022 hadde vi ein turnover på tolv prosent, nesten som før flyttinga. Både leiing og fagforeiningar har jobba hardt for stabilisere gruppa av tilsette. Sosiale aktivitetar og mogelegheiter til fagleg utvikling har vore viktig for å lukkast med dette. I tillegg har vi justert lønspolitikken vår mot andre liknande, statlege etatar.

Kva andre kan lære av oss?

Vi har lært mykje av flyttinga som vi trur kan vere nyttig for andre i små eller store omstillingar.

For å lukkast med omstilling bør du:

  • Ha ein struktur som sikrar at tilsette blir godt oppfølgde, og at dialogen med eigarane er god
  • Ha ei utvikling av organisasjonen som inspirerer til at folk tenker nytt og samarbeider på tvers
  • Jobbe tett med tillitsvalde for å skape ein god kultur i organisasjonen

Så finst det ikkje utfordringar i Norec, då? Jau, det finst det så absolutt. Men saman taklar vi utfordringane og får jobben gjort.

Publisert: