Kunne ønske det var VM hele året

Det har vore ei sann oppdaging av kva eit vennleg bysentrum kan vera.

BERGEN SENTRUM: Bilfrie gater under VM. Bjørn Erik Larsen

Kristin Rygg
Bergen

Det partiet som ved neste kommuneval jobbar for null biltrafikk over Fisketorget og Bryggen får stemma vår! Å rusle rundt i området Fisketorget/Bryggen under sykkel-VM og berre høyre lyden av menneske og syklar, det har vore ei sann oppdaging av kva eit vennleg bysentrum kan vera.

I sommar skulle dottera mi og eg leika turistar i eigen by, og vi gjekk på Fisketorget for å eta middag. Det er det mest bråkete måltidet vi nokon gong har inntatt. Ein meter frå teltduken dundra bilar, bussar, lastebilar og motorsyklar forbi. Og det skal vera det historiske Bergen som folk kjem langvegsfrå for å nyta?

Vi bur i den delen av Sandviken som er nærmast sentrum, men vi har for lenge sidan slutta å ta turen gjennom sentrum for å koma til Møhlenpris eller Bergen sør og vest. Vi køyrer ut og tar Fløyfjellstunnellen. Det oppfordrar vi andre og til å gjera til politikarane har fått bestemt seg. Her i huset veit vi i alle fall kva vi vil ha.

Trafikken halvert mandag morgen
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg