Berre éin gong har eg opplevd at bilisten har sleppt køen forbi. Dei andre sinkane køyrer vidare, utan å sleppe fram trafikken.

Når eg blir liggjande bak sinkane, får eg hissige bilistar som legg seg heilt bak i bakruta på bilen min. Må eg bråbremse, smeller det. Det skremmer meg.

Det er like farleg å køyre for sakte som det er å køyre for fort. Sinkane skaper hyppige og stygge forbikøyringar. Eg har ein del gonger vurdert å køyre forbi sjølv, men det er heilt umogeleg. Vegen er slik at det anten kjem bilar imot heile tida, eller så er det uoversiktleg på grunn av ein sving. Den sjansen tar eg ikkje.

SMELLER: Når eg blir liggjande bak sinkane, får eg hissige bilistar som legg seg heilt bak i bakruta på bilen min. Må eg bråbremse, smeller det, skriv Hege Alette Eilertsen.

Då vel eg heller å sleppe forbi dei som ligg bak meg, slik at eg ikkje bidreg til ein lang kø, som i verste fall kan føre til ei trafikkulykke med døden til følgje.

Ein må ha tålmodigheit med sinkane òg. Ein veit aldri kva som er grunnen til at dei køyrer for sakte. Men fartsgrensene er der for ein grunn, og dei bør følgjast. Dei gjer at det blir meir flyt i trafikken.

Ver flink å sleppe forbi viss du må køyre saktare, då slepp du å få hissige bilistar bak. Dei er like farlege.