Avlys priskrigen i matbutikkane!

Låge prisar gjer oss mellombels utilreknelege.

Publisert: Publisert:

UTSOLGT: Mitt behov for å faktisk få tak i vara er mykje større enn mitt behov for å få den til sterkt rabattert pris, skriv Turid Grydeland Nordås. Foto: Bergens Tidende (arkiv)

Debattinnlegg

Turid Grydeland Nordås
Nesttun

Ein regnfull ettermiddag stikk eg som vanleg innom nærbutikken min. Nok ein gong gaper tomme butikkhyller mot meg. Nok ein gong er lappen der: «Kjære kundar, det er berre tre til kvar». Og nok ein gong forstår eg at det blir ikkje laging av marsipanfigurar med barna i år heller. Eg blir ikkje berre irritert. Eg blir rasande!

Jau då, klart det er flott med gode juletilbod, det er trass alt mykje som skal handlast inn på denne tida. Jau då, varer eg likevel må ha, er det fint å få rabatt på. Men. Og det er eit stort men. Eg får ikkje dra nytte av det! Eg får aldri tak i desse varene, fordi dei alltid forsvinn, openbert på ei tid på døgnet der eg aldri er på butikken.

Og la det vera sagt: mitt behov for å faktisk få tak i vara er mykje større enn mitt behov for å få den til sterkt rabattert pris. Eg har ein teori. Den er at alle varer som er nedsette med over 50 prosent, gjer at kundane rett og slett blir mellombels utilreknelege.

For to år sidan hadde me same runde med priskrig. Eg enda opp med rådyr, grov marsipan, som verken var god å forma eller god å eta. På nyåret fortalde ein kollega av meg at ho brann inne med store mengder marsipanpølser. Ho hadde sett tilbodet, og før ho visste ordet av det låg det ti marsipanpølser i handlekorga.

Då ho kom heim, innsåg ho at verken ho eller andre i familien likte marsipan. «Men eg klarte ikkje la vera når det var så billig». Eg kunne ha fillerista ho. Men i enno større grad har eg lyst å fillerista billigkjedene.

Fri oss frå ekstremt lave prisar som gjer oss mellombels utilreknelege! Fri oss frå tomme butikkhyller! Og fri oss for skuffa barn som ikkje fekk laga marsipanfigurar i år heller!

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg