Frå klyngjetun til gjennomfartsåre

Få stader har straum og moderne samferdsle ført til så store inngrep som i dei små grendene langs Sørfjorden i Vaksdal.

Publisert: Publisert:

ENDRING: Den gamle grenda Fossmark, her rekonstruert av Åse Lilleskare Faugstad slik det må ha sett ut før 1926, har fått både E16 og Vossebana tvers gjennom tunet. Foto: Åse Lilleskare Faugstad/PRIVAT

Debattinnlegg

Åse Lilleskare Faugstad
Forfattar og pensjonert lektor

I lys av planlegging av ny veg, E16, og ny jernbane, er det interessant å sjå på historia til ei grend som blir berørt av K5-løysinga mellom Arna og Voss. Få stader har der vore så store omskifte som i dei gamle grendene langs Sørfjorden, frå Arna til Stanghelle og Dalevågen, i området som i dag tilhøyrer Vaksdal kommune.

Den kulturhistoriske arven bør fram i lyset når endringar vert planlagde, og det er viktig å formidla landskapets historie og verdiar.

Det bratte terrenget mellom fjell og fjord gjorde gardsdrift tungt heilt frå gammal tid. Dyrking av jorda gav ofte knapp avkasting. For å skaffa nok fór til kyr og sauer, rodde dei som hadde slåtteteigar på Osterøy til hi sida av fjorden, noko stadnamn som Slåttestallen og Høyskarvet fortel om.

Det vart sagt at dei som slo med stuttorv i dei bratte ufsene på denne nesten ubygde sida av Osterøy, såg fjorden mellom beina medan dei sanka det livsviktige graset.

Det eldste skriftlege vitnemålet om Fossmark står i jordeboka til den danske adelsmannen Vincents Lunge, statthaldar på Bergenhus, i 1535. Namnet på garden er då skrive Ffossmarwigh.

I 1563 er leiglendingen Endrett po Fossmarck oppført i skattelista. Opphavleg var der eitt bruk, men kring 1650 vart Fossmark delt i to like store gardar, som var oppstykka i mange små teigar.

Men jorda var ikkje like god alle stader, så det viste seg å vera umogeleg å dela tvert i to. Ei «minneleg» utskifting skulle betra på teigdelinga i 1837. Dette var den første utskiftinga av jorda i Fossmark.

Ifølgje munnleg tradisjon stod dei aller eldste husa i Fossmark på Hønshaugen, der det i dag står ein garasje. Ovanfor Kvernhusbekken like ved stod eit kvernhus. Tvers overfor kom Riksvegen mellom aust og vest i 1965/66, og delte grenda.

Det gamle klyngjetunet der mine besteforeldre Mons og Anna Fossmark budde, og mor mi, Astrid Lilleskare f. Fossmark, vaks opp, låg midt i ei innmark. Dei gamle våningshusa var tradisjonelle lange, låge vestlandshus, og stod attmed kvarandre med eit trongt smug i mellom.

I tunet kom etter kvart to mindre bustadhus og to store florar, éin for kvart bruk. Den eldste bygningen i tunet i dag er ei stavaløa, som vart bygd i 1657 og er alt som er att av bygningsmiljøet i det opphavlege klyngjetunet.

I 1883 skar Vossebana seg gjennom landskapet nedom tunet, slik at sjøsida vart skild frå bøane, der husa stod. Gamle, opptrakka stiar mellom vart skorne over, og folk måtte gå over jernbanelina for å koma til sjø og naust.

VESTLANDSSOGE: Mor til Åse Faugstad Lilleskare (78) var den siste som hugsa det gamle klyngjetunet i sin heilskap. Foto: PRIVAT

Dei gamle kjerrevegane var avrivne av skjeringar og store røyser etter jernbaneutbygginga. Den praktfulle «Gamlefossen», som kasta seg utfor fjellplatået sør om Fossneset, og som grenda har namn etter, vart før bygging av Vossebana i 1883 leia inn i eit nordlegare skar, og lagt i tunnel under jernbana.

Då kraftstasjonen vart bygd i 1916–17, vart Fossdalselva lagt i tunnel og så i rør ned til kraftverket. Julaftan 1917 kunne maskinist Johan Torkilsen kopla inn brytaren som gav grenda elektrisk lys og varme.

Den andre utskiftinga i 1926 endra den vesle grenda dramatisk. No vart våningshus og fjøs rivne og flytta frå kvarandre til nye stader, slik at kvar brukar fekk si eiga jord samla på éin stad.

Redsel for brann når hus stod tett saman, var ein av fleire praktiske grunnar til utskiftinga. At bøndene fekk hus og jord samla på sin eigen stad, vart sett på som eit gode, men noko av samhaldet kunne gå tapt. Skiftet markerte eit brot med den gamle europeiske landsbytradisjonen:

«Innmarksutskiftingane var med på å skape det kulturlandskapet og de bygdemiljøene vi kjenner frå 1900-talet og fram til i dag. Både den materielle og den mentale effekten på det norske bondesamfunnet kan vanskeleg bli overvurdert,» skriv Mads Langnes ved Universitetet i Bergen i avhandlinga si om jordskiftereforma i 1859.

«De sosiale relasjonane endra seg, siden de nye enkelttunene ble en meir lukka og privat familiesfære enn det gamle «landsbyfellesskapet»» skriv han vidare.

I dag tek fleire til orde for at tunet som bustadform, bør få ein renessanse.

Kring 2000 fekk Fossmark gangveg parallelt med stamvegen og jarnbanelina, gjort nødvendig på grunn av aukande trafikk og tunge køyretøy. Inngrepet tok store delar av den største teigen.

Ei ny horisontal line delte landskapet ytterlegare. Jernbaneovergangane vart stengde, og der kom bruer over lina. I dag kan ein spasera i eit breitt rektangel mellom dei ulike delane av grenda. Avstanden kan verka lengre enn den gongen ein gjekk frå fjellet direkte ned til sjøen langs dei gamle stiane.

Av dei som budde der, var mor mi, Astrid Lilleskare, den siste som hugsa klyngjetunet i heilskap. Det kan ha verdi for dei som lever etter oss, å finna ein dokumentasjon på kulturlandskapet og bygningsmiljøet i Fossmark, slik det var for meir enn nitti år sidan.

Fossmark er ei av mange grender, der gode som elektrisk straum og moderne samferdsle har ført til store inngrep i naturen, og endra landskapet frå slik det såg ut den tida fjella stengde og fjordane batt.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg