Vi treng maksprisar på ferjene

Reisande skal ikke ta rekninga for ei regjering som ikkje sørgjer for tilstrekkeleg finansiering.

Publisert Publisert

GARANTIST: Senterpartiet er ein garantist for at staten skal dekka kostnadane ved omlegginga til ny teknologi, skriv Hans Inge Myrvold (Sp). Foto: Senterpartiet

Debattinnlegg

  • Hans Inge Myrvold
    3. kandidat Hordaland Senterparti

Leiarordet i Bergens Tidende 16.januar synte til at ferjeprisar ikkje er gjenstand for debatt og vedtak i Stortinget. Senterpartiet sitt engasjement i munnleg spørjetime 14.januar, og vårt forslag som Stortinget no skal ta stilling til om makspris på båt- og ferjebilletter, handlar i realiteten om at staten dekker dei meirkostnadane som ein påfører fylkeskommunane. Og ikkje minst stå opp for alle distrikta, der ferje er naudsynt for å kome seg til og frå arbeid og skule.

Langs store deler av kysten, er ferjene ein del av vegnettet. Folk er isolert utan dette fartyet. Ferjebilletten blir sett på som bompengar. Senterpartiet har vore opptatt av fylkeskommunane sine vilkår, for å imøtekome krava om lav- eller nullutsleppsteknologi som er vedtekne av Stortinget.

Vårt forslag i Stortinget i 2015 var: «Stortinget ber regjeringen iverksette tiltak som sikrer at alle fylkeskommunale og kommunale ferger og hurtigbåter benytter lav- eller nullutslippsteknologi ved nye anbud og på ruter i egenregi. Det etableres en egen tilskuddsordning som dekker merkostnadene knyttet til dette.»

I dag nyttar fylkeskommunane 2,3 milliardar til fylkesvegferjene i heile landet. Samanlikna med disponeringar til transportløysingar i statsbudsjettet, utgjer dette kun 3,4 prosent.

Frå før veit me at fylkesvegane har eit enormt vedlikehaldsetterslep. Det handlar såleis om politisk vilje, for å innrette ei tilstrekkeleg og naudsynt finansiering for både ferjer og veg i distrikta. Dette evnar ikkje regjeringa.

På Stortinget har Senterpartiet fungert som garantist for at staten skal dekka kostnadane ved omlegginga til lav- og nullutsleppsteknologi.

Ferjereisande skal ikkje måtte ta rekninga for ei regjering som ikkje følgjer opp med tilstrekkeleg finansiering av nye ferjeanbod.

Difor er Senterpartiet sitt forslag i Stortinget om maksprisar for båt- og ferjebilletter heilt naudsynt!

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg