Dei utanlandske studentane er viktige for oss

NHH er takksam for at Sufian Musab Ahmed har minna oss på kor viktig integrering av internasjonale studentar er.

FOR ALLE: Det er få internasjonale studentar i dei ulike gruppene i Studentforeininga til NHH. Argumenta har mellom anna vore at gruppene ønskjer medlem som kan forplikte seg for mange år. Studentforeininga jobbar mykje med å endre slike haldningar, skriv innsendarane. Jan M. Lillebø

  • Linda Nøstbakken
  • Joachim Aae

Masterstudent Sufian Musar Ahmed ved NHH har rett i det han skriv i Bergens Tidende 28. august om at NHH ikkje heilt har lukkast med å integrere internasjonale studentar i studentmiljøet i Sandviken. Vi er klar over at vi har ein veg å gå med å inkludere internasjonale studentar.

NHH har i mange år lagt til rette for at dei norske studentane skal tilbringe eit semester eller to i utlandet i løpet av den femårige siviløkonomutdanninga. Dette har vi lukkast veldig godt med. I ei årrekkje har vi vore den høgare utdanningsinstitusjonen i landet som har sendt ut flest studentar til lærestader i Europa og resten av verda, rekna i prosent. I 2016 valde heile 53 prosent av fulltidsstudentane våre å dra på utveksling. I tillegg har vi ei rekkje studietilbod som føregår på engelsk, og ulike tilbod der delar av utdanninga føregår i utlandet.

Vi ser òg ei auke i talet på innreisande utvekslingsstudentar frå gode handelshøgskolar i utlandet som vel å studere eit semester eller to ved NHH. Den aller største auka har vi likevel i gruppa internasjonale studentar som tek ein toårig mastergrad hos oss. Berre sidan i fjor har 25 prosent fleire internasjonale masterstudentar takka ja til å flytte til Bergen for å studere ved NHH. Til saman utgjer desse fulltidsstudentane om lag 15 prosent av studentmassa.

Omtrent halvparten av alle som tek mastergrad hos oss, har bachelorgraden frå NHH. På masterstudiet blir det då god blanding av ‘interne’ og ‘eksterne’ studentar, og av norske og internasjonale studentar. Dette er verdifullt for studentane og gjer undervisninga meir relevant for eit stadig meir globalt arbeidsliv.

Det vi likevel ikkje har vore gode nok til, er å få studentane våre til å nytte høvet til å tileigne seg internasjonale impulsar og perspektiv når dei er heime på campus i Bergen. Her har vi eit stort uutnytta potensiale. Vi veit dessutan at dei internasjonale NHH-studentane ønskjer betre kontakt med dei norske medstudentane sine og på den måten lære meir om norsk kultur og samfunnsliv.

NHH og studentforeininga har dei siste åra vore opptekne av å få dei norske og dei internasjonale studentane til å studere meir saman. Vi jobbar kontinuerleg med dette, men har - som Sufian Musar Ahmed påpeikar - framleis ein veg å gå. Kan hende har vi ei stund vore litt naive og trudd at dette skulle gå av seg sjølv.

Les også

Student: - Størst av alt er fagkjærligheten

Språk er ein viktig integreringsfaktor, òg på NHH. Mange av dei internasjonale studentane har lyst til å lære norsk medan dei er her, og alle får tilbod om norskopplæring. For dei fleste er det likevel urealistisk å lære norsk raskt nok til å kunne bruke det som hovudspråk den fyrste tida på NHH.

Det er synd at ein del norske NHH-studentar vegrar seg for å snakke engelsk føre norske medstudentar. Sjølv studentar med ein femmar eller seksar på vitnemålet frå vidaregåande skule, unngår å snakke engelsk medan andre norske høyrer på. Årsaka? Dei føler seg ikkje gode nok i språket.

Dette er diverre noko som går igjen også på andre område. NHH ser alvorleg på slike haldningar, og saman med studentane har vi sett i gang «Flink nok». Tiltaket dreier seg om å redusere prestasjonsangsten som enkelte studentar opplever, våge å feile, og meir generelt betre den psykiske helsa blant studentane.

Den nye leiinga som starta 1. august, kjem til å sette i gang fleire tiltak allereie i haust. Til dømes ønskjer vi å leggje til rette for at faglærar kan sørge for at samansetninga i arbeidsgrupper som skal levere oppgåver, blir meir variert. Dersom vi let studentane sjølve velje kven dei vil vere i gruppe med, ser vi at dei ofte vel medstudentar som dei allereie kjenner.

Les også

UiB-student: - Jeg vil huske ensomheten

Studentforeininga til NHH er svært aktiv og har tretti undergrupper. I tillegg finst det om lag hundre uavhengige interessegrupper for alle moglege aktivitetar som ulike idrettar, kor, fotografering, band og sjakk.

Dei fleste gruppene har tatt inn få internasjonale studentar, og argumenta har vore at det er krevjande å oversette alle skriftlege dokument til engelsk, og at gruppene ønskjer medlem som kan forplikte seg for mange år. At ein kan synge på norsk, har òg vore eit argument.

Det siste året har styret i studentforeininga jobba mykje med haldningsendring både blant gruppene og i resten av studentmassen. Studentforeininga lukkast godt med det, og fleire av gruppene opnar no for å ta inn internasjonale studentar. Tilbakemeldingane har vore gode: Ikkje berre opplever dei norske studentane at dei blir betre i engelsk, men òg at dei internasjonale medstudentane har mykje å bidra med fagleg og sosialt.

Generalforsamlinga, det øvste organet til NHH-studentane, skriv no sakspapira og innkalling på engelsk for å inkludere dei internasjonale studentane. På sjølve møtet kan studentane velje om dei vil snakke norsk eller engelsk.

Les også

Debatt: Trump-effekten på NHH

Ein annan arena der studentforeininga har gjort vellukka endringar, er fadderveka for nye studentar. Foreininga har satsa på å rekruttere fleire faddarar til gruppene med innreisande utvekslingsstudentar, og resultatet no i august var at mange fleire norske studentar meldte seg til oppgåva. Å finne faddarar til gruppene med internasjonale studentar har tidlegare vore veldig vanskeleg, så me tek dette som eit teikn på at me er på rett veg.

Det ligg i handelshøgskolane sin natur å vere internasjonale. For å lukkast i ein global arbeidsmarknad, treng NHH-studentane språkkunnskap, kulturforståing og kjennskap til andre land. Internasjonal røynsle blir berre viktigare og viktigare.

Vi er overtydde om at dei internasjonale studentane speler ei viktig rolle i å gjere utdanninga vår betre og i å ruste studentane for arbeidslivet.
Leiinga og studentforeininga ved Noregs Handelshøgskole er takksame for at Sufian Musab Ahmed har minna oss på kor viktig intergrering av internasjonale studentar er, og vi nyttar det at han set dette på dagsorden til å vurdere ytterlegare grep.

Vi håpar og trur at me dei neste åra skal kunne vise til endå betre resultat når det gjeld internasjonalisering på NHH. Konstruktive tilbakemeldingar er uansett alltid velkomne.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg