LAR-graviditetar må unngåast

Dropp å gi gratis prevensjon til alle friske kvinner mellom 20 og 24 år. Ein bør prioritere kvinner i LAR.

ETISK UFORSVARLEG: Det er ikkje etisk forsvarleg å gjennomføre behandlingar eller studiar som kan føre til at barn blir påført helseproblem som kunne vore unngått. Det bør og gjelde for barn av rusavhengige, skriv Kjersti Toppe (Sp).

  • Kjersti Toppe
    Helsepolitisk talsperson og stortingsrepresentant (Sp)
Publisert:

Eit spedbarn som fire til seks gonger om dagen sug på ei sprøyte med morfin, var blant dei mest leste sakene på bt.no i går. Guten var fødd med abstinensar. Mora var i LAR (Legemiddelassistert rehabilitering) under graviditeten, og brukte metadon. Eit behandlingstilbod som er vurdert til å vere det beste for kvinna. Men det har sine konsekvensar for den nyfødde. Kan vi tole ein slik praksis?

LAR-behandling under graviditet har lenge vore eit konfliktfullt tema i Norge. I 2011 kom Helsedirektoratet med Nasjonal retningslinje for gravide i legemiddelassistert rehabilitering. Dei var klar på at doseringa av LAR-medikament bør oppretthaldast under graviditet.

Dette er ifølgje direktoratet i tråd med internasjonal praksis. Nedtrapping blir fråråda og må skje på eige ansvar.

Men Helsedirektoratet slo også fast at kunnskpsgrunnlaget er mangelfullt når det gjeld utviklinga av barn eksponert for LAR-medisin i svangerskapet. Omtrent halvparten av borna er så prega at dei treng medikamentell behandling for sine abstinensplager etter fødsel. Altså morfindropar i sprøyter som den nyfødde får suge på. Velkomen til verda.

Samfunnet har eit særskilt ansvar for å beskytte born mot helseproblem og risiko for helseskadar. Føre-var-prinsippet må leggjast til grunn. Det er ikkje etisk forsvarleg å gjennomføre behandlingar eller studiar som kan føre til at barn blir påført helseproblem som kunne vore unngått. Det bør og gjelde for barn av rusavhengige.

BT-leder:

Les også

Staten har et ansvar for LAR-barna

I Norge har vi internasjonalt sett ei god svangerskap, fødsel og barselomsorg. Vi brukar mykje helseressursar på å følgje opp og informere gravide for å sikre det ufødde barnet si helse. Derfor er det eit paradoks at barn av rusavhengige ikkje skal ha same vern.

I retningslinene frå direktoratet er ein opptatt av barnevern og oppfølging av kvinne og born vidare. Men ein aksepterer å ikkje vite i kva grad behandlinga gir skadar på fosterhjernen eller barnet si vidare utvikling. At born av rusavhengige blir fødd med morfinabstinens, er akseptert. Helsestellet skal berre takle det.

At born av rusavhengige blir fødd med morfinabstinens, er akseptert.

Vi treng ein ny og uavhengig gjennomgang av dagens praksis. Det er sterke motreaksjonar i fagmiljøa som arbeider i felten, mot helsedirektoratet si linje. Fleire fagfolk har stilt seg det ubehagelege spørsmålet om LAR-medisinen vi gir til gravide, er farleg for fosterhjernen? Fleire studie og kliniske erfaringar kan tyde på nettopp det, at risikoen er for stor. Kan vi leve med å ikkje vite? Kva meiner barneombodet?

Foreningen for human narkotikapolitikk:

Les også

LAR-systemet oppleves inhumant

Det er auka sjanse for å bli gravid etter oppstart i LAR. Dei fleste graviditetar i LAR er ikkje planlagde. Likevel er ikkje kvinnelege rusmisbrukarar sikra tilgang til gratis, langtidsverkande prevensjon. Familieplanlegging bør diskuterast, står det i dei faglege anbefalingane.

Samstundes vurderer stortinget å utvide ordninga med gratis prevensjon til å gjelde alle friske unge kvinner mellom 20 og 24 år. Eg seier: dropp det. Prioriter i staden kvinner i LAR slik at dei blir tilbydd gratis, langtidverkande prevensjon ved oppstart, utan å måtte søke kommunen om det. Det skulle berre mangle. La helsepersonell sterkt anbefale det, utan å gjere det til eit absolutt krav for å delta i LAR.

Helse— og omsorgskomiteen startar i desse dagar på behandlinga av regjeringa sin opptrappingsplan for rusfeltet. Helsedirektoratet er i gang med si evaluering av dei nasjonale retningslinjene for LAR-behandling av gravide. Begge deler er ein gyllen anledning til å gjere tiltak for å sikre barn av rusavhengige betre helseutsikter. Graviditet under LAR-behandling bør då unngåast. Kontrollert nedtrapping og avrusing i svangerskapet, eller aller helst før svangerskapet, må bli eit klarare alternativ.