Styrkje eller flytte Språkrådet?

Høgre vil vurdere om ansvaret for rettskriving av nynorsk og bokmål skal flyttast ut frå Språkrådet. Andre pressar på for å flytte Språkrådet ut av Oslo. Samanfallet av dei to sakene kan i verste fall reversere norsk språkpolitikk.

Publisert Publisert

FLYTTEPLANAR: Høgre med sin kulturminister vil no «vurdere om språknormeringen for bokmål og nynorsk skal flyttes ut av Språkrådet». Det synest ikkje artikkelforfattaren er nokon god idé. Foto: Jan Lillebø

Debattinnlegg

  • Ottar Grepstad

Høgre vil vurdere om ansvaret for rettskriving av nynorsk og bokmål skal flyttast ut frå Språkrådet. Andre pressar på for å flytte Språkrådet ut av Oslo. Samanfallet av dei to sakene kan i verste fall reversere norsk språkpolitikk.

Eg er prinsipielt for utflytting av statsarbeidsplassar. Statsforvaltninga treng mange fleire blikk enn lokalisering i hovudstaden gir. Eg er endå sterkare tilhengjar av å etablere arbeidsplassar utanfor Oslo heilt frå grunnen av. Med den mentale sentraliseringa som pregar landet, trengst ei anna modernisering enn den som regjeringa Solberg driv fram.
Språkrådet står på lista over utflyttingskandidatar. Velinformerte politikarar fortel at jo, det blir flytting, ein veit berre ikkje kvar. Dermed står ordførarar i Orkdalen og Hallingdal, i Sunnhordland og på Sørlandet, og ein fylkesmann i Sogn, og peikar på hustufter som kan passe. Som Liv Signe Navarsete sa i ei oppøst stund: Dei anar ikkje kva dei snakkar om.

Språkrådet er statens fagorgan for forvaltning av nynorsk, bokmål, teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk, og det forvaltar ein kompetanse som kan måle seg med det andre land har å by på. Språkrådet har og skal ha fleire medarbeidarar med doktorgrads-kompetanse. Språkrådet skal ha ei systematisk og brei kontaktflate med alle delar av samfunnet.

Alt dette gjer at Språkrådet treng sterke, breie og dynamiske fag- og samfunnsmiljø. Ingen høgskulestad er i nærleiken av å kunne tilby dette. Hallingdal har eit sentralt miljø for teiknspråk, men det er ikkje nok. Sogndal og Volda har sterke nynorskmiljø, men det er heller ikkje nok. Ikkje ein gong alle universitetsmiljøa held mål. Bergen gjer det utan tvil, men vil ei flytting vestover styrkje Språkrådet og institusjonens rolle i samfunnet?

Trur ikkje det, nei.
Ingen er mot kystkultur, utdanning, miljøvern. Difor slår det ikkje politisk uheldig ut at Kystverket er i Ålesund, Utdanningsdirektoratet i Oslo eller Miljødirektoratet i Trondheim. Med Språkrådet er det annleis.

Å flytte Språkrådet er mykje meir enn å flytte arbeidsplassar. Det handlar om kultur- og språkpolitisk makt. Truleg sviktar statsforvaltninga meir i oppfølginga av dei oppgåvene som Språkrådet fører tilsyn med enn på svært mange andre samfunnsområde – og forvaltninga slepp unna med det. Språkrådet treng altså større politisk legitimitet og autoritet enn dagens regime gir det.

Der er språkmiljø som gjer alt dei kan for å svekkje posisjonen til Språkrådet. Jamvel regjeringspartiet Høgre med sin kulturminister vil no «vurdere om språknormeringen for bokmål og nynorsk skal flyttes ut av Språkrådet». Ingen faginstans og inkje fagmiljø kan forvalte rettskrivinga av dei to norske språka nynorsk og bokmål betre enn Språkrådet alt gjer på eit demokratisk, folkestyrt grunnlag.

I årevis har Språkrådet bygt ei solid plattform for arbeidet sitt med klarspråk. Det heng nøye saman med arbeidet for språkleg jamstilling. Styrken er nettopp at Språkrådet tek vare på heilskapen og samanhengane mellom nynorsk, terminologi og normering. Så langt har Stortinget avgrensa dette arbeidet til statsforvaltninga.

Språkbrukarane i dette landet treng at Språkrådet blir verande eit vitalt og sterkt fagorgan for språk. Å flytte Språkrådet inneber å ta til på eit nullpunkt og byggje opp ein heilt ny organisasjon.

Mange forvaltningsorgan kan flyttast heilt eller delvis utan politisk negative følgjer. Utdanningsdirektoratet med sine nær 300 tilsette er berre eit av mange døme. Ofte kan flytting også skape nødvendig ny dynamikk i ein institusjon. Då Norsk språkråd i 2004 blei omforma til det nye Språkrådet, kunne Stortinget gjerne ha lagt den nye institusjonen til Bergen. No er situasjonen ein heilt annan. Språkrådet er ein veldriven organisasjon med den beste direktøren til dags dato. Som styreleiar i fem avgjerande år kunne eg sagt mykje om kor krevjande det var å kome dit.

Det er politisk høgrisiko å flytte Språkrådet no når det nest største partiet i landet gjer landsmøtevedtak som i sin konsekvens svekkjer institusjonen. Viss ein ønskjer eit sterkt statleg fagorgan for språk, finst det ingen gode språkpolitiske grunnar for å setje dette på spel no.

Ingen.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg