Kattebilete er det lite av på jobben hos oss

Korleis skal vi kunne gjere jobben i eit landskap utan bøkene våre, og der vi stadig skal flytte frå pult til pult?

Publisert:

KOMMUNIKASJON: Vårt arbeid krev uforstyrra konsentrasjon over lang tid, leiinga hevdar at landskap fremjar kommunikasjon. Men kva kommunikasjon kan ein ha når ein veit at ein forstyrrar 30 kollegaer kvar gong ein opnar munnen eller tar ein telefon, spør innsendarane. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

Sissel Rosland og Jacob Melting
på vegne av samfunnsfagseksjonen, avd. for lærarutdanning, campus Bergen, Høgskulen på Vestlandet

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal det i 2020 stå ferdig eit nytt bygg. Dei tilsette ynskte enkeltkontor, men prosjektgruppa konkluderte med ei 50/50 fordeling mellom enkeltkontor og landskap. Så brått, utan varsel, endrar rektor dette til 100 prosent arbeidsplassar i landskap utan faste plassar.

Folk som driv med undervisning og forsking nyttar bøker. Mykje av litteraturen er ennå ikkje digitalisert, og ofte er det dessutan meir formålstenleg å lese på papir enn skjerm. På kontora våre driv vi i dag med undervisningsførebuing, rettleiing og forsking. Vi spør: Korleis skal vi kunne gjere denne jobben i eit landskap utan bøkene våre, og der vi stadig skal flytte frå pult til pult? Korleis skal høgskulen nå måla om auka kompetanse og universitetsstatus dersom tilsette ikkje får arbeidsforhold til å forske?

Les også

Hodetelefonen er det nye kontoret

Vi observerer at enkelte arkitekturpsykologar, blant anna Marit Skogland, meiner motstanden mot landskap botnar i at folk vil ha plass til kattebilete, samt uvilje mot at det skal bli «enklere for lederen å følge med, å være ’hands on’ og bistå der det trengs». Kanskje fins det arbeidsplassar der dette gjev meining? I vårt arbeid fortonar dette seg beint fram komisk. Skal leiaren nå gå rundt i landskapet og hjelpe oss med forskinga?

Kattebilete er det lite av hjå oss. Det det derimot fins ein god porsjon av, er dedikasjon til dei oppgåvene vi er sett til å utføre. Vi ynskjer å drive gode lærar- og barnehagelærarutdanningar, og god forsking. Dersom vi ikkje kan gjere arbeidet på arbeidsstaden, vil truleg svært mange velje å gjere det heimafrå. Slik vil godt fungerande fagmiljø fragmenterast, og vi mistar kontakten med studentane.

Vårt arbeid krev uforstyrra konsentrasjon over lang tid. Dette gjeld også dei fleste av våre administrative kollegaer som i dag er plassert i lite hensiktsmessige felleskontor. Leiinga hevdar at landskap fremjar kommunikasjon. Men kva kommunikasjon kan ein ha når ein veit at ein forstyrrar 30 kollegaer kvar gong ein opnar munnen, eller tar ein telefon?

Les også

Jo, man kan også trives i «Öppna landskap»

Overlege i Arbeidstilsynet, Jan Vilhelm Bakke, konkluderte etter å ha gått gjennom 26 studiar med at «de som har kognitivt krevende arbeidsoppgaver, eller som skal sitte i ro og fred og tenke, de bør ikke arbeide i åpne landskap». Studiane viste at landskap førte til meir stress og mindre produktivitet. Liknande erfaringar har Malmø Högskola, der veggar nå er på veg opp att etter to år med landskap. Kortsiktige sparetiltak kan bli dyre i det lange løp.

Leiinga ved HVL hevdar at forskinga er meir balansert. Då Forskarforbundet etterlyste dokumentasjon, var resultatet derimot magert. Det ein fekk tilsendt, var ein artikkel (som ikkje gjaldt universitets- og høgskule-sektoren), samt ein såkalla «trendrapport» frå møbelleverandøren Kinnarps. Her kan vi bl.a. under overskrifta «Du nye, skjønne kreffektive verden» lese at: «Kreativitet pluss effektivitet blir kreffektivitet. Som betyr at vi må være både kreative i vår effektivitet (hele tiden gjøre ting på bedre måter) og effektive i vår kreativitet (å fremskynde utviklings- og innovasjonsprosesser)».

Vi veit ikkje om vi skal le eller gråte av at denne typen salsbabbel nå nyttast som argument i arbeidsplassutforminga ved ein av Noregs største høgskular.

Kjære HVL-leiing: Det er ikkje for seint å snu. Vi er klar over at Statsbygg/Kunnskapsdepartementet pressar på. Men i ein slik situasjon burde ikkje leiinga gå inn i rolla som departementets misjonærar, men saman med andre høgskular/universitet ta opp kampen og stå fast ved at under slike arbeidsforhold vil ikkje sektoren kunne utføre dei samfunnsoppgåvene den er sett til å forvalte.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg