Kvinner blir pressa til å sjå ut som 14-åringar

Vi skal inn i ei norm og ei form der den 14–15 år gamle kroppen skal vera som hermetisert.

Kvinnekroppen er i evig forandring, av ulike årsaker, skriv Borghild Ygre Skorve.
  • Borghild Ygre Skorve
    Voss, medeigar i Voss Ur og Design
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I dag skal eg fortelja om vakre Signe, ei ung flott jente eg kjenner. Signe skulle prøva bunaden ho fekk til konfirmasjonen i fjor. Den som ho hadde fått spesialsydd nettopp til seg. Den som sat som eit skot for berre eit lite år sidan.

Ho stod i spegelen, og me kunne begge fort fastslå at den absolutt ikkje sat som eit skot lenger. Den korkje sat eller stod til kroppen hennar. Den var både for liten, for kort og for trong, alt på ein gong.

Signe hadde vakse, ho hadde forandra seg, og forma frå i fjor var ikkje passeleg lenger. Ho skya fullstendig over, og sjølvbiletet gjekk i svart. «Eg ser jo ikkje uuut», trampa ho i golvet. «Du er fin, du er flott, og du er heilt normal», prøvde eg.

Men Signe ville ikkje høyra. Ho var berre veldig lei seg, og veldig trist, og så sint på denne kroppen sin, som hadde forandra seg med eit slikt hopp på berre eit lite år! Dette fekk meg til å tenkja litt rundt dette temaet, bunad, fasong og kvinnekropp.

Å ikkje kome inn i bunaden kan fort prege humøret. Borghild skriv om sitt møte med Signe.

Å få bunad til konfirmasjonen kan for nokon kroppsleg sett vera så altfor tidleg, også for mange av jentene, tenkjer eg. Ikkje alle er komne i puberteten eingong, og mange er flate som vaskebrett. Ikkje er dei blitt lange nok, og ikkje store nok. Ikkje har dei fått mens, og ikkje er dei byrja med p-pille.

Kroppen er enno berre eit barn for mange, og den står enno berre i knopp, så då kan ein spørja seg: Korleis skal denne same bunaden passa til denne same jenta når knoppen brått står i full blom året etter? Men neimen om det er jenta det er noko gale med, men det er desse malane jenter blir stappa inn i, gjennom heile livet!

Kroppen endrar seg dramatisk på nokre få år, men likevel ligg det eit usagt press på at konfirmasjons-bunaden skal passa smjokk smjokk i år etter år. Til og med etter to–tre barnefødslar skal jentene skli inn i same bunaden, og den skal sitja som støypt.

Les også

Drit i sommarkroppen. Det er bunadskroppen du må tenke på.

Men med gutane er det annleis. Dei skal venta til dei er utvaksne, lange nok, store nok og ferdig utvikla nok, før dei bør få seg bunad, vert det sagt. Og det er vel ikkje før sånn cirka i førtiårsalderen at dei fleste menn får seg bunad no i dag. Då gjerne etter å ha vore med på to–tre barnefødslar. Men ingen jenter er like, like lite som at gutane er like.

Nokon er fullt utvaksne som konfirmantar i mai, mens andre brukar fleire år på få på plass ein vaksen kropp som kan passa inn i same bunaden i fleire år. Kva er det så som ligg til grunn for at det berre er jentene som blir fullt ut oppstasa med bunad, 14–15 år gamle, og ikkje gutane?

Rett skal vera rett, det er nok ofte meir styr å sy ut ein herrebunad enn ein jentebunad, men alt er relativt. Her på Voss leigar gutane bunad hjå ulike husflids- og bondelag til konfirmasjonen. Og den må også i mange tilfelle tilpassast den uferdige unge guten. Så unnskyldninga er kanskje ikkje heilt openbar.

I 1962 var heile familien samla til dåp for yngstesøster Margunn, som er i armane på mor Torbjørg Ygre. Framme frå v. er Dagbjørg og Borghild (innsendaren), og bak står far Ingvald, Jorunn, Ingrid, Aslaug, Solveig og Dagny. Sju søstre og ei mor i bunad.

Kroppsleg forandring og pubertet er jo den same hjå begge kjønn, om enn den kjem på ulike måtar, og på ulike stadium? Kan det vera at dette heng att etter typisk gamal tankegang der jentene vart erklært vaksne straks dei vart konfirmerte, og dermed gifteklare, og derfor måtte bunaden og sølvet vera sikra?

Kvinnekroppen er i evig forandring, av ulike årsaker. Likevel blir jenter pressa inn i ei norm og ei form der den 14–15 år gamle kroppen skal vera som hermetisert, for så å passa like godt inn i bunaden kvart einaste år.

Også når me har passert 40–50, og har tre-fire-fem barnefødslar unnagjort. Ikkje veit eg, eg deler berre tankane. Men kanskje nokon veit? Bunaden til Signe vart ordna i ein fei, og den sat som eit skot også i år. Og jenta var like strålande vakker som i fjor. Men ein ting er i alle fall sikkert, både forkledet og sølja passar like godt kvart år!

Signe er ikkje jenta sitt eigentlege namn.

Går du med bunad på 17. mai?

Publisert: