Randi Førsund

Norsk film har mindre oppslutnad enn norske kyrkjebenker, men det stoppar dei ikkje frå å feire seg sjølve som om dei var del av den norske folkesjela, til stor jubel. For kven? For er Amandapriseutdelinga folkefest, bransjefest eller firmafest? Når staten stadig løyver større summar til norsk filmproduksjon, lyt vi forvente at investeringa også forvaltar stjerner som treff og samlar folket. I motsetnad til norsk film er kyrkja djupt forankra i den norske folkesjela, sjølv om ho vert kokt ned til til å dreie seg om kven som ikkje er velkomne innom dørene.Les også:

Blant dei mest profilerte (og svært få) filmselskapa som sit som faste mottakarar frå Norsk Filminstitutt, går det ikkje så veldig bra. Eitt av selskapa fekk støtte frå NFI for å unngå konkurs, eit anna profilert selskap har nyleg gått konkurs med gjeld på fleire titals millionar. Dette er ikkje filmskaping eller filmnæring. Hadde NFI vore plassert i Førde eller Bergen, hadde den negative stoda i norsk film hasta like lydlaust forbi til neste «storfilm» og «supersuksess» folk korkje såg eller fekk med seg?

Medan filmfestivalen gjekk av stabelen i Haugesund i august, fanga TV2 Nyheitskanalen kulturminister Thorhild Widvey (H ) inn på direktesending der ho på ståande fot måtte svare på kvifor det er viktig å lage filmar i Noreg. Ho såg ikkje ut som om ho gledde seg til å svare, men svara så diplomatisk ho kunne, at det er viktig å lage norske filmar som blir tatt godt imot av den internasjonale filmpressa.

Eg trur vi kan leggje til at det er viktig for norsk film å ha som mål å vinne nåde hjå eit internasjonalt publikum. Vidare er det viktig å lage norsk film for slik å ta vare på norske tradisjonar, særpreg, historier, språk og kultur frå heile landet.

Desse nyansane kokar vekk når til dømes vestlandsdrama og Anne B. Ragde sitt råe og tvers gjennom trønderske «Berlinerpoplene» i for stor grad pakkast inn i austlandsdialekt. Filmarbeidarar kan òg vere med å gje liv til fråflytta grender i heile landet, og dokumentere nordmenns liv og språk frå Lindesnes til Nordkapp. Dette let seg ikkje gjennomføre når 100 prosent av norsk filmmakt framleis i 2015 sit i Oslo.

Les også:

Kulturministeren måtte og svare på om ho sjølv såg norske filmar. Her var det heller ingen overveldande interesse å notere utover den profesjonelle, og ho avslørte at ho fekk med seg eit par (som ho måtte få med seg.)

Norsk film må skape interesse i det norske folk utover dei pliktinteresserte, og treffe eit internasjonalt publikum, før dei kan lage firmafestar for «folket» som syner stadig mindre interesse for dei norske «folkeheltane», som folket stort sett ikkje kjenner eller kjenner trong til å bli kjende med. Kvar region kjem ikkje med filmens Marit Bjørgen berre dei får nok pengar. Film er ikkje pengar aleine, men som kulturministeren så sant seier: «Suksess kjem av hardt arbeid over tid.»

Alle av dei norske filmregionane, Oslo inkludert, manglar meir enn pengar for å lukkast. Når prosjekta er gode nok, og menneska bak har nok talent, teft og kraft, vil dei beste få med seg investorane som lyt til for å realisere produksjonen likt andre næringsprosjekt. Så lenge staten bær ein heil konkursråka bransje på hendene, kledd ut som ein suksessrik bransje i framgang, vil denne dansen til alt for mange skattekroner som kunne vore nytta langt meir konstruktivt, halde fram.