Sexkjøpslova er ein bauta

Eg trur ikkje BT forstår rekkevidda av sin eigen leiar.

GATELANGS: Etter at sexkjøpsloven trådde i kraft i 2009 blei det ulovleg å kjøpe sex, men prostitusjonen har ikkje forsvunne av den grunn. Bilete visar kvinner som selg seksuelle tjenestar i Strandgaten. ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ

  • Marthe Hammer
    Kvinnepolitisk leder i SV til og med 19. mars og fylkestingsmedlem i Hordaland

BT skriv i sin leiarartikkel 14. juli at det «prinsipielle argumentet bør vege tyngst. Sex, mot betaling eller ikkje, påverkar ikkje andre enn de involverte.» Det er stor forskjell mellom sex utan betaling og sex mot betaling. Den makta det ligg i å kunne kjøpe eit anna menneske er formidabel. Ein vil aldri vite kva som eigentleg var grunnen til at kvinna sel sex. Var det fordi ho ikkje hadde noko anna val?

Les BTs leder:

Les også

Sexkjøpsloven bør fjernast

Og eg skriv kvinna som sel sex. Det er om lag 40–42 millionar i prostitusjon på verdsbasis. Om lag 80 % av dei som sel sex er kvinner. Prostitusjon er eit mannsproblem, om lag 95–98 % av dei som kjøper sex er menn. Det er dei som held oppe etterspørselen, som betalar for at så mange kvinner og barn vert utnytta. Bergens Tidende sin leiar er først og fremst eit forsvar for, at i vårt moderne Noreg, så skal menn framleis få kjøpe kvinner sine kroppar.

Nyheit:

Les også

Her blei sexkunden tatt med buksen nede

Eg trur ikkje BT forstår rekkevidda av sin eigen leiar. Ikkje berre vil ein sexkjøpslova til livs, ein vil også fjerne hallikparagrafen. Og har ein sagt dei to, kjem fort kravet om å gjere prostitusjon om til sexarbeid, og regulere dette som alt anna arbeid. Dette er eit feilspor som Noreg ikkje treng å gjere. Dette er allereie prøvd ut i både Tyskland og Nederland, med alvorlege resultat. Intensjonen har vore å betre vilkåra for menneske i prostitusjon, men ein ender opp med å kraftig auke omfanget av prostitusjon, med mange fleire ofre.

Lova fungerer, og det vart også stadfesta av evalueringsrapporten frå Vista Analyse. Lova har heilt klart redusert etterspørselen og dermed marknaden for prostitusjon i Noreg. Lova har gjort det vanskelegare å utnytte kvinner i prostitusjon i Noreg og gjort det vanskelegare for menneskehandlarar å halde oppe verksemda si. Eit eksempel frå rapporten er EXIT-gruppa til politiet i Bergen, kor sexkjøpslova var ein føresetnad for å få domfelt bakmennene i ei stor menneskehandelsak.

Nyheit:

Les også

«Yasmin» skal ha levd som sexslave i 17 år. No blir ho kasta ut av landet.

Den store sexindustrien undergrev vår oppfatning av likestilling, likeverd og menneskesyn. Og sjølv om det tar tid å få stadfesta endringar i haldningar, så er det gode signal som kjem som resultat av sexkjøpslova. Færre unge meiner det er riktig å kjøpe sex i Norge etter innføringa av lova, og spesielt gledeleg er det at dette gjelder unge menn. I staden for ein «forspilt mogelegheit» er dagens sexkjøpslov ein bauta over eit likestillingsland som i 2008 gjorde det klart at det å kjøpe eit anna menneske ikkje er rett.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg