Feil temperatur i Sogndal

Publisert: Publisert:

OBSERVANT: Innsendaren oppdaga at noko var feil med BTs vêrmelding for Sogndal. Foto: Rune Sævig (arkiv)

Debattinnlegg

Jon Farestveit
Temperaturinteressert

Som lesar av avisene Sogn Avis og Bergens Tidende har eg funne ut at det konsekvent er store skilnader i temperaturprognosar i vêrmeldinga til dei to avisene.

Det har såleis hendt at det har vore opp til ti grader skilnad i prognosane for Sogndal, sjølv om dei to avisene får dine data frå hovudsakleg Meteorologisk institutt. Det ser også ut til at prognosane til «Frivind» i Sogn Avis er dei mest korrekte prognosane, og at BT bommar mest på dei reelle temperaturane.

Eg trur svaret er enkelt nok, og at BT eller dei som leverer data til avisa, har sine målingar frå Selseng i Sogndalsdalen, medan målingane til Sogn Avis er frå Sogndal sentrum. Dette kan gje ganske store utslag på temperaturane.

Svar frå BT

Jon Farestveit har heilt rett, og vi takkar for innspelet. Vi har fått stadfesta frå firmaet som leverer vêrsida i BT, Nyhetsgrafikk, at dei diverre har vist feil temperaturdata for Sogndal sentrum. Denne feilen er no retta, takka vere tipset frå Farestveit. I BT set vi stor pris på innspel om avisa, og vi tek gjerne imot fleire tips og råd på adressa 2211@bt.no. Dersom tipset ditt gjeld debattinnlegg, kan du nytte debatt@bt.no.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg