Forkast straffesporet, Frp

Frp sitt forslag kan føre til høgare terskel for å rapportere feil i helsevesenet.

Publisert: Publisert:

ÅTVARER: Fleire bøter vil neppe virke i kampen mot feilbehandling på sjukehusa, meiner Kjersti Toppe (Sp). Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Debattinnlegg

Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant (Sp)

Åshild Bruun-Gundersen (Frp) vil ha auka straff av helsepersonell ved feilbehandling på sjukehus. Bakgrunnen er blant anna saka frå Haukeland universitetssjukehus der ein mann døydde i akuttmottaket etter uforsvarleg oppfølging.

Forslaget er oppsiktsvekkande. I dag reknar vi med at skade på grunn av feil og manglar skjer i 12 prosent av sjukehusopphalda. Tek vi utgangspunkt i talet på sjukehusinnleggingar i 2018, betyr det at opp mot 100.000 pasientar blir skada årleg. Frp sitt svar er å straffe helsepersonell og skrive ut bøter. Men vil det virke?

Bruun-Gundersen framstiller det som at helsepersonell, i motsetnad til ein yrkessjåfør, ikkje har personleg ansvar om det skjer uheldige hendingar. Det er ikkje rett. Lov om helsepersonell set krav til at helsepersonell skal utføre sitt arbeid i samsvar med krav til fagleg forsvarlegheit og omsorgsfull hjelp.

Statens helsetilsyn kan ved brot på krava gi åtvaringar, tilbakekalle retten til å utøve yrket midlertidig eller straffe med bøter eller fengsel. Lov- og orden partiet Frp vil altså ha meir av det siste.

Å innføre ein hardare personleg straffepraksis vil bryte med hovudlinja i pasienttryggleiksarbeidet, der målet har vore læring og førebygging, ikkje sanksjonar og straff. Straffelina vil kunne føre til at helsepersonell i enno større grad vil vegre seg frå å rapportere om feil som skjer.

Frp sitt forslag vil kunne bety at psykiateren må i fengsel om det skjer eit sjølvmord i psykisk helsevern, eller at turnuskandidaten får bøter om ho oppdagar blodforgiftinga for seint. Den som går fri i eit slikt system, er helseføretaka, leiinga og dei med det overordna ansvaret for arbeidet med kvalitet- og pasienttryggleik. Dei som på sine styremøte burde vore meir opptatt av kvalitetsrapportane enn økonomirapportane.

Bruun-Gundersen skriv at dårleg bemanning i avdelingane er helseføretaket sitt ansvar. Dette er berre halve sanninga. Det er regjeringa sitt sjukehusbudsjett, og Frp sit som kjent i ei fleirtalsregjering.

Regjeringa og Frp har nyleg avvikla den einaste meldeordninga i Norge der helsepersonell kunne melde om uheldige hendingar utan å risikere straff. Meldeordninga etter spesialisthelsetenestelovas §3-3 var eit sanksjonsfritt lærings- og rapporteringssystem med formål om å betre pasienttryggleiken.

Så Åshild Bruun–Gundersen. Slepp no taket i straffesporet. Pasienttryggleik er systemarbeid og altfor viktig til å bli redusert og minimert til eit spørsmål om personleg skyld og skam.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg