Stadig færre konfirmantar?

Påstanden om at stadig færre konfirmerer seg i kyrkja teiknar eit lite nyansert bilete som vi ikkje kjenner oss igjen i.

HØGE TAL: Sanninga er at konfirmanttala for Bjørgvin bispedøme heldt seg svært høge. Det er vi sjølvsagt glade for, skriv biskop Halvor Nordhaug.

Stian Lysberg Solum, NTB SCANPIX
  • Halvor Nordhaug
    Biskop i Bjørgvin

BT har laurdag 4. mai ei fin sak om ein konfirmant som skal halda tale ved borgarleg eller humanistisk konfirmasjon. På framsida står det at «Human-Etisk Forbund opplever solid oppsving», men også at «stadig færre konfirmerer seg i kirken».

Den siste påstanden teiknar eit lite nyansert bilete som vi ikkje kjenner oss heilt igjen i. I Bjørgvin bispedøme (Hordaland og Sogn og Fjordane) opplevde vi ein oppgang i oppslutninga om konfirmasjon det siste året. 90 prosent av døypte 15-åringar som høyrer til Den norske kyrkja vart konfirmerte i kyrkja i 2018 (5220 av 5825 døypte 15-åringar).

TAL: Sidan artikkelen i BT tek for seg Bergen og Sogn og Fjordane, vil det vera rimeleg å nytte tal for Bjørgvin, skriv biskopen.

Elias Dahlen

Året før var talet 89 prosent, medan vi i åra før dette har sett tal på vel 90 prosent. Det stemmer at for Den norske kyrkja på landsplan har det vore ein nedgang dei siste åra. Men sidan artikkelen tek for seg Bergen og Sogn og Fjordane, vil det vera rimeleg å nytte tal for Bjørgvin.

Av årskullet 15-åringar i landet som blir konfirmert, viser ferske tal frå SSB at i Hordaland har 66,1 prosent valt Den norske kyrkja sin konfirmasjon (72,3 prosent om vi ser bort frå Bergen), medan 15 prosent har valt Human-Etisk Forbund sin konfirmasjon. I Sogn og Fjordane viser tala 83,1 prosent kyrkjeleg konfirmasjon, 5,7 prosent humanetisk.

Resten, om lag 10-20 prosent, er ungdom som blir konfirmert i ulike kyrkjesamfunn utanfor Den norske kyrkja eller som ikkje vel konfirmasjon i det heile. Nokre av disse høyrer til andre religionar.

Sanninga er altså at konfirmanttala for Bjørgvin bispedøme heldt seg svært høge. Det er vi sjølvsagt glade for.

Det er i det heile god grunn til å glede seg over alle dei flotte engasjerte ungdomane som vel å bli konfirmert anten det er i kyrkja eller humanetisk.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg