Forby bonuspoeng på flyreiser

DEBATT: På sikt bør det kanskje kome ei form for «prikkbelastning» for å redusere flytrafikken.

MEININGSLAUS: Å få bonus for å fly mest mogeleg, er heilt meiningslaust når me kjenner konsekvensen av utsleppa, skriv innsendaren.

Halvor Solhjem Njerve
  • Anna K. Valle
    Lindås

For mange i landet vårt, er fly ein del av kollektivtilbodet. I ein god del område fins det ikkje reelle alternativ. For andre er fly noko som vert brukt mest til ferieturar og andre tilfeldige reiser. Felles for alle flyreiser er at dei set spor i form av Co2 utslepp.

Me kan ikkje stoppa all flytrafikk, men me kan stoppa ordninga med bonuspoeng. Å få bonus for å fly mest mogeleg, er heilt meiningslaust når me kjenner konsekvensen av utsleppa. Ei avvikling av bonusordninga vil også frigi arbeidstid knytt til skattleggjing hjå arbeidsgjevarar og Skatteetaten.

Avvikling kan vera eit første steg. Kanskje bør det på sikt vurderast ei form for «prikkbelastning», kor reise ut over eit visst tal prikkar påfører den reisande ei eller annan form for karantene eller gebyr. Det kan verta krevjande å utforma regelverk og å følgja det opp – men tanken er hermed sådd.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg