Jo, BT, læreplanane styrkar nynorsken

Ei gradvis tilnærming til sidemål er meir motiverande for elevane.

Publisert: Publisert:

NYNORSK: Som stortingspolitikar med hjarte for nynorsken deler eg ikkje leiaren sitt syn, skriv Frida Melvær, stortingsrepresentant for Høyre. Foto: Oddleiv Apneseth

Debattinnlegg

Frida Melvær
Stortingsrepresentant (H) frå Sogn og Fjordane

«Færre karakterer i norsk gjør det vanskeligere å være nynorskbruker i Norge. Regjeringen er på feil kurs i språkpolitikken», hevdar BT på leiarplass 20. november.

Som stortingspolitikar med hjarte for nynorsken deler eg ikkje leiaren sitt syn. Tvert imot ser eg dei nye kompetansemåla for norskfaget i grunnskulen og vidaregåande skule som ein styrke for sidemålet og ein styrke for nynorsk sin plass i faget.

Les også

Nye læreplaner i skolen: Mer praktisk skoledag for de yngste

Elevane vil bli introduserte for sidemålet på eit langt tidlegare tidspunkt i skuleløpet. Der sidemålet fram til no har kome brått på i 8. klasse, får elevane etter ny læreplan møte sidemålet allereie i 2. klasse og vidare opp gjennom heile skuleløpet.

Dette er nytt, og vil bidra til å gje ein jamnare progresjon og styrke elevane si trening i å skrive på sidemål. Eg er trygg på at dette vil skape betre kunnskap om- og forståing hjå elevane for dei to målformene vi har i Noreg.

Å bli introdusert for sidemålet for første gong, samstundes som ein skal bli møtt med karakterar, kan vere utfordrande for mange 8. klasseelevar. Ei gradvis tilnærming gjennom heile skuleløpet med auka fokus i ungdomsskulen, kan gjere denne introduksjonen enklare og meir motiverande for eleven.

Ikkje minst kan dette bidra til å gjere norskfaget enklare for dei elevane som slit med lese- og skrivevanskar.

I halvårsvurderinga på 8. og 9. trinn skal læraren gje éin karakter i norsk munnleg og ein i norsk skriftleg. Halvårsvurderinga i norsk skriftleg skal ta utgangspunkt i eleven sin skrivekompetanse i både hovudmål og sidemål. Det same vil gjelde for Vg1 og Vg2. I halvårsvurderinga for 10. trinn skal læraren gje tre karakterar, som i standpunktvurderinga etter 10. trinn. Det same vil gjelde for Vg3.

Les også

Norsk er et fag mellom bakkar og berg

Å slå saman karakterane i skriftleg hovudmål og sidemål, som nemd over, vil gje elevane meir tid til fagleg fordjuping og lærarane vil kunne gje betre støtte til eleven si utvikling gjennom tilbakemeldingar.

Frå og med ungdomstrinnet er det presisert at læraren og eleven skal vere i dialog om utviklinga eleven syner i norsk munnleg og i skriftleg hovudmål og sidemål. Å legge til grunn at elevane har hatt mindre tid til opplæring i sidemålet enn hovudmålet er ikkje noko nytt, men ei vidareføring og presisering av gjeldande praksis.

Å kunne begge målformene er viktig i framtidig yrkesliv. Eg er difor glad for at sidemålet har fått større plass i den nye læreplanen. Å slå saman dei skriftlege norskkarakterane i delar av ungdomsskulen og vidaregåande skule er ikkje det same som å fjerne sidemålskarakteren.

Sidemålet, både nynorsk og bokmål, inngår i den samla vurderinga. Kunnskapen dei har tileigna seg vil bli synleggjort gjennom tre norskkarakterar i 10. klasse og i Vg3. Dette er inga kvilepute for elevane –dei må framleis kunne begge språkformene.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg