Kampen for sjølvstende

Hadde sentralstyresmaktene i Madrid gått med på kravet, kan det vera at ein hadde unngått å hamna i dagens situasjon.

Publisert:

SJØLVSTENDEKAMP: Lausrivingsprosessen i Catalonia-regionen nordaust i Spania liknar på den norske for over hundre år sidan: Fredeleg strid og forsøk på forhandlingar med motparten, skriv Johannes Nymark. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

Johannes Nymark
Forfattar av boka «Draumen om Catalonia». Tidl. førsteamanuenis i spansk ved NHH.

Til vanleg får eit land sjølvstende ved å erklæra seg einsidig uavhengig. I dei fleste tilfella skjer dette i samband med ein væpna frigjeringskamp. I Catalonia-regionen nordaust i Spania er det ikkje slik, her liknar dagens sjølvstendekamp meir på den norske: Fredeleg strid og forsøk på forhandlingar med motparten.

Prosessen som førte til at Noreg reiv seg laus frå Sverige i 1905, blir av somme historikarar rekna som eit politisk og diplomatisk meisterverk, spesielt på grunn av at lausrivinga skjedde utan krig. Den norske sjølvstendet blei vunnen etter ei einsidig erklæring frå norsk side. Erklæringa vart etterfølgd av ei folkerøysting som gav knusande fleirtal for unionen, som ein var blitt samd om i 1814 som del av Kiel-traktaten. Denne forplikta Danmark til å avstå Noreg til Sverige.

Det er noko liknande den katalanske regionalregjeringa legg opp til, med den skilnaden at den planlagde folkerøystinga kjem før ei eventuell erklæring om sjølvstende. Den konservative regjeringa til Partido Popular (PP) har ymta frampå om at heile Spania burde delta i ei slik folkerøysting, noko som ville vera ekstremt uvanleg i slike prosessar. I det norske tilfellet frå vel hundre år sidan var det aldri tale om at motparten, svenskane, skulle vera med og røysta.

Les også

Mannen som vil splitte Spania

Den fredelege striden for sjølvstende er blitt lagt merke til langt utanfor Catalonia og Spania sine grenser og har verka positivt inn på legitimiteten mellom katalanarar i kravet om sjølvstende. I alle fall har den generelt pasifistiske katalanske rørsla ikkje støytt frå seg tilhengjarar, slik tilfellet var med ETA-terroren i Baskarland. Det einaste unntaket i Catalonia, Terra Lliure («Fritt Land») mellom 1978 og 1991, blei sterkt avvist av alle andre politiske grupper, og aktivitetane deira gjekk definitivt mest ut over dei sjølve.

Det katalanske samfunnet, med sine 7,5 millionar innbyggjarar, har såleis aldri gitt sentralstyresmaktene i Madrid påskot til ein militær intervensjon. Likevel har dagens PP-regjering skapt frykt og uro med si kontante avvising av all dialog, sin bruk av rettslege instansar for å slå tilbake ein politisk konflikt og ein retorikk som er eigna til å skapa frykt. Katalanske politikarar som er for sjølvstende, viser til at dei har legitimiteten på si side, sidan dei rettar seg etter press frå eit godt organisert grunnplan. På den andre sida tviheld det regjerande PP på legaliteten, at det heile skal vera i samsvar med grunnlova og resten av lovverket.

Les også

Catalonia ønskjer ny folkeavstemming om løsrivelse fra Spania

Den seinaste tida har det heva seg røyster, spesielt mellom konservative juristar og politikarar, til støtte for å nytta den noko uklare § 155 i den spanske grunnlova. Her heiter det at dersom ein region ikkje held seg til lova eller går imot Spania sine allmenne interesser, kan den spanske regjeringa ta «dei åtgjerdene som trengst» for å tvinga den aktuelle regionen til å halda seg innanfor lova. Vilkåret er at Senatet gjev grønt lys. Paragrafen seier ingen ting om eventuell militær intervensjon.

Katalanske tilhengjarar av politisk sjølvstende har funne inspirasjon i uavhengigheitskampane i Skottland og i Quebec-provinsen i Canada. Då den franske presidenten Charles de Gaulle i 1967 ropte «Vive le Québec libre!» – «leve det frie Quebec» – var dette startskotet for tiår med harde diskusjonar i provinsen om eventuell sjølvstende. Folkerøystinga i 1995 viste eit særs jamt resultat: 49,44 prosent for frigjering, 50,56 prosent imot. Resultatet er ikkje ulikt det ein vil kunne oppleva i Catalonia.

Ein annan likskap mellom Quebec og Canada finn vi i situasjonen for mange viktige økonomiske verksemder. Under debatten om politisk sjølvstende før 1995 var det fleire større selskap som flytta hovudkontoret frå Quebec til Toronto i Ontario. I Catalonia kan ein i næringslivet merka ei viss otte for at eit uavhengig Catalonia kan komma til å stå utanfor EU og såleis gå glipp av marknader og støtteordningar. Dette gjeld til dømes den store cava-produsenten Freixenet, med ein godt etablert marknad i utlandet, og forlaget Planeta, som gjev ut mange bøker på kastiljansk, det vi kallar spansk. Elles er næringslivet varsame med å uttrykkja seg offentleg, sett bort frå handelskammeret i Girona-provinsen, som støttar kravet om folkerøysting. Det same gjer FC Barcelona.

Etter folkerøystinga i 1995 har tilhengjarane av sjølvstende vore noko meir lågmælte i Quebec. I 2006 erklærte den kanadiske nasjonalforsamlinga innbyggjarane i Quebec, ikkje provinsen Quebec, for ein nasjon på det kanadiske territoriet. Kva dette i realiteten tyder, er ikkje lett å seia, men katalanske politikarar har sett fram krav om at Catalonia blir rekna som nasjon i over hundre år. Hadde sentralstyresmaktene i Madrid gått med på dette kravet, kan det godt vera at ein hadde unngått å hamna i dagens situasjon. Men Madrid har heile tida nekta for at Catalonia er ein nasjon, sjølv utan eigen stat.

Somme hevdar at Skottland, til skilnad frå Catalonia, historisk sett har vore ein stat som eige kongedømme. Desse ser det slik at Catalonia var veslebror i unionen med Aragón. Sanninga er at Catalonia i lang tid, spesielt i mellomalderen, var den sterke parten økonomisk, med omfattande aktivitetar i Middelhavet. Dessutan må ein ikkje gløyma «les Corts Catalanes», som mange historikarar ser på som den kan henda beste modellen for folkeforsamlingar i mellomalderen. Katalanarane har all grunn til å kjenna seg krye av desse Corts, ein av forløparane for parlament i våre dagar.

Les også

Derfor ble Spania et mål for terroristene

Den katalanske identiteten er meisla ut gjennom hundrevis av år, og blei styrka frå det 19. hundreåret takk vera den økonomiske moderniseringa ‒ som tok til lenge før resten av Spania følgde etter ‒ og kulturelle og ideologiske rørsler som særpregar Catalonia. Ideologisk er Catalonia kjenneteikna av den sterke graden av grunnplansorganisering. Dei viktigaste organisasjonane som ANC («Den nasjonale katalanske forsamlinga») og kulturinstitusjonen Òmnium Cultural, som blei skipa alt i 1961, har vore leiande i kampen for sjølvstende og har pressa på dei katalansk orienterte partia, både på høgre- og venstresida.

Der finst nok dei som vil hevda at det norske eksempelet er litt gammalt, og det er viktige skilnader mellom dei to. Men gjekk sjølvstendet bra for Noreg, som den gongen var lut fattig, skulle det ikkje vera nokon grunn til at det ikkje skulle gjera det for eit økonomisk vel utvikla Catalonia – trass i dommedagsprofetiar frå motstandarane av katalansk frigjering.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg