Urettvist og feil frå Terje Breivik

Hardangerfjord Villfisklag har ikkje gått til angrep på Venstre, slik Breivik skriv.

Publisert: Publisert:

VENSTRE: Venstre-nestleiar Terje Breivik vart skulda av Honaria Bjerknes Hamre for å ofra kampen for villfisken for å få plass i regjering. I Breiviks svar til Hamre, skreiv han at det var Hardangerfjord Villfisklag som gjekk til angrep på Venstre. Det er feil, skriv Sven-Helge Pedersen. Foto: Roald, Berit / NTB scanpix (arkiv)

Debattinnlegg

Sven-Helge Pedersen
Hardangerfjord Villfisklag

Vi viser til Terje Breiviks (V) svar i BT 16. februar på innlegget som han skriv er frå «SV-politiker og medlem av Hardanger villfisklag, Honoria Bjerknes Hamre».

Vi finn det rett å opplyse at Hardangerfjord Villfisklag er ein organisasjon for grunneigarlag, jakt- og fiskelag knytt til vassdraga i kommunane langs heile Hardangerfjorden.

Laget har difor ingen personlege medlemmer.

Det er difor feil å tillegge Honoria Hamre medlemskap i laget vårt.

Det skulle være svært godt kjent at ho er eit særs aktivt medlem i Naturvernforbundet Hordaland.

Det er heller ikkje rett når Breivik vel å skrive «Med dette bakteppet er det vanskelig å forstå hvorfor Hardanger villfisklag velger å gå til angrep på nettopp Venstre, men det får stå for deres egen regning.»

Å tillegge Hardangerfjord Villfisklag andre sine oppfatningar av korleis partiet Venstre har bidrege til å forvalta villfisken i Hardangervassdraga, vert urettvist og feil.

Med bakgrunn i eigne programfesta mål, formuleringar i alternative budsjett og ambisjonar som miljøparti, forstår vi at dette er ei kjenslevar sak for Breivik og Venstre.

Som den fremste politiske ombodsmannen frå Hardangerfjordregionen, vonar vi difor at Breivik og Venstre i regjering maktar å bidra til ei realisering Genbank Hardangerfjord og med det sikre arbeidet for å bevare trua bestandar av laks og sjøaure i vassdraga våre.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg