Trygg barselomsorg for alle er målet

Debatten om føde- og barselomsorga på Vestlandet har spora av, og det er behov for tydelege presiseringar.

Publisert: Publisert:

TETTARE: Alle tenestene som trengst av fødekvinner og nyfødde liggje tettare saman og vere betre organiserte og tilrettelagde for familien enn dei er i dag, skriv innsendarane. Foto: Scanpix / Shutterstock

Debattinnlegg

  • Eivind Hansen
    Administrerende direktør i Helse Bergen HF
  • Herlof Nilssen
    Administrerande direktør i Helse Vest RHF
  • Inger Cathrine Bryne
    Administrerande direktør i Helse Stavanger HF

Faktafeil bidreg til å skremme kvinner i ein sårbar situasjon. Ingen kvinner skal tvingast til å reise heim rett etter ein fødsel.

Mange kvinner ønskjer seg raskt heim etter fødselen. Både i Helse Bergen og i Helse Stavanger jobbar vi no med å leggje til rette for at friske kvinner med friske barn skal ha mogelegheit til å reise tidlegare heim frå sjukehuset etter fødselen dersom dei ønskjer det.

Dette skal vi gjere i tett samarbeid med kommunane i opptaksområda våre slik at dei som vel dette får oppfølging når det gjeld amming, barnets utvikling og eiga helse. Det er ein føresetnad at tilbodet skal vere godt både i spesialisthelsetenesta og i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Det handlar om å styrkje tilbodet om barselomsorg i tråd med nasjonale retningslinjer, og å gi kvinner og familiane deira større valfridom. Dei som skal og bør liggje på sjukehus skal sjølvsagt vere på sjukehus.

Slik er det i dag og slik skal det vere i framtida.

Les også

Den nye barselmodellen er familiebasert omsorg

Stavanger universitetssjukehus bruker i dag ein ombygd etasje i pasienthotellet til barselkvinner på grunn av plassmangel. Dette er innreia og bemanna som ei vanleg barselavdeling.

Når det nye sjukehuset opnar i 2023, er det utelukkande med einerom på alle avdelingar som er tilrettelagde med sengeplass for éin pårørande. Det er altså ikkje planlagt færre barselrom enn i dag, også medrekna pasienthotellet.

Også på Haukeland universitetssjukehus blir det einerom og familierom godt tilrettelagde for både fødsel og barsel. Her er ei av nyvinningane at føden flyttar saman med nyfødtavdelinga slik at dei sjuke barna og familiane deira kan vere saman heile tida.

Både på det nye sjukehuset i Stavanger og i nytt bygg på Haukeland, vil alle tenestene som trengst av fødekvinner og nyfødde liggje tettare saman og vere betre organiserte og tilrettelagde for familien enn dei er i dag.

Les også

Eirin Eikefjord: Det store barselsviket

Lang liggjetid er ikkje det same som god barselomsorg. Ei kvinne blir i dag liggjande i snitt 2,7 dagar på sjukehuset etter ein fødsel. Vi tilpassar liggjetida til situasjonen rundt kvinna, noko som vil skje i framtida også.

Kor lenge ei kvinne og barnet hennar er på sjukehuset etter ein fødsel, vil mellom anna avhenge av utviklinga av jordmortenestene i kommunen, den medisinske utviklinga og kor godt nye bygg og tenester varetek barselkvinnene.

Utgangspunktet vårt er at svangerskap, fødsel- og barselomsorg skal vere heilskapleg og gi eit best mogeleg tilbod til kvinner og barn og familiane deira.

Føde- og barselomsorga på Vestlandet har segla opp som eit heitt tema i det siste. I denne saka har vi som utformar føde- og barseltilbodet, både spesialist- og kommunehelsetenesta, same mål som kvinnene.

Nemleg eit trygt og godt tilbod for alle fødekvinner, dei nyfødde barna og familiane.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg