Tåkeprat om internett på eksamen

Utdanningsdirektoratet er ikkje akkurat til hjelp for lærarar som er bekymra for rettferda i vurderingssystemet.

Publisert Publisert

JUKS: Løysinga til Utdanningsdirektoratet er å sende problema over til lærarar og sensorar, og i tillegg gjere jobben enno vanskelegare, skriv innsendar. Foto: Rune Meyer Berentsen

Debattinnlegg

  • Kim Idar Krogsethagen
    Lektor i engelsk og norsk ved Stend vidaregåande skule.
  1. Leserne mener

22. mai 2018 publiserte BT eit lesarinnlegg frå lærarar ved Knarvik vidaregåande skule. Dei peikar mellom anna på at elevar har «mange muligheter til å jukse» på skriftleg eksamen grunna tilgang til internett. Dagen etter svarer avdelingsdirektør Marthe Akselsen frå Utdanningsdirektoratet (Udir) på bekymringane til Knarvik-lærarane i innlegget «Internett er en naturlig utvikling av eksamen». Knarvik-lærarane svarte Utdanningsdirektoratet at dei ikkje var beroliga.

Akselsen sitt innlegg er prega av svært generelle formuleringar og vitnar om at Udir til ein viss grad anerkjenner at det finst problem, eller «utfordringer», som Akselsen kallar det, men at det ikkje er deira problem. I tillegg verker Udir å vere svært naive. Akselsen slår fast at sjølv om ein har tilgang til internett, så er det ikkje «lov å chatte, skrive sammen i dokumenter, eller på andre måter kommunisere med mennesker eller maskiner. Elever som tar eksamen i språkfag, jukser om de bruker oversettelsesprogrammer».

SLUSAR VIDARE: Utdanningsdirektoratet ved avdelingsdirektør Marthe Akselsen (biletet) sender problema over til lærarar og sensorar, skriv innsendar. Foto: Utdanningsdirektoratet

Problemet er jo ikkje at ein ikkje veit kva som er lov og kva som er juks. Hadde det vore tilstrekkeleg å vite det, så hadde ingen juksa. Juks er ikkje noko nytt. Elevar har skrive av kvarandre lenge før datamaskinane og internettet gjorde inntog i skulen. Men teknologien byr på nye mogelegheiter. No er det ikkje berre mogeleg å skrive av kvarandre eller skrive for kvarandre. Ein kan òg finne eller kjøpe tekstar utan å gjere noko sjølv i det heile tatt - sjølv omsetje tekstar frå eit anna språk - eller bruke program til det same.

Omsetjingsprogramma er allereie så gode, at det er umogeleg å oppdage slikt juks dersom ein ikkje kjenner nivået til eleven. Faglærarar kjenner elevane sine og den enkelte elev sitt nivå, og dermed er det ofte, men ikkje alltid, lett å oppdage når noko ikkje stemmer på vurderingar. For sensorar er det ikkje lett, faktisk bortimot umogeleg, slik Knarvik-lærarane peikar på. Korleis skal ein sensor vite om eleven har brukt omsetjingsprogram? Eleven kan jo berre vere veldig god i tysk?

Nokon vil kanskje argumentere med at det er eit tidsspørsmål før mobiltelefonen eller noko anna simultanomset munnleg kommunikasjon. Det er sikkert rett, men betyr det at ein skal leggje ned framandspråksundervisninga?

Eg skal ikkje ta denne diskusjonen her, men eg kan dele ein del av ein samtale eg hadde for nokre dagar sidan med ein kollega som er matematikklærar. Han viste meg ein app som kan «lese» reknestykket og gi brukaren svaret og utrekningsmetode. Betyr dette at ein kan leggje ned matematikkundervisninga òg? I so fall veit eg om mange elevar som vert glade. Poenget med denne anekdoten er at det ikkje berre er Knarvik-lærarane som er bekymra, og ein er ikkje berre bekymra for eksamen med tilgang til nett.

Les også

Datatabbe åpnet for eksamensjuks

Betyr dette at lærarar ikkje vil at elevane skal lære seg å bruke og vere kritiske til kjelder? Sjølvsagt ikkje. Dette er noko av det viktigaste elevar skal lære seg, i alle fall dersom dei vel ei studieførebuande linje. Vi jobbar mykje med kjeldebruk. Det er rammene vi er bekymra for. Ein treng ikkje ope nett for å teste om elevar meistrar kjeldebruk. I nokre eksamensfag har ein førebuingsdel og førebuingstid, og elevane kan ha med seg det dei vil på eksamensdagen. Nettet er stengt under eksamen, men ein får likevel testa kompetanse knytt til kjeldebruk.

Utdanningsdirektoratet høyrer openbart til dei som meiner at ettersom alle har tilgang til nett på jobb og i kvardagslivet, så kan og må elevane òg få tilgang til dette: «Tilgang til internett er en naturlig del av vårt moderne hverdags- og arbeidsliv. Derfor må også vi i utdanningssektoren møte utfordringene og mulighetene den digitale virkeligheten gir oss».
Kva gjer Udir eigentleg for å møte desse utfordringane? Løysinga til Utdanningsdirektoratet er å sende problema over til lærarar og sensorar, og i tillegg gjer dei jobben vår endå vanskelegare.

Svaret frå Akselsen er ikkje akkurat til hjelp for lærarar som er bekymra for rettferda i vurderingssystemet. Ein kan vel òg anta at dei elevane som er interessert i å «vise hva de faktisk kan fremfor å ta sjansen på å jukse eller plagiere andre», er bekymra for det same.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg