Forsiktig, Hareide!

Regjeringssamarbeid med fløypartia, uansett side, vil gjere KrF sjølv til ein outsider og kamelslukar.

Publisert Publisert

UTAKTISK: Hareide sin tale var svært imponerande, men reaksjonane i etterkant syner vel at ein kan stille spørsmål om kor taktisk regien var, skriv innsendaren. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Sivert Jan Ommedal
    KrF-medlem, Gloppen
  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Trass i at KrF har vore synlege og fått mykje politisk gjennomslag, ser ein at partiet den sist tida har tapt oppslutnad og mister medlem. Uklare signal om retningsval, støtte til upopulær regionreform og ei mykje omtala vigsle kan vere nokre av fleire årsaker. No vil Hareide vurdere samarbeid mot venstre. Er det lurt?

Innanfor partiet ser ein to ulike innfallsvinklar til utfordringane. På den eine sida: Korleis bruke partiet sin posisjon til å få maks politisk gjennomslag? Og på den andre sida: Enkelte vegval vil ha manglande støtte, og kva konsekvens har det å ikkje ha veljarane i ryggen?

Eg har lese Hareide sin tale og er svært imponert av partileiaren. Men utspelet om retningsendring er eg tydelegvis ikkje åleine om å stusse på. Reaksjonane i etterkant syner vel at ein kan stille spørsmål om kor taktisk regien var. Mange profilerte KrF-arar kjem no må på banen for å «roe gemytta». Det er ikkje eit godt teikn.

Knut Arild Hareide er klok, han har ofte rett. Men når dei som har vore medlem i fleire tiår melder seg ut, er det ikkje ei impulshandling. Dei har kanskje kjent misnøye over tid, men venta i det lengste fordi dei ikkje har andre stader å gå. Så kan ei sak der partiet kompromissar med det som for den enkelte er grunnleggjande verdiar og vegval, vere umogeleg å leve med.

Dersom ein ynskjer at KrF sin politikk skal få gjennomslag, tenkjer eg sjølvsagt at å melde seg ut er det siste ein bør gjere. Fordi det er ingen andre parti som KrF på Stortinget. Ein bør heller bli verande, eventuelt melde seg inn, og påverke. Og så må leiinga i KrF forvalte veljarane sin tillit med klokskap.

Partiet har ikkje råd til politiske eksperiment. Sjølv om KrF har stor politisk makt akkurat no, kan endra maktbalanse mellom partia ved neste stortingsval parkere KrF heilt på sidelinja.

Les også

Morten Myksvoll: – Hareide er klar til å felle Erna Solberg. Det kan vere slutten på hans tid som KrF-leiar.

KrF kan ikkje gå inn i dagens regjering sidan partiet har lova at det ikkje vert aktuelt å vere i regjering saman med Frp. Å bryte ein så tydeleg og viktig lovnad gjer ein ikkje ustraffa. KrF kan heller ikkje gå i regjering saman med Ap med SV på lasset. Vissa om fullstendig disharmoni i viktige verdispørsmål gjer at mange «ser raudt» berre ved tanken.

Regjeringssamarbeid med fløypartia, uansett side, vil gjere KrF sjølv til ein outsider og kamelslukar. Dei ulike fløyene innanfor partiet har vore og vil framleis vere der. Men no er tida inne for å samle rekkene og dyrke si eiga sjel.

KrF høyrer til i sentrum. No er maktbalansen på Stortinget slik at ingen regjeringsalternativ klarar seg utan KrF. Difor bør partiet framleis stå fast på og arbeide for ei sentrum-Høgre regjering. Å ta ei nøkkelrolle i sentrum, og invitere sentrumskameratane tilbake, trur eg er det einaste alternativet som gjer partiet relevant vidare framover.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg