Vi må ta på alvor at elevane ønskjer eit rettferdig system

Viss ein tar vekk eksamen, går ein i praksis inn for å auke makta kvar skule har over karakterpoenga til elevane.

IKKJE VALFRITT: Utdanningssektoren i Noreg er underordna eit strengt, karakterbasert opptakssystem til høgare utdanning. Elevane kan rett og slett ikkje velje vekk Samordna opptak, skriv innsendarane. Tor Høvik (illustrasjonsfoto)

  • Lillian Nesheim, Maria B. Solheim, Mona Brekkan, Sæbjørg Hageberg Kjeka, Hege Cruickshank og Marianne Senneseth
    Lærarar ved Knarvik vidaregåande skule

Eksamensordninga i vidaregåande skule er endra, og me har skrive eit par kritiske innlegg om dette. Arild Raaheim, professor ved Institutt for pedagogikk ved UiB, etterlyser at lærarane ikkje er meir kritiske til eksamen: «Personlig er jeg mer bekymret over lærernes forsvar av eksamen», skriv han. Spørsmålet om fusk og plagiering til eksamen er han meir uklar om.

Det går ikkje an å velje vekk dei delane av saka ein ikkje likar. Me vil minne om eit heilt opplagt poeng: Utdanningssektoren i Noreg er underordna eit strengt, karakterbasert opptakssystem til høgare utdanning, og så å seie alle som vil studere, er deltakarar i denne konkurransen. Elevane kan rett og slett ikkje velje vekk Samordna opptak. Når ein har eit så rigid system som dette, og så opnar for fri tilgang til internett til eksamen, kan ein ikkje berre dreie debatten over på noko anna.

Les også

Åpent internett på eksamen: Legger opp til eksamensjuks

Raaheim skriv at eksamen handlar om å «kontrollere i hvilken grad elevene har tilegnet seg bestemte forhåndsdefinerte løsninger i forhold til bestemte kompetansemål». Men i dag vil ei typisk eksamensoppgåve i mange fag invitere eleven til å skrive sjølvstendig, kreativt og kritisk. Eksamen handlar om å «slå ned på og straffe feil», skriv han, men i dag kan elevane løyse oppgåvene på svært ulike måtar. Sensorane blir systematisk trente i å leite etter kvalitetane ved svaret, og ikkje sjå etter det som manglar.

Raaheim meiner dei vurderingane lærarane gjer, altså standpunktkarakter, held lenge. Igjen hoppar han over rammene skulen opererer innanfor. Viss ein tar vekk eksamen, går ein i praksis inn for å auke makta kvar skule har over karakterpoenga til elevane.

Les også

Tåkeprat om internett på eksamen

Dette er langt frå uproblematisk. Hugs at den vidaregåande skulen opererer i eit farvatn med rangeringar, fritt skuleval og kommersielle aktørar med karaktergaranti. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at skulane kjem under press for å gi elevane dei karakterane dei vil ha.

Eksamen kan vere krevjande, men det å måtte prestere under tidspress, er noko alle vil oppleve. Slik er det i arbeidslivet òg. Nokre gonger har ein god tid, andre gonger må ein jobbe raskt. Eksponeringsterapi er smart, og det fungerer faktisk. Mange elevar slit minst like mykje med å snakke høgt i ei forsamling, men det er jobben vår å hjelpe dei med å greie dette. Kvifor skal me tenkje annleis om skrivesperre? Eller om alle dei andre ubehagelege situasjonane dei kjem ut for?

Det finst fleire måtar å hjelpe elevane på, og ein måte er å la dei få øve seg på å greie å prestere sjølv om dei har tidspress. Det er ei trening i å meistre livet. Ein annan er å ta på alvor at elevane ønskjer eit rettferdig system for opptak til høgare utdanning. Det er trass alt framtida deira det handlar om.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg