Er eg «eliten»?

Foreininga for Gretne Gubbar og Illsinte Kvinnemenneskjer vil nok klassifisere meg som ein tverrnavar og skitstøvel.

IKKJE FOR MEG: Eg er nok ikkje ein del av den kulturelle eliten, for eg går ikkje på kunstutstillingar, og meiner på ramme alvor at Ole Ivars er kjekkare å høyre på enn sminkefjollen David Bowie, skriv innsendaren.

NTB scanpix
  • Arnt Ove Hopland
    Bergen

I ein oppheta diskusjon eg hadde nyleg, utbasunerte min etter kvart argumentlause motpart at «det der er typisk eliteprat!». Eg må innrømme at sjølv om vi stadig høyrer denne typen utsegn i den offentlege debatten, har eg aldri grunna noko meir over kva dette eliteomgrepet eigentleg tyder.

Men no sit eg altså her, ein enkel kar frå bygda, og lurer fælt. Er det eg som er eliten?

Etter å ha grubla så hardt over dette eksistensielle spørsmålet at eg i dagevis har skofta mine plikter både heime og på arbeid, er eg framleis ikkje nærmare nokon konklusjon.

Eg har nok mange trekk av elite i meg. Eg har studert så lenge at eg kan pynte meg med den høgaste akademiske grada som finnast, og gjort karriere som forskar. Når eg legg fram resultat av forskinga mi, lyttar både dei som tek politiske avgjersler og framifrå internasjonale professorar. Eg er òg ein mann som les og følgjer med på både lokale og internasjonale debattar, og er ikkje skotredd når det kjem til å gå i klinsj med nettroll som spreier konspirasjonsteoriar om alt frå klima til norsk helsevesen.

Les også

Derfor er det utenkelig at kongebarna velger rørleggerlinjen

Foreininga for Gretne Gubbar og Illsinte Kvinnemenneskjer vil nok derfor klassifisere meg som ein tverrnavar og skitstøvel frå eliten. Om vi legg til at eg ved dei fleste val har stemt Arbeidarpartiet eller Høire (som skal stavast med i, ikkje den vulgærfolkelege y-en), sjølve symbola på den byråkratiske og politiske eliten, ligg det an til ein klar dom. Denne mannen må vere ein elitist.

Men det er ikkje så enkelt. Sjølv om eg som akademikar tener nok til å leve eit komfortabelt liv i eit rekkjehus i Åsane, må ein bruke ein særs spesiell definisjon av elite for å hevde at eg er ein del av den «økonomiske eliten».Og sjølv om arbeidet mitt gjev meg ein viss påverknadskraft, har eg ingen direkte makt, og langt mindre påverknadskraft enn alle desse «anti-elitistane» i regjeringspartiet Framstegspartiet og stortingspartiet Senterpartiet.

Så ein del av makteliten er eg iallfall ikkje. Eg er nok heller ikkje ein del av den kulturelle eliten, for eg går ikkje på kunstutstillingar, og meiner på ramme alvor at Ole Ivars er kjekkare å høyre på enn sminkefjollen David Bowie. Den urbane eliten passar eg heilt sikkert heller ikkje inn i. Eg bur i byen berre på grunn av jobben, og ser eg ein ulv, så skyt eg, grev han ned og teier stilt om det. Skikkelege elitistar vil nok derfor konkludere knallhardt med at «Hopland er ein fjøsnisse og ikkje ein av oss».

Så her sit eg, eigentleg like langt unna eit svar på det opphavlege spørsmålet, men kanskje litt klokare likevel. Eg trur nemleg at eg har kome til botn i kva som er sjølve definisjonen på «eliten».

Heilt ærleg, er det ikkje eigentleg berre «alle dei med ein eller annan form for påverknadskraft som du er ueinig med»?

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg