Kjeks og kake høyrer ikkje heime i matboksen

Matpakka påverkar både undervisning og læring.

Hanne Mjåseth er lærar i barneskulen og ser stadig fleire matpakkar med liten næringsverdi.
  • Hanne Mjåseth
    Lærar
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg jobbar som lærar i barneskulen og har for tida brøla høgt ut om matpakka til dagens elevar. Når blei det eigentleg innafor å ha med seg mellombar, kjeks, kakestykke eller bollar på skulen?

Eg har snakka med andre lærarar som ser denne eksplosjonen, både på kryss og tvers i landet. Til og med tilsette i barnehagen ser denne type mat i boksen til to–tre-åringar. Matpakka må tydelegvis snakkast meir om, både på lærarrommet, foreldremøte og med elevane. Skulen og barnehagen skal vere helsefremmande. Likevel har mange barn sitt første møte med is og sjokolade i barnehagen.

Må denne «kosen» vere i arenaer som barnehage og skule? Det er nok av anledningar barn møter slik mat frå før av – i bursdagar, feriar, helger, familiebesøk, avslutningar og idrettsarrangement. Lista er lang, og sistnemnde er ein spøk, spør du meg!

Det er synd når barn som har næringsrike matpakker, byrjar å synast at si eiga matpakke er kjip, meiner innsendaren.

Sjå for deg «Kari» ni år. I matboksen hennar ligg det litt frukt og grønt, grove skiver og fiskekakerestar frå gårsdagens middag. Ei matpakke som vil gi Kari den energien ho treng til å halde ut heile skuledagen. Ein dag byrjar Kari å legge merke til kva dei andre har med seg. Ho ser mellombarar, kjeks, donuts og skulebollar.

Det er berre eit tidsspørsmål før Kari byrjar å gjere opprør heime.

Mat er for mange personleg og eit risky område å snakke om. Mange er likevel klar i sin tale: Eg trakkar langt over mine grenser, matpakka er ikkje læraren sitt ansvar, og eg må slutte å undervurdere foreldre. Eg får høyre at eg skal passe på at det ikkje blir for stort sunnheitsfokus i skulen, at så lenge folk et, så er det meir enn godt nok.

Det å prate om mat triggar mange. Det triggar nok ekstra hos dei som allereie har eit problematisk forhold til mat. Det er eg 100 prosent innforstått med. Verda kan vere fin for mange og jævlig for andre. Mange har nok med å berre halde seg i live! Vonde opplevingar og traume oppstår, og når angsten blir så stor og uthaldeleg, bruker mange mat som trøyst. Eg har gjort det sjølv.

Mange av dagens ungar vert fostra opp på ultraprosessert mat. «Tidsklemma» mange foreldre kjenner på i dag, er eit faktum. Det er forventa at begge foreldre skal jobbe 100 prosent, få mange barn, halde heimen i sjakk og fungere på fleire andre område.

Ungar skal følgjast opp og køyrast hit og dit. Mange foreldre står også med alt av ansvar og det økonomiske aleine. Summen av alle disse faktorane vil så klart påverke matkvaliteten for dagens barn og vaksne. Ved å ha litt klare retningslinjer for mat i skule og barnehage, vil vi kunne nå ut til alle barn. Det ville hatt ein massiv effekt på folkehelsa!

Forsking seier at barn som har eit godt kosthald i ung alder, vil takle livets utfordringar betre enn dei med eit dårleg kosthald. Og som lærar kan eg forstå dette. Eg har sett ungar som vert trøytte og ufokuserte på skulen. Å halde ut til siste time kan vere strevsamt for mange. Spesielt om faget er gørr og læraren er kjedeleg. Snork! Sjølv om maten er bra heime, ser eg likevel kva den matpakka gjer med elevane på skulen. Dei barna som har med seg ein god og mettande lunsj, er meir konsentrerte og får større gevinst av undervisninga.

Bør lærarar gje beskjed til foreldra viss barn har usunn mat i matpakka?

Eg vil applaudere kommunar som tilbyr gratis skulemat og barnehagar som har fokus på råvarer, varierte rettar og eit stort inntak av plantemat. Dette er med på å bygge opp ein sterk tarmflora, som er viktig for vekst og utvikling. Dette er med på å jamne ut forskjellar. Måtte mat i skule og barnehage kome meir i fokus i tida framover.

Til foreldre som føler seg råka av innlegget, vit at peikefingeren min er retta mot samfunnet. Vit at dette kjem berre frå ein god plass. Eit ønske om god helse for dagens ungdommar!

Publisert: