KrF provoserte eigne veljarar

Det ser for meg ut til at det ikkje var samarbeidet som kosta, men at ein ikkje stod ved det når det gjaldt.

Publisert Publisert

STORE FORSKJELLAR: For vel er det ei råk mellom Frp og KrF. Men det er eit hav mellom det ateistiske SV og venstresida i Ap og oss alle på ikkje-sosialistisk side, skriv Roald Stigum Olsen. Foto: Junge, Heiko / NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Roald Stigum Olsen
    Leder Vestland Senior Høgre
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Tru er viktig. Den gjev oss kompass i livet. Men for nokre dagar sidan fekk vi eit innlegg i denne avisa frå Harald Myklebust, tidlegare leiar i KrF Åsane, som grensa mot overtru. Han kom med ei myte om at det er samarbeidet med Høgre og Frp som har kosta KrF stemmer. Eller som han sa det: «Frp provoserte for mykje og i for mange saker til at KrF kunne halde fram i den forpliktande avtalen, som kosta KrF dyrt (mista ei fjerdedel av stemmene).»

Vi som har stått på stand i valrørsla og banka på dører hjå tidlegare Krf-veljarar har ei litt anna historie å fortelje. Det er ei historie om eit parti som provoserte eigne veljarar. Vi møtte dei, og vi høyrde dei når dei vitja nabostanden med den gule farga. Dei sa «vi stolar ikkje på dykk, kven er det eigentleg de vil ha som statsminister».

Jau då, vi møtte og dei som sa at dei ikkje ville stemme Høgre på grunn av Listhaug. Men når vi såg på valresultatet, synte det ikkje igjen.

Les også

KrFs totale krise

Så eg sjekka litt. Kvar gjekk dei 1,4 prosent veljarar som KrF mista. Om det var samarbeidet som kosta, så ville dei vel gå til nokon som ikkje samarbeida med Høgre eller Frp, ikkje sant?

Men tal eg har kunne sjekke, seier noko heilt anna. Krf-veljarane gjekk ikkje til venstre i det politiske landskapet. Dei gjekk til høgre, og då i all vesentleg grad til partiet Høgre.

Det kan sjå ut som om veljarane var nøgd med samarbeidet, og at dei var meir provosert over at ikkje KrF gav klårt svar på kven dei ville samarbeide med?

Les også

Høyre ville hjelpe KrF i valgkampen, men ble møtt med kald skulder

Det ser for meg ut til at det var KrF som provoserte eigne veljarar, ikkje andre. At det ikkje var samarbeidet som kosta, men at ein ikkje stod ved det når det gjaldt.

Så kanskje hadde ikkje KrF mista veljarar til Høgre om dei hadde vore tydelegare på at dei stod på den ikkje-sosialistiske sida. Da hadde ikkje desse veljarane måtte hoppa over til Høgre for å vere trygg på statsministervalet.

For vel er det ei råk mellom Frp og KrF. Men det er eit hav mellom det ateistiske SV og venstresida i Ap og oss alle på ikkje-sosialistisk side.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Eg set mi lit til Hareide

  2. KrF må velge side

  3. Frp har trakka på sjela til KrF

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg
  1. Kristelig Folkeparti (KrF)
  2. Stortingsvalg 2017