Skammeleg

Det er skammeleg at Nobelkomiteen har sett bort frå den eine av dei to viktige partane i den seks år lange fredsprosessen i Colombia.

Nobels fredspris 2016: Kaci Kullmann Five, leder av Nobelkomiteen, og komiteens sekretær Olav Njølstad (i bakgrunnen), offentliggjør Colombias president Juan Manuel Santos som vinner av årets fredspris på Nobelinstituttet i Oslo fredag.

Junge, Heiko / NTB scanpix
  • Toril Mongstad
    Lindås

Dei fleste som har opplevd å vera involvert I ei konflikt på ein eller annan måte, veit godt at i ei konflikt er det minst to partar.

Partane som er involverte må ta ansvar, bidra, gje og ta, for å få til ei løysing på konflikten. Utan denne innstillinga frå begge partar, vil konflikten stå uløyst.

I Colombia er desse to partane regjeringa ved presidenten, Juan Manuel Santos og FARC med sin leiar, Rodrigo Londoño. Desse to har i fellesskap fram-arbeidd ei avtale som dei begge har både ansvar og æra for.

Dette ser det ut til at Nobel-komiteen har sett bort frå i årets tildeling av fredsprisen. Kaci Kullmann Five sine honnørord til det colombianske folket og andre partar, tek ikkje bort den realiteten at FARC ikkje fekk vera med å dela prisen. Komiteen har sett bort frå den eine av partane i denne over 50 år lange konflikten.

Det har vore tradisjon i Nobelkomiteen for å løna begge partar som i fellesskap har arbeidd fram ei løysing på ein vanskeleg konflikt. Det er nok å nemna Yasser Arafat og Shimon Peres, Le Duc To og Henry Kissinger.

Det er utruleg og nesten skammeleg at Nobelkomiteen har sett bort frå den eine av dei to viktige partane i den 6 år lange prosessen for å slutta fred i Colombia. Grunngjevinga for dette får me aldri vita.

Santos fortener å få prisen. Det gjer også FARC og det er synd at Nobelkomiteen ikkje ville gje dei den æra og påskjøninga.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg