Treng vi Holbergprisen?

KULTURDEBATT: Holbergprisen skal dekke ei heil rekke fag, frå økonomi, til filosofi. Kven kan vurdere forsking innanfor eit så vidt spekter?

Publisert Publisert

Debattinnlegg

  • Gunnar Skirbekk
    Professor emeritus, filosofi, UiB

Gunnar Skirbekk

Holbergprisen er ein raus pris, på 4,5 millionar offentlege kroner, som årleg blir delt ut «for fremragende vitenskapelig arbeid innen humaniora, samfunnsvitenskap, juss og teologi».Det har stått strid om Holbergprisen, heilt frå første stund, då prisen i 2004 vart tildelt Julia Kristeva.

Fjorårets tildeling var skandale

Det er i og for seg greitt at prisen vekkjer debatt. I slike saker kan det vere grunnlag for ulike faglege perspektiv og vurderingar. Men ikkje alltid. For eksempel var fjorårets tildeling, til Bruno Latour, påviseleg ein skandale, som stiller fagkomiteens kompetanse og integritet i eit uheldig lys — jamfør omtale i «Nytt Norsk Tidsskrift» 2/2014. Men problemet stikk truleg djupare. Det er grunn til å spørje om ikkje problemet med Holbergprisen gjeld forholdet mellom målsetjing og fagprofil.

Med tanke på målsetjing og ambisjonsnivå, blir Holbergprisen presentert på denne måten: «Prisen tildeles forskere som har gitt et fremragende bidrag, enten innenfor ett av prisens fagområder eller ved tverrfaglig virksomhet. Prisvinneren skal på avgjørende måte ha påvirket internasjonal forskning på området.»

Kva ligg i dette? Er det tale om ei generell stimulering innanfor eitt eller fleire av dei nemnde fagfelta? Eller er det tale om å etablere ein ekvivalent til Nobelprisane i fysikk, kjemi og medisin/fysiologi?

Problem med fagkompetansen

Dersom ambisjonen er å etablere ein Nobelpris for humaniora, samfunnsfag, juss og teologi, har vi straks eit problem med tanke på fagkompetansen til medlemmene av den sakkunnige komiteen. Komitésamansetjinga kan sikkert vere vanskeleg nok for fag som fysikk, kjemi og medisin/fysiologi. Men Holbergprisen skal dekke ei heil rekke med fag: alle juridiske fag, alle teologiske fag, alle samfunnsfag, frå økonomi til sosialantropologi, og alle humanistiske fag, frå historie og filosofi til lingvistikk og litteraturvitskap. Kven kan vurdere «fremragende bidrag», som fornyar internasjonal forsking, innanfor eit så vidt spekter av fag?

Rett nok, det kan vere tilfelle som er heva over tvil. Det er nærliggjande å nemne Jürgen Habermas. Men kva med dei som leverer viktige og fornyande bidrag innanfor eit spesialisert forskingsfelt? Eit eksempel kan vere Karl-Otto Apel, som avgjort er nyskapande på sitt felt, men som berre er tilgjengeleg for dei som arbeider i feltet. Han vil truleg vere sjanselaus i denne samanhengen.

Må gjere endringer

Då har vi to val. Anten kan vi renonsere på ambisjonen om å etablere ein ekvivalent til dei klassiske Nobelprisane for alle desse faga. Eller vi kan vurdere andre institusjonelle grep.

Det er ikkje godt å vite kva som ville vere det beste grepet. Éin idé kunne vere å la prisen alternere, frå år til år, mellom ulike fagfelt. Men heller ikkje dét er ei god løysing, ettersom kvar av desse fagområda rommar mange disiplinar og spesialitetar. Dessutan ville ei slik ordning ikkje ta vare på interessante bidrag på tvers av faggrensene, jamfør Habermas.

Ein annan idé kunne vere å spisse prisen for visse fagfelt, innanfor det vide feltet som prisen i dag skal dekke. Til dømes berre for historieforsking eller berre for statsvitskap. Det vil kunne sikre ein internfagleg kvalitet. Men då vil mange fag falle utanfor. Dessutan kan dette føre til at den tverrfaglege fagkritikken blir skadelidande, og det ville vere uheldig for dei faga det her er tale om, der kritisk refleksjon over eigne føresetnader er viktig.

Ein tredje idé kunne vere å vurdere prinsippa for utveljing av komitémedlemmer på nytt. Er kriteria gode nok? Og kva med ei raskare utskifting?

Uansett, fire og ein halv million er mykje pengar. Så kva gjer vi, med Holbergprisen? Skal vi reformere han? Eller avskaffe han? Eller hangle vidare, som hittil - med is i magen og eit fromt håp om at det ikkje blir fleire rare vedtak?

I alle fall, prisen bør drøftast, sakleg og kritisk - ikkje berre ved sure merknader til enkeltsaker, med etterfølgjande forsvarstalar, men i ro og mak, og med fokus på dei grunnleggjande utfordringane.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg